Per Urke
17.12.2012
URKE: Skilta er på veg
Urke Grendalag har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og GjensidigeStiftelsen til skilting av fjellturar og trimturar i Urkeområdet
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Per Urke
17.12.2012
Urke Grendalag har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og GjensidigeStiftelsen til skilting av fjellturar og trimturar i Urkeområdet
Per Urke
06.10.2012
Endeleg har hurtigruta funne vegen til Hjørundfjorden!
Med det viser hurtigruta veg for fleire til dette landskapet og denne naturen som mange fleire må få oppleve.
Det er laga ein vegvisar for gjester som vil ta turen inn over fjorden. Ta ein titt på linken nedanfor.
Bodil Skare
16.09.2012
Trass i rikeleg med nedbør, var det god oppsluttning på turmarsjen langs elverampa.
Mange flotte premiar og gevinstar gjorde dagen enda betre for dei fleste.
Kari Stokke
06.07.2012
Sommar, Sommarferie, Sol, Småregn, Styrtregn, Skulebollar, Solo, Sjø, Strand, Storlaks, Solkrem, Smålaks, Skrubbsår, Sykkeltur, Spasertur, Shopping på Nilsbuda...Sæbø har mykje å by på.
Og no er vi midt inne i den tida av året då det verkeleg er triveleg å ta seg ein tur til Sæbø.
Hilde Muren
12.06.2012
Med intens dugnadsinnsats laurdag og mandag vart grindaløda delvis reist på Kapteinkvia. Mange dugnadstimar er lagt ned, og fleire må det bli. Men no står grinda der - delvis ferdig. Mykje står framleis att, men no lar deg seg gjere å danne seg eit bilde av praktverket det skal bli.
Hilde Muren
07.06.2012
Laurdag blir den store dagen for endringane på Kapteinkvia. Delane til grindaløda ligg klar i Stormøllen og er klar til setjast saman til ei ny storstove for bygda. Vi treng mykje folk til å hjelpe oss. Møt opp frå kl 10:00
Kari Stokke
28.06.2012
Nilsbuda held ope kvar dag i juli.
Her finn du lokalt handarbeid og kunsthandverk - unike gåver du ikkje finn så mange andre stader.
Ivar Svein Mo
21.05.2012
Det vert kanskje i meste laget med dugnader etter kvart, men for å få ferdig den lenge etterlengta parken ved Hjørundfjordheimen, må vi nok be bygdefolket om hjelp nokre timar...
Bilde teke ifrå Grøthaugen 1.5.2012(ovanfor Mo)
Per Urke
04.05.2012
Fylkeskommunen og GjensidigStiftelsen har tildelt støtte på inntil 21.000 kr. for å gjennomføre eit graderingsarbeid og merking i samsvar med den innsende søknaden.
Knut Hustad
12.04.2012
I dag klokka 0605 gjekk bilferja MF "Goma" ut frå den nye ferjekaia på Sæbø for fyrste gong. - Kaia fungerer perfekt, seier kaptein Åsmund Nerlid (ingressfoto t.v.).
Kari Stokke
31.03.2012
No var kan hende ikkje sjølve turen så fargerik, men målet for reisa inneheldt eit fargespekter som langt overgår det dei fleste til vanleg omgir seg med.
Knut Hustad
01.03.2012
Stolte som hanar er dei, Bjørn Ringstad(t.h.) og Lars Hønningstad frå Implenia, for no er den nye ferjekaia på Sæbø nærast ferdig - akkurat som planlagt...
Ivar Svein Mo
25.01.2012
Tilsaman 27 personar, derav 9 var aktive politikarar og 1 journalist frå Møre-Nytt, var i stormøte på Sæbø Måndag kveld.
