Synnøve Mo Krøvel
08.10.2021
Flaskeinnsamling
Handballgruppa går i gong med flaskeinnsamling igjen, etter ei lang pause i Korona tida.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Synnøve Mo Krøvel
08.10.2021
Handballgruppa går i gong med flaskeinnsamling igjen, etter ei lang pause i Korona tida.
Kari Stokke
23.04.2019
Laurdag 27. april kl. 10.00 - 16.00 vert det dugnad på bedehuset på Sæbø.
Huset vert mykje brukt og vi må ha ei skikkeleg vårreingjering.
Vi håper på god hjelp frå brukarane av huset og andre.
Aanon Aanonsen
19.05.2012
Dugnad på skulen
Siw Lillebø
25.04.2012
Onsdag 2. mai kl 18.00 og utover er det dugnad både inne og ute på klubbhuset. Der er variert arbeid for alle og ein kvar. Det skal kostast, vaskast, sorterast, kastast, reparerast osv.
Håper at DU stiller
Hilde Muren
25.05.2012
Tysdag 29.mai kl 17:00 kjem grindahusekspert Kåre Løvoll for å rettleie vidare på arbeidet med grindaløda.
Grendalagsleiar Øyvind Taklo rapporterer om stor arbeidsinnsats frå bygdefolket og meiner at med like god innsats ein to-tre-fire kveldar til, så klarer vi kanskje å røyse grindahuset til Jonsok.
Dei som har kika inn på byggverket som ligg i Stormøllen er storleg imponert over kva vi klarer her på Sæbø. Også "ørstingar" har sagt seg samde i dette.
Bodil Skare
29.08.2011
Onsdag 31/8 vert det dugnad på Elverampa tursti.
Bondalen helselag og trimgruppa oppmodar alle som kan å møte, det vert ei rask rydding om vi er ein stor flokk.
Sett gjerne av laurdag 10/9 allereide no, for då vert det turmarsj på Elverampa.
Kari Stokke
09.01.2011
Laurdag 8. januar var det stor dugnad på Bondalen Grendahus.
Taket skulle ryddast for snø og på kort varsel stilte gledeleg mange opp for å gjere den nøvendige jobben.
Sæbø Grendalag
26.05.2010
Sæbø Grendalag sin årvisse dugnad!
Hjørundfjord bygdemobilisering
19.09.2008
Laurdag 20.september kl.15.00 skal Hjørundfjord bygdemobilisering i lag med trimgruppa i Sæbø idrettslag ha ei høgtideleg opning av ”Elvarampa tursti” Det skal verte snorklipping, matservering og ein skikkeleg ”Rampemarsj”
Bilete th.: Desse damene opnar turstien på laurdag. Haldis Fiskå Mo, Bodil Skare, Irene Osvoll og Hilde Sæbønes
Rune Mo
12.09.2008
Som dei fleste har lagt merke til så har Bondalen grendahus hatt gåande ein stor reperasjon av taket i sommar, og torva har vorte nedteken og lagra på pallar. Torva må no på plass att før vinteren, og i det fine veret i morgon laurdag, vert alle som har anledning hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats for fellesskapet.
Bilete th: Den fyrste torva kom på plass på onsdag 10.09.08