Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Loppemarknad" som stikkord

Kari Stokke

29.08.2019

Loppemarknad på Sæbø bedehus 14. og 15. september

Gjenbruk er aktuelt som aldri før og 14. og 15. september vert det endeleg loppemarknad på Sæbø bedehus. Om du lenge har tenkt at det er på tide med ei opprydding har du sjansen no. Vi set stor pris på å få fullt brukbare ting du ikkje har bruk for lenger. Det som er skrot for nokre kan vere verdfulle skattar for andre.

Kvitevarer, store møbler / møblement, klede, sko og bokverk kan vi IKKJE ta imot.

Pakk ned i kassar og levér på bedehuset 9.-13. september kl. 18.00 - 20.00

Les heile

Kari Stokke

13.05.2019

Sommarlaurdag på Sæbø

Laurdag 1. juni opnar Nilsbuda på Sæbø og det vert plantedag med sal av sommarplanter utafor Sæbø bedehus. Inne på bedehuset kan du kjøpe smørbrød og kaker. Galleri Taklo opnar i 2. etasje i Sæbø Damskipsekspedisjon.

Les heile

Kari Stokke

23.09.2016

Klar for loppemarknad i helga!

Då er vi klar for loppemarknaden laurdag og søndag.
Vi har fått fantastisk mange lopper og dugnadsgjengen har vore på plass kvar kveld denne veka for å pakke ut alle kassene som har vorte avlevert.
Ta turen då vel, her er mykje spennande å finne!

Les heile

Kari Stokke

19.09.2016

Loppemarknad laurdag og søndag

Det nærmar seg loppemarknad på Sæbø og i ettermiddag startar vi mottak av "lopper".

Det er alltid utruleg spennande å opne poser og kasser som vert levert og vi har eit håp om at det kjem mykje flott også denne gongen.

Les heile

Kari Stokke

11.08.2016

Loppemarknad på Sæbø

Laurdag 24. og søndag 25. september er det igjen klart for loppemarknad på Sæbø.
Det dårlege sommarvéret vi har no er perfekt til å rydde litt ut av skuffer og skap.

Les heile

Kari Stokke

02.03.2016

Klebyttedag og loppemarknad

Vi har så vidt starta på den første vårmånaden og mange er i gang med opprydding i skuffer og skap.
Ikkje kast ting og klede som kan brukast!
I april vert det klebyttedag og 24. september vert det loppemarknad på bedehuset på Sæbø.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

23.08.2014

Loppemarknad på bedehuset.

Hausten er loppemarknadstid, også på Sæbø.

Helga 13 og 14 september er det for femte gong duka for loppemarknad på Sæbø bedehus.

Les heile

Kari Stokke

25.09.2012

Loppemarknad

Laurdag og søndag vert det loppemarknad på Sæbø bedehus.
Skulle du ha rydda litt i heimen før vinteren set inn?
Om du har brukbare ting du ikkje treng lenger kan du levere dei denne veka.
Vi kan ikkje ta imot store møblar, kvite- og brunevarer eller kle og sko.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

08.10.2009

Lopper er kult

Suksessen igjentok seg frå ifjor, med eit loppemarknad som ikkje mangla noko. Damene frå strikkekafeen og styret i bedehuset som har stått på ei veke med å ta i mot lopper frå gjevarar frå heile vårt nære område, var slitne når søndagskvelden kom, men svært fornøgde...

Les heile

Knut Hustad

20.10.2008

Over all forventning

- Dette vart ein suksess som vi ikkje ein gong hadde våga å håpe på, seier Ann-Helen Urkegjerde og pustar nærast letta ut... (Foto til høgre: Kaffi og gode kaker høyrer også til på ein loppemarknad, Gunnhild Slettedal (t.v.) og Åshild Taklo)

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

17.10.2008

Tek mot meir

Loppene strøymer inn til loppemarknaden som skal vere på bedehuset på Sæbø til helga, men vi tek gjerne mot meir, seier primus motor Ann-Helen Urkegjerde...

Les heile

[3 kommentarar]