Ordførar fekk mykje fakta om sjukeheim og dokterkontordrifta, men hadde lite i sitt forsvar, anna enn at kommuna var pålagde frå Fylkesmannen å redusere sine utgifter. Ein ordførar frå Høgre har nok problem med sin politikk på bygdene i desse dagar. Alle politikarane lova at ingenting skulle skje med sjukeheimskjøkkenet før ei grundig kontrollrekning ligg føre. Dei frammøtte hadde blanda følelsar etter møte…
Knut Hustad
16.01.2012
Sist torsdag støypte Bjørn Ringstad og mannskapet hans i Implenia heile 140 kubikkmeter betong. Og i løpet av februar er den nye ferjekaia på Sæbø ferdig...
Marit Riise Olsen
22.12.2011
Å legge ned legekontoret på Sæbø/Bjørke, om å legge ned kjøkkenet på Hjørundfjordheimen, handlar om verdivalg og Distrikspolitikk. Vil vi ha levande bygder?
Brev sendt til Ordførar og Rådmann på vegne av Grendalaga i Hjørundfjord og Bygdemoblisering. Vi vil sjå reknestykket!
Bilde th: Trim ved Hjørundfjorheimen."Eit lite "knippe" av noko som vi syslar med i kvardagen. Det gjeld å finne dei store gledene i dei små ting", skriv heimen.
Per Urke
10.11.2011
Det er med STOR interesse eg merkar meg at ordføraren i Sykkylven, Petter Lyshol, etterlyser eit kortare alternativ for E39 gjennom Sunnmøre.
Dette var å lese i eit oppslag i Sunnmørsposten tidleg i denne veka under tittelen "Snarveg sørover".
Og like interessant er det å lese kommentaren frå senioringeniør Kjell Kvåle i Statens Vegvesen, region Vest.
Bodil Skare
11.09.2011
Sommarvarme og sol, det var endå litt betre enn vi hadde drøymt om til turmarsjen på Elverampa.
Mange tok trimtur med kaffikos, i solveggen på klubbhuset, denne laurdags ettermiddagen.
Rune Sæbønes
09.09.2011
Kommunestyret vedtok ny vegavtale mellom kommunen og Einar Arne Stennes. Les meir i Møre-Nytt: http://www.morenytt.no/nyheiter/article225721.ece
Knut Hustad
15.06.2011
Enno ikkje offisielt opna, men takka vere mellom andre Kjetil Rørstad(t.v.) og Jarle Myklebust har Bjørke fått ein splitter ny marina...
Per Urke
14.06.2011
I Urke Grendalag er dei skuffa over at det ikkje vart noko av tildelinga av midlar til merking av turmål i fjellområda og nærområdet. Det vart søkt om orienteringsskilt i bygda og pilmarkering av tre fjellturar og to trimturar.
Per Urke
11.06.2011
Fredag før pinse var det siste runde på ein Bøvik-stafett som har strekt seg over vel eitt år. Gravemaskinarbeidet vart utført i fjor på forsommaren og lenge såg det ut til å stoppe opp med det.
Knut Hustad
28.05.2011
Det er slik som det skal vere - svært mykje å gjere før dørene kan opnast, men no er Anna Moan(t.v.) og Elisabeth Dimmen klare til å ta vel imot oss alle når kunst- og husflidbutikken Nilsbuda på Sæbø opnar laurdag klokka 1100.
Per Urke
23.05.2011
Årsmøtet i Urke Grendalag hadde svært godt frammøte og friske diskusjonar om mange av sakene på kartet. Møtet varte i nær fire timar og det vart registrert konkurranse om å få plass i styret, noko som må seiast å vere svært positivt.
Per Urke
13.04.2011
Vegdirektoratet har fastsett målsettinga for stamvegnettet slik: ”Riksvegene er hovedpulsårene i det overordnede nasjonale vegtransportsystemet. De forbinder landsdeler og regioner med hverandre og knytter Norge til utlandet". Dette må vere rettesnora i arbeidet for å finne traséen for E-39, stamvegen frå Trondheim til Kristiansand.
Per Urke
20.02.2011
Ein tilreisande har uttalt at Urke er verdens vakraste bygd ved verdens flottaste fjord. Vi nøkterne tenkjer at det er kanskje å ta munnen for full.
