Kjell-Johan Aarseth
14.02.2012
Vakre bondalingar i Vilnius
Etter ein reportasje i Møre-Nytt om ein flott damegjeng på tur til vakre Vilnius, tenkte vi å køyre ein eigen vri og sende vakre bondalingar til den litauiske hovudstaden. Det var tid for den årlege gjenforeiningsturen til tidlegare fotballspelarar på Sæbø a-lag. Etter å ha prøvd utanlandstur i høve 10-års jubileet for turane i 2010, var det klart for ny tur utanfor landegrensene, denne gong altså til Vilnius i slutten av oktober.