Hjørundfjordheimen Sæbø
22.12.2015
No er det jul igjen....
Siste innspurt i juleførebuinga er no på gong på Hjørundfjordheimen.
Eldrid og Arne festar kulene og glitteret, fint må det vere.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Hjørundfjordheimen Sæbø
22.12.2015
Siste innspurt i juleførebuinga er no på gong på Hjørundfjordheimen.
Eldrid og Arne festar kulene og glitteret, fint må det vere.
Hjørundfjordheimen Sæbø
17.12.2015
Hjørundfjordkvintetten, Åmås friskule og Ørsta lionskoret, er berre nokre av dei som tek turen til Hjørundfjordheimen for å spre glede med sin vakre musikk.
Vi kosar oss over mangfaldet og har meir i vente i tida som kjem.
Hjørundfjordheimen Sæbø
14.12.2015
Nokre likar å bake, strikke, sy eller lage julegåver.
Andre finn seg ei stille krå eller eit varmt og godt fong å ligge på, juleførebuing kan vere so mongt.
Hjørundfjordheimen Sæbø
16.12.2015
Røde kors pasientvennane laga adventfest på Hjørundfjordheimen.
Dette til stor glede for alle, både bebuarar, pårørande, tilsette og ellers dei som stikk innom for å vere med på det som er kjekt.
Hjørundfjordheimen Sæbø
13.12.2015
Gamle kjende melodiar som vi huskar, skapar gode minner.
Konsert på Hjørundfjordheimen med Arne Mørch.
Alle kosa seg og song med i dei kjende tekstane og melodiane.
Hjørundfjordheimen Sæbø
12.11.2015
Open dag på Hjørundfjordheimen 2015.
Hjørundfjordheimen Sæbø
03.11.2015
Fredag 6. november inviterar Hjørundfjorheimen bygdefolk, slekt og vener til open dag.
Hjørundfjordheimen Sæbø
21.10.2015
Ja, no var det ei stund sida vi hadde vore på hotellet å feira noke, så det var på tide.
Kvardagane går og det nermar seg adventstid, men vi trur det framleis er sommar av og til.
Hjørundfjordheimen Sæbø
19.10.2015
Sommaren som aldri heilt kom er over, og hausten er tydelig rundt oss.
Epla er modne, fargane i skogen er gyldne, men blomsterprakta er framleis flott og soldagane nyt me ute uansett tempratur, på Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen Sæbø
14.09.2015
Sist torsdag var det tid for ein tur på Hurtigruta
MS Finnmarken for 22 spreke bebuarar og personale frå Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen Sæbø
06.09.2015
På ein strålande seinsommardag vart vi inviterte fram på Rekkedal Gjestehus til ei hyggjestund med kaffiservering i tunet.
Bjarne og Margrete gjorde dette som ein gest til Hjørundfjordheimen fordi dei synest vi er so flinke til å ta med psientane ut og gje dei gode opplevingar.
Hjørundfjordheimen Sæbø
08.07.2015
Mykje folk og dyr kosa seg på plenen framfør Hjørundfjordheimen denne dagen.
Her er eit lite glimt frå alt som føregjekk.
Hjørundfjordheimen Sæbø
28.06.2015
Hjørundfjordheimen tek oppatt suksessen frå i fjor med Gardsdag.
Vi håper at vêrgudane held seg på godversida og at mange vil kome innom for å vere i lag med oss.
Onsdag 1 juli frå klokka 1300.
Hjørundfjordheimen Sæbø
16.06.2015
Årets hyttetur gjekk til "fagre Stryn".
Ei hytte ved Nordfjord fritidssenter var målet.
Elleve optimistar drog i veg med rikeleg mat og godt humør.
Hjørundfjordheimen Sæbø
13.06.2015
Røde kors inviterer til fest kvart år på lokalet i Ørsta.
Då bugnar det av kaker, underhaldning og festkledde folk.
Hjørundfjordheimen set stor pris på denne festen og bebuarane kosar seg.
Hjørundfjordheimen Sæbø
27.05.2015
17 mai er over og vi ventar på at sommaren skal kome.
Vi vil dele nokre vårlege glimt frå Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen Sæbø
21.03.2015
No har vi fått smaken på det gode liv!
Bassenget i Volda har vi leigt nokre gongar før, men vi er alltid klar for ein tur dit, for å varme kropp og sjel!
Tenk at vi har nokre som tek av fritida si og er med, slik at vi kan få med oss dei som vil på dette flotte tiltaket.
Hjørundfjordheimen Sæbø
21.03.2015
I 2012 fekk vi Demensprisen, 2014 fekk vi Ørsta kommune sin arbeidsmiljøpris, so fekk forsyne meg katten Baldian Agria sin dyrepris, og som ikkje dette var nok, fekk vi i 2015 fylkets sin arbeidsmiljøpris.
Kake og feiring vart det- HURRA!
Denne og alle prisane delar vi med bygda, tusen takk til alle som er innom og bidreg med stort og smått, all hjelp og gode bidrag gjer at vi har det bra i felleskapet på Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen Sæbø
10.02.2015
Bordet bugna av kaker, fengande trekkspelmusikk, mykje kjekke folk å prate med ja slik er det når Bondalen Helselag inviterar til kafê på Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen Sæbø
06.01.2015
Personalet ved Hjørundfjordheimen inviterar til eit spennande foredrag med Ingvard Wilhelmsen, Kjend psykiater og professor med hypokonderi som spesialfelt.
"Konge i eget liv" -korleis kan vi best mogeleg takle all verdas press, stress og omstillingar"
Song ved Edith Flakk Nordang.
Enkel matservering etter foredraget er inkludert.
FREDAG 30 JANUAR KL 1900.