Omtalen ovanfor er grunnlag for tittelen på ein nyskapt guide / vegvisar for Urke og er utvikla spesielt for nettopp Hjørundfjordportalen.
Per Stein Straume
11.01.2011
Grendalaget har bedt kommuna om å vurdere å innføre buplikt på Sæbø, og saka kjem opp på neste møte i formannskapet.
Knut Hustad
23.11.2010
Snart er han klar - Hjørundfjordkalenderen 2011. I desse dagar går han i trykken og vil du ha eit eksemplar, eller fleire, får du han tilsendt tidsnok til julegåvesesongen...
Foto til høgre: Huldra ved Sætretindane er sjølvsagt med i kalenderen.
Ingvil Flatnes
11.12.2010
Framlegg til kven som skal få denne gjeve utmerkinga i år kan framleis sendast til leiaren i Ungdomslaget
Knut Hustad
27.10.2010
Etter at dykkar no har sjekka fundamenta til ferjekaia på Sæbø er konklusjonen klar; ferjekaia vert ikkje stengd i denne omgang...
Per Urke
23.08.2010
Det låg spenning i lufta då Ole Rønning sette seg inn i helikopteret på Stenes. Endeleg skulle han få innfridd sitt høgste ønskje. Endå ein tur på dette mektige fjellet rett opp frå garden der han var dreng i sju år.
AnnHelene Wille
18.08.2010
Helga 21 og 22 aug vert siste opningshelg denne sommaren...
Knut Hustad
25.06.2010
Det er vel og bra med tunnelopning, men laurdag klokka 12 opnar Post-Sverre (Bjørke) dørene til dei gamle postlokala på Bjørke og syner fram ei flott utstilling av gjenstandar brukt på postkontoret. I tillegg får du med ei flott salsutstilling av kjolar, teppe, puter...
Per Urke
24.06.2010
Det skulle helst ha vore snorklipping og fanfare på Urke og. Men statsrådane er så opptekne med å opne toalett og ramper til mange millionar i Norddal, at dei ikkje har tid til oss. Så dermed skjer den offisielle opninga her og no: Klipp snor!
AnnHelene Wille
03.06.2010
Nilsbuda er ein handverks/kunst utsalg i Sæbø sentrum.
Per Urke
16.05.2010
Fotsoldatane i Urke Grendalag støypte grunnmuren 30. april. Fredag og laurdag i siste veka måtte dugnadstroppa forsterkast for då skulle informasjonsbua opp. 10-15 arbeidskarar og tre-fire damer som sytte for varm mat, kaffi og kaker, var det som skulle til.
Tonje Aspeslåen
06.05.2010
Bondens marked Sunnmøre holder torgdag i Ålesund 8.mai kl 11.00-15.00 på Kiperviktorget
Per Urke
01.05.2010
Fotsoldatane i Urke Grendalag har unnagjort første etappe. Og neste runde er like rundt hjørnet. Materialen til info-bua ligg og ventar.
Hjørundfjordportalen Administrator
10.04.2010
Fire damer er i etableringa av husflid/kunst/turistinformasjoneverksemd på Sæbø til sommaren..
Bilde t.h: Frå v. Ingvild Åmbakk, Dina Kolås, Anna Moan og Elisabeth Årseth.
Knut Hustad
18.12.2009
- Det er sett av midlar til ny ferjekai på Sæbø i 2011, skriv Statens vegvesen i eit nabovarsel til grunneigarar og naboar på Sæbø...
Knut Hustad
29.10.2009
Snart sluttar presten og reiser frå Hjørundfjorden og ein nedsliten prestegard, men no ser det ut til at vi får både ny prest og ein vakker prestebustad...
