Ivar Svein Mo
03.02.2018
Himmelsk pop med faSong i Hjørundfjord kyrkje
Søndag 11.februar kl.20.00 vert det "himmelsk pop" i Hjørundfjord kyrkje med koret faSong.
Koret stiller med stødige musikarar. Alle songane som er plukka ut, er henta frå populære artistar i ulike sjangrar frå seks ulike tiår, frå Billy Preston i 1969, produsert av George Harrison, og fram til Marthe Valle i 2017.
Mange av songane får ein høyre på nynorsk for første gong.
Dei er å høyre i Ivar Aasen-tunet laurdag 10. februar og i
Hjørundfjord kyrkje på Sæbø søndag 11. februar.
Vel møtt!