Tor Eirik Trandal
15.10.2018
Tyssefossen viser sine krefter
Grunna vedlikehaldsarbeid ved Tussa kraftverk og den kraftige nedbøren siste tida fløymer Tussevatnet over, og gjer at Tyssefossen viser sine krefter som i glansdagane før reguleringa tidleg på 60-talet. Regnet og varmen i går gjorde at elva vart ekstra stor og trua både bruer og vegar på Bjørke. Både brua og vegen vart stengd, men brua er no open for trafikk igjen. (Ingressfoto: Ingvild Mork)