Hjørundfjordportalen Administrator
08.10.2009
Suksessen igjentok seg frå ifjor, med eit loppemarknad som ikkje mangla noko. Damene frå strikkekafeen og styret i bedehuset som har stått på ei veke med å ta i mot lopper frå gjevarar frå heile vårt nære område, var slitne når søndagskvelden kom, men svært fornøgde...
Hjørundfjord bygdemobilisering
07.10.2009
Det byrjar å bli mange tomme fjøs og låvar rundt i fylket. Kan desse fyllast med nytt liv? Vi inviterer til inspirasjonsseminar i Sykkylven tysdag 13.oktober
Bilde th. Bygda har mange fine hus, men ein del låvebygningar står no tome.
Per Atle Røe
05.10.2009
Fylket inviterte til seminar den 25. og 26. september på Åndalsnes for dei 21 mobiliseringsprosjekt som er i gang i Møre og Romsdal. Omlag 40 deltakarar var på plass første dagen der deltakarane i fellesskap vurderte det "som hadde gått bra" og det mobiliseringane " ikkje hadde fått til".
Andre dagen var open med ymse bygdeutviklingstema og det var no kome til 40 nye deltakarar. Hjørundfjord var representert med underteikna.
Marit Riise Olsen
02.10.2009
I møte med leiinga i Ørsta Kommune i samband med byggesaka vår om "gamle samvirkelaget" vart vi merksame på at Ørsta Kommune faktisk ikkje er med i beredskapsvarslinga for Åkernesrenna
(Her fra jonsokfeiring med lurvetog 2009)
Hjørundfjordportalen Administrator
02.10.2009
Bodil Skare er ein av våre kommunale representantar i Hjørundfjorden. Bodil vart ilag med Unn Frøland frustrerte over artikkelen Knut Hustad skreiv på portalen der han brukte overskrifta: ”Grunn til å bry seg?” Her sette han fokus på framtida i Hjørundfjorden og politikarane si rolle i den tilstramma kommuneøkonomien.
Bodil meiner dei lokale politikarane vart sett i eit dårleg lys og vil her gjere greie for det politiske arbeidet ho har vore med på.
Portalen har i dag kontakta Bodil og fått ho til å utgreie sitt syn…
Knut Hustad
28.09.2009
"Framtida for Hjørundfjorden ser ganske svart ut. Alt skal takast frå oss". Trass i kommunestyrevedtak, det vert ikkje ny gymsal likevel. (Foto t.h.)
Haldis Fiskå Mo
13.09.2009
Vergudane var på vår side då vi arrangerte turmarsj på Elvarampa tursti laurdag den 5. September. Og med 108 turglade i alle aldrar, må vi seie oss godt nøgde med årets «rampemarsj».
Per Urke
21.08.2009
På Stenes finn vi gardbrukaren som ikkje vil gi opp arven han har teke over. Medan andre sel mjølkekvoter og legg ned gardsbruka, satsar Einar Arne Stennes på kvotekjøp, nydyrking, eigen småbåthamn og turisthytter.
Hjørundfjord bygdemobilisering
26.07.2009
Tysdag i denne veka fekk Sæbø si eiga brosjyre frå Hjørundfjord bygdemobilisering. Tidlegare har HB laga ei bildebrosjyre som omfatta heile fjorden. Brosjyra er utdelt til alle som har med turisme å gjere og Torbjørn Slettedal som driv handel på Sæbø og campingplass var den fyrste som fekk den utdelt…
Knut Hustad
11.07.2009
Endeleg er dei fire lyspunkta frå Øyragata på Sæbø og fram til skulen og klubbhuset på plass...
Ivar Svein Mo
14.06.2009
Dette seier Bondalen Helselag i lag med Hjørundfjord Bygdemobilisering til nye etablerarar. På fredag var leiaren Janneche Myklebust i helselaget i lag med Ivar Svein Mo frå Bygdemobiliseringa/ Hjørundfjordportalen og ynkste to nyetablerte familiar i Bondalen velkomne til bygda…
Hilde Muren
19.05.2009
Laurdag er det dugnad i Sæbø sentrum og på Kapteinkvia. I pausene ønskjer vi debatt om Kapteinkvia. Kva gjer vi med dette området?
