Bodil Skare
02.09.2019
Hausttur på Bondalseidet
I flott turveir og godt lag vart det ein måndagstur i fint terreng og med vakker utsikt.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
02.09.2019
I flott turveir og godt lag vart det ein måndagstur i fint terreng og med vakker utsikt.
Bodil Skare
23.07.2018
Ein flott rundtur vart det, då vi gjekk opp Nakkeløypa rundt Storevatnet og Korsvatnet med ein stopp ved hytta på Valsetheida. Nedatt bratthenget vart avsluttninga, med regn utruleg nok.
Bodil Skare
24.07.2017
Perfekt turvèr fekk vi på den flotte runda på Bondalseidet denne måndagen.
Ein sprek gjeng vart med heile vegen.
Bodil Skare
18.07.2016
Ein flott dag med opphaldsvèr og lettskya himmel, ja, det er som ein kan tru ein drøymer no etter alt dette regnet.
I tillegg kom det "firogtjue" spreke turgåarar som ville slå lag på denne måndagsturen, snakk om velstand.
Bodil Skare
24.08.2015
Godt og varmt i veiret, flotte forhold for måndagstur.
Bondalseidet, Valsetheida og Eitrefjellet hadde mykje flott å by på denne kvelden.
Bodil Skare
28.07.2014
Bondalseidet og Eitrefjellet kan by på flott turterreng no på sommaren.
Ein glad og spretten gjeng fekk ein triveleg og innhaldsrik rundtur denne måndagen.
Bodil Skare
10.09.2012
Tre damer og tre menn var vi, som gjekk Nakkeløypa opp og Bratthenget nedatt på vår tur til Eitrefjellet denne måndagen.
Varmt i vêret, og lett duskregn var nok betre enn det som YR hadde meldt til oss: store nedbørsmengder, vi lurte oss unna det, og fekk ein flott tur.
Bodil Skare
26.09.2011
Ja no er det klart, når mandagen kjem, vert det regn - GARANTERT.
Likevel er vi tapre og stiller opp til måndagstrim uansett.
I dag vart det verre og verre etter som vi kom opp i høgda, men vi gjennomførte med glans.
Bodil Skare
27.06.2011
Skodda låg langt nedi fjella, og regnet ville ingen ende ta.
mange trudde nok det vart ein frykteleg våt og skoddetung tur, men neida, vi hadde nok flaks i dag, heldigvis.
Bodil Skare
16.08.2010
Ei flottare rame rundt måndagsturen kunne vi ikkje tenke oss. Turen gjekk opp Valsetheida via Eitrefjellet og nedatt Nakkeløypa.
Bodil Skare
15.09.2009
Endeleg kom finevèret, og vi fekk ein måndagstur i nydeleg haustsol.På sjølvaste valgdagen valgde vi oss Eitrefjellet.
Bodil Skare
17.09.2008
Fem spreke "jenter" på Eitrefjellet gjekk,
Lette på foten, og uten sekk.
Fargane viste at no var det haust,
sola ho varma og praten sat laust.
Bodil Skare
04.09.2007
Måndag var det tur til Eitrefjellet som stod for tur for Måndagstrimmen.
Dette regnveret har nesten teke motet frå dei fleste av oss, men vi tok opp kampen mot elementa og møtte opp!