Bondalen Frilynde Ungdomslag BFUL
17.06.2022
Plattingdans med Steinar Engelbrektson Band 26 August 2022
Bandet med den ekte spelegleda spela opp til dans i Bondalsparken ved Bondalen grendahus kl 22, 26 August 2022
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bondalen Frilynde Ungdomslag BFUL
17.06.2022
Bandet med den ekte spelegleda spela opp til dans i Bondalsparken ved Bondalen grendahus kl 22, 26 August 2022
Bondalen frilynde ungdomslag
23.02.2018
Karneval på Grendahuset for store og små.
13:00 - 15:00.
Inngongspris 20 kr pr person eller 50 kr pr familie.
Rune Mo
02.11.2014
Marknad på Bondalen grendahus
Den 2. november kl 14.00 – 18.00 ønskjer vi velkommen til marknad på Bondalen grendahus.
Inntekta frå marknaden er sårt tiltrenkte midlar for drift av grendahuset, møt opp og støtt "storestova" i Bondalen.
Vidar Stokke
20.12.2011
Skal du vere med, fristen er ute men du skal få ein siste skjanse.
Kjøp billett på Bellingen snarast.
Totalt er vi no ca 120 som deltek, og vi har plass til fleire.
Programmet er i år like bra som alltid.
Og sjølvsagt god dansemusikk til både unge og gamle.
Sondre Kristoffer Mo
11.02.2011
Den 17 februar kl. 1730 vil ungdomskulen framføre ein musikal basert på Shakespeares Romeo og Julie.
Sondre Kristoffer Mo
15.02.2010
Sæbø ungdomskule skal ha ei musikkframføring med kjente og kjære låtar på Grendahuset 18. feburar kl. 17.30! Her blir det eit show med band, dans og sang!
Martin Luan Håndlykken
01.02.2009
Som erstatning til eit bursdagsselskap så arrangsjerar Martin Dimmen og Jon-Martin Mo LAN-party på Grendahuset laurdag og søndag 7. og 8. februar.
Ivar Svein Mo
27.10.2008
Styret i grendahuset har hatt ansvar for den store oppgåva å tette torvtaket på Bondalen grendahus i sommar, og no er alt i orden, og det vart på tide med ein skikkeleg haustfest. Dei kontakta Åge Nybø om han kunne syte for god musikk og der var svaret enkelt og greit; skaff folk og gje dei mat, så skal eg få dei i stemning!
Bilet th.:Laurdag 25.oktober 08 leverte Åge som han hadde lova, med stor suksess....
Rune Mo
24.10.2008
Til alle vener av Hjørundfjorden
Komande laurdag skal Grendahuset og styret halde haustfest, vi inviterer alle i Bondalen, Hjørundfjorden og vener av oss som bor i Noregs vakraste fjord. Denne festen er ein fest der me samlast for å slappe av å kose oss etter ein travel sommar.
Rune Mo
12.09.2008
Som dei fleste har lagt merke til så har Bondalen grendahus hatt gåande ein stor reperasjon av taket i sommar, og torva har vorte nedteken og lagra på pallar. Torva må no på plass att før vinteren, og i det fine veret i morgon laurdag, vert alle som har anledning hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats for fellesskapet.
Bilete th: Den fyrste torva kom på plass på onsdag 10.09.08
Petter Årseth
12.08.2008
Mange ungdommar ønskar dataparty før skulen startar
Treng vakter!