Hjørundfjord bygdemobilisering
08.04.2009
I Pegarden på Stokke i Bondalen er det stor stas for tida der foreldre,syskjen, besteforeldre, oldemor og tante, gler seg over eit nytt familiemedlem som er komen til verda…
Bilde th. Eskil og Nikolai
Hjørundfjord bygdemobilisering
31.03.2009
Ungdommar i Hjørundfjorden er invitert til Hellesylt måndag 6.april til ein felles ungdomskveld med ungdommar frå Hellesylt og Stranda. Aldersgrense 15-25 år.
Dette er eit Bygdemobiliseringsprosjekt ilag med Hellesylt og alt er gratis inkl. reise.
Er du interessert så ring 90203236/SMS/mosveise@tussa.com eller skriv kommentar for å melde deg på. Det vert buss til/frå Lekneset og båt heimatt.
Sjå program nedanfor.
Hjørundfjord bygdemobilisering
30.03.2009
Hjørundfjord Bygdemobilisering har gjennom tre år jobba for å få ny giv i Hjørundfjorden og vi er no nære til å få eit resultat på Sæbø, men det er no opptil folk sjølve om dei vil ha utvikling eller det heile skal monne ut i å ri kjepphestar og å tenkje kortsiktig på sine eigne interesse…
Bilde t.h. er slik Lisje-elva såg ut i mars 07, før HB tok tak i Sæbø.
Foto Astrid Hustadnes frå bildegalleriet.
Knut Hustad
25.03.2009
Heile 60 personar har underteikna eit protestbrev til Ørsta kommune om plasseringa av ferjekaia på Sæbø, men svært mange har ikkje i det heile sett dette brevet, stadfestar Bjarne Hustadnes(arkivfoto t.h), ein av initiativtakarane til brevet...
Hjørundfjordportalen Administrator
22.03.2009
Eg har fylgt med i diskusjonen på Hjørundfjordportalen om plassering av kaia, i utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å engasjere meg, heilt til no.
Etter mi meining må fergekaia leggast der den no er regulert, det vil seie i Sandvika.
Der er mange viktige grunnar for mitt syn.....
Bilde th. Fergekaia er innregulert ca.her bussen står og vert snudd ut frå land.
Per Urke
24.03.2009
Det trengst eit krafttak for Hjørundfjord for å legge til rette for auka turisme. Å bygge gondolheis til Saksa og ei djupvasskai på Urke ville bli eit gigantsteg for å stimulere livskrafta for lokalsamfunna og regionen. Tiltaka er aktualisert gjennom diskusjonen om tunnel Velledalen - Urke - Viddal og vyer som formannskapet i Ørsta kommune nyleg drøfta.
Roy Lillebø
17.03.2009
Grendalaget manglar 2 stk til styret. Har snakka med mange men det er ingen som kan tenkje seg å gå inn i styret.
Dersom det er nokon som kan tenkje seg å gå inn i grendalaget så kan Dykk ta kontakt med valnemda på mail:
saebogrendalag@yahoo.com
Vi må ha tilbakemelding før 21.03.09.
Skulle vi ikkje lykkast med dette så vil vi foreslå å leggje ned "grendalaget".
Mvh
Valnemda v/
Knut Hustad
13.03.2009
Torsdag tok Marknadsjef Lillian Breivik i SpareBank 1 Volda Ørsta på seg spanderbuksene. Ho gav heile kr. 75.000,- til Hjørundfjord bygdemobilisering og Sæbø skulekorps. På foto ser vi frå venstre: Ivar Svein Mo, Kari Stokke og Fredrik Jonan Mo og marknadsjef Lillian Breivik i sparebanken.
Hjørundfjordportalen Administrator
26.02.2009
Den nye ferjekaia vil kome i Sandvika. Formannskapet vedtok torsdag å stå fast på reguleringsplanen frå 1997. Formannskapet opnar for justeringar.
