Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Hjørundfjord Filmteater" som stikkord

Ivar Svein Mo

01.01.2018

Årets Bondaling 2017

I god tradisjon vart det utdelt heiderspris til Årets Bondaling i år også på 3.dags festen på Bondalen Grendahus.

Stikkkord som nemnda hadde merka seg i år: aktiv, positiv, kreativ, hjelpsom, venleg, allsidig, pådrivar, tusenkunstnar, innflyttar og musikalsk.
Årets Bondaling har sidan han kom flyttande hit hatt mange gode idèar for å skape nye aktivitetar og nye møtestadar.

Kunne det være vanskeleg for nemnda med slike gode beskrivelse av kandidaten...?

Les heile

[1 kommentar]

Marit Aklestad

11.10.2015

Hjørundfjord Filmteater med nye framsyningar søn. 11. og man. 12. okt.

Søndag 11. oktober kl 17.00 er det klart for ny framsyning på Hjørundfjord filmteater! Barnefilmen denne gongen er den moderne norske klassikaren "Knerten".

Hjørundfjord Filmteater opna dørene på Sæbø Bedehus for om lag ein månad sidan. Der har vi fått installert lyd og bilete i ypparleg kvalitet. Med det vil vi skape eit filmtilbod til store og små her i bygda. Ein søndag i månaden, syner vi først ein barnefilm, og så ein film for vaksne, med ein passeleg kaffipause imellom. I tillegg har vi "Filmsalong" nokre torsdagar der vi syner litt meir spesielle filmar, og nokre gongar "seniorvisning" på dagtid der sjukeheimen blir spesielt invitert, men som sjølvsagt også er opa for alle andre som har lyst på ei flott kinoppleving.

Les heile