Kari Stokke
06.06.2010
Hjørundfjorddagane takkar for i år
Hjørundfjorddagane 2010 er over og nemnda vil takke alle som har vore innom messeportane denne helga.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Kari Stokke
06.06.2010
Hjørundfjorddagane 2010 er over og nemnda vil takke alle som har vore innom messeportane denne helga.
Kari Stokke
05.06.2010
Då har den første dugnadsgjengen tatt kvelden etter å ha gjennomført eit flott arrangement på Sæbø laurdag.
Godt vêr, hyggelege gjester, god mat, familievennleg program og mange flotte utstillingar.
Søndag 6. juni er vi på ny klar til å ta imot gjester frå fjern og nær.
Ivar Svein Mo
05.06.2010
Det fine véret må benyttast og vi vil spele på utescena i Bondalsparken. Dette var ynskje frå musikkarane i Crashville.
Og Åmdalen ungdomslag som er arrangørar for dansen, måtte berre imøtekome musikkarane sine ynskjer. Dermed ynskjer arrangørane alle ungdommar og alle som føler seg som ungdommar, til ein kveld med flott musikk og god stemning i Bondalsparken..
Portane opnar kl.20.00
Kari Stokke
05.06.2010
Ein strålande morgon i Hjørundfjorden i dag, med sol frå klår himmel.
Hjørundfjorddagane åpnar kl. 12.00 og vi kan by på god underhaldning, god mat kan kjøpast og du kan treffe monge gamle kjende her på Sæbø i dag.
Har du ikkje ordna deg billett til konserten med Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Boutté i kveld kl. 19.00?
Framleis nokre få billettar igjen. Kan tingast på tlf. 915 69 591.
Kari Stokke
02.06.2010
Var du ein av dei som støtta og stemde på Team Simone under Tv2 sitt "Det store korslaget"?
No har du høve til å sjå og høyre dei på Sæbø under Hjørundfjorddagane søndag 6. juni kl. 17.00.
Kari Stokke
03.06.2010
Det vert ein særs aktuell debatt om villaksen på Hjørundfjorddagane.
Villaksen har vorte borte frå fleire av dei viktige lakseelvane i Noreg, såleis også i Bondalselva. Dei som har levd ei stund, hugsar då laksefiskarane stod skulder ved skulder og drog på land sølvbleinkande fisk ved Hustadbrua og elles framover i Bondalen. Slik har det ikkje vore på mange år.
Kari Stokke
04.06.2010
Står du ikkje på arbeidslistene til Hjørundfjorddagane?
Vi treng folk til 3 vakter laurdag og 5 vakter søndag.
Nemnda ber om at de tar kontakt dersom de kan ta ei vakt, eller ei vakt til.
Nemnda skulle gjerne tatt dei sjølve, men sjølv om vi vert til stades under heile arrangementet kan vi ikkje binde oss til faste vakter.
Dei vaktene som no står ledige er:
Ivar Svein Mo
30.05.2010
I alt 40 ulike utstillarar kjem til Sæbø og Hjørunsdfjorddagane. Nemnda for arrangementet har prød å få til god variasjon, samstundes skal det ikkje vere to utstillingar som har dei same produkta. Det er også etter avtale med utstillarane.
Kari Stokke
27.05.2010
Vi minner om konserten i Hjørundfjord kyrkje laurdag 5. juni kl. 19.00.
Laurdag 29. mai kl. 12.00 - 15.00 vil vi selje billettar v/ Narvesen på utsida av Amfi i Ørsta og kl. 13.00 - 15.00 på Cubus-hjørnet i Volda. Dei frå Bondalen/Sæbø/Urke og Øye som ønskjer å sikre seg billettar bør ta turen innom Bellingen og Slettedal før helga.
Kari Stokke
24.05.2010
Dersom du ønskjer å følgje nærare med på kva som skal skje under årets Hjørundfjorddagar, har nemnda oppretta ei eiga gruppe på Facebook.
Hjørundfjordportalen Administrator
18.05.2010
Også i år vert det mange flotte utstillingar på Hjørundfjorddagane. To av utstillarane kjem heilt frå Tønsberg, det er far og son, Arve og Are Tollan.
Bilete th. Are Tolland
Kari Stokke
17.04.2010
Hjørundfjorddagane nærmar seg - no er det berre sju veker igjen!
Gjennom mange år har dette vore ein imponerande dugnad som få bygder på vår størrelse kan vise maken til.
Og all denne dugnadsinnsatsen viser godt igjen:
Hjørundfjordportalen Administrator
03.05.2010
Ytre Suløens jazz-ensemble med konsert i kyrkja laurdag 5. juni.
Hjørundfjordportalen Administrator
15.02.2010
Både ramma og innhaldet i Hjørundfjorddagane 2010 byrjar no å ta form.
Bilde th; frå den politiske debatten 2009
Hjørundfjordportalen Administrator
14.11.2009
Neste år vert Hjørundfjorddagane 5. og 6. juni. Nemnda som jobbar med dagane har alt ein del på plass.