Hjørundfjord bygdemobilisering
03.02.2009
Hjørundfjord bygdemobilisering fekk idag den etterlengta meldinga frå Vegvesenet gjennom Ørsta kommune, at Vegvesenet tek opp til handsaming den gjeldande reguleringsplanen og inviterer Sæbø med til ei tettstadfornying...
Knut Hustad
13.01.2009
- Storm i eit vassglas, seier ordførar Gudny Fagerhol om hjørundfjordingane sin reaksjon på at Ørsta kommune no vil flytte dein einaste legestillinga i fjorden til Ørsta sentrum. Kva ordføraren seier når aksjonsleiar Marit Riise Olsen(t.h.) overrekkjer henne over 800 protestunderskrifter onsdag, er enno uvisst...
Knut Hustad
09.12.2008
Det er tomt på trykkeriet, det er tomt på lageret, men ein Hjørundfjordkalender 2009 har vi att. Den kalenderen kan verte din - heilt gratis...
Kalendervinnaren vart John Inge Leira Bjøringsøy.
Knut Hustad
25.11.2008
Jess, Hjørundfjordkalenderen 2009 er ferdig trykt. Vi vonar å få pakka dei på torsdag og sendt dei ut på fredag. Laurdag vert kalendrane lagt ut for sal i butikkane i Hjørundfjorden - dei som måtte vere att...
Knut Hustad
04.11.2008
Hjørundfjord bygdemobilisering og hjorundfjord.no har bestemt - og no er Hjørundfjordkalenderen 2009 klar for trykkeriet. Til høgre ser vi julifotoet - Seifiske ved Lekneset.
Helge Strand
25.10.2008
Uttale frå landbrukssjefen i Møre Nytt i dag.
Knut Hustad
20.10.2008
- Dette vart ein suksess som vi ikkje ein gong hadde våga å håpe på, seier Ann-Helen Urkegjerde og pustar nærast letta ut... (Foto til høgre: Kaffi og gode kaker høyrer også til på ein loppemarknad, Gunnhild Slettedal (t.v.) og Åshild Taklo)
Per Urke
11.10.2008
Med dette sender eg eit OPE BREV til Grendalaga og til
Bygdemobiliseringa.
Dette vert gjort i forståing med Ivar Svein Mo og det
må forståast slik at Bygdemobiliseringa vil hjelpe til
med å drive fram saka.
Brevet må gjerne sjåast i samanheng med artiklane
"Om skilting, identitet og eigenverdi" og "Kva gjer vi no?"
Enok Kippersund
08.10.2008
Kapital og kake for Kviven.
Hjørundfjordportalen Administrator
07.10.2008
Opplysningsvesenets fond (Ovf), som tiltakshavar, gjennom AG Plan og Arkitektur AS varsler om at det vert sett igong reguleringsplan over delar av eigedommen til prestegarden på Sæbø til bustadføremål...
Bilete th. prestegardsmarka på Sæbø nord for kyrkja/gravplassen - aug.08
Bernt Arve Hustad
05.10.2008
KJEMPE FIN TUR
Hjørundfjord bygdemobilisering
29.09.2008
Hjørundfjord bygdemobilisering inviterar interesserte hjørundfjordingar med på ein inspirasjonstur til det igjenskapte fiskeværet Kalvåg i Bremanger. No ei turistperle. Vi har begrensa med plassar ledige, så fyrst til mølla..... Er du interessert korleis vi skal utvikle bygda framover så ta kontakt...
Bilete th.er lånt frå Kalvåg og foto er Elise Gulestøl
Knut Hustad
23.09.2008
- Denne turvegen som no er laga til her på elverampa gler meg stort, sa turveteran Andreas Hustad. Så klipte han snora og erklærde "Elverampa tursti" for offisielt opna.
Hjørundfjord bygdemobilisering
19.09.2008
Laurdag 20.september kl.15.00 skal Hjørundfjord bygdemobilisering i lag med trimgruppa i Sæbø idrettslag ha ei høgtideleg opning av ”Elvarampa tursti” Det skal verte snorklipping, matservering og ein skikkeleg ”Rampemarsj”
Bilete th.: Desse damene opnar turstien på laurdag. Haldis Fiskå Mo, Bodil Skare, Irene Osvoll og Hilde Sæbønes
Per Urke
27.08.2008
Det murgrå, triste kaihuset har fått ei ansiktsløfting som vekkjer beundring. Så kvitt, reint og velstelt har vi aldri sett kaihuset på Urke før. Kva har skjedd?
Knut Hustad
02.07.2008
Styringsgruppemedlem og redaktørjobb let seg ikkje kombinere. I dag vart difor Rune Sæbønes takka av Ivar Svein Mo(t.v.) for den innsatsen han har gjort gjennom to og eit halvt år i Hjørundfjord bygdemobilisering. Med seg på vegen ut fekk Rune med seg sjølvaste Fidel...
Knut Hustad
06.06.2008
Som kjent har Bondalen fått gangveg frå Sæbø til Kvistad. Og ikkje nok med det - no har "strikkedamene" gjort den første rasteplassen svært så vakker...
Ivar Svein Mo
31.05.2008
Hjørundfjord bygdemobilisering har jobba målbevisst i over to år, og no kjem det eine etter det andre på plass. Om eit år er mobiliseringa ferdig, og det er ikkje berre rekneskap over dugnadstimar som skal overleverast til Fylkesmannen, men dokumentasjon om bygder med store endringar. I dag fekk vi heilt klart eit sikkert teikn på at det vil verte fleire av oss...
T.h.Ein kjempefugl svever over Moane
Knut Hustad
30.05.2008
Allereie i dag er det ei fin badestrand med stupetårn i Bøvika rett utanfor Maude i Norangsfjorden. No vil Urke og Øyelandet grendelag utvide området med m.a. sandvolleyballbane og leikestativ...
Hjørundfjord bygdemobilisering
29.05.2008
Onsdag 28.5.08 var det som tidlegare meldt her på portalen, eit møte på Sæbø der det vart diskutert og Ørsta kommune kom med eit utkast korleis grøntanlegget nedom Sjukeheimen og muringa av Lisjeelva skal løysast.
Bilete t.h. 08 Hotellet og hamna håper vi vert ein hjørnestein i utviklinga på Sæbø.
Knut Arvid Uglebakken
24.05.2008
Fra Sæbø til Bjørke. Ledige plasser. Unik sjanse til en flott guidet tur.
Omtrent slik lød e-mailen som jeg fikk. Dette kunne jeg ikke la gå fra meg.
Hjørundfjordportalen Administrator
15.05.2008
Mange av bygdemobiliseringsprosjekta i fylket arbeider med rydding og merking av stiar i nærområdet. Å gjere utmark og friluftsområde meir tilgjengelege er positivt både for fastbuande og tilreisande. Men korleis gjer vi det eigentleg? Er det nok å ta med ei øks og ei spann med raud maling til skogs? Eller bør vi gjere eit litt grundigare forarbeid?
Har du lyst å lære dette så ta kontakt med underteikna!
Hjørundfjord bygdemobilisering
14.05.2008
Tine Meieriet Vest, Ørsta kommune Landbrukskontoret, Ørsta Næringskontor, Ørsta bondelag, Hjørundfjord Bygdemobilisering har i lag med Prosjekt Matmangfold i MR Bondelag gått saman i ei arbeidsgruppe for å lokalisere kva lokale ressursar vi har for å produsere kortreist mat. Måndag 19.mai kl.19.30 i kantina på Meieriet Ørsta, kan du få informasjon om dette...
Bilete t.h. er lokalt produsert spekepølse av geitekjøt i Valdres.
Hjørundfjordportalen Administrator
10.05.2008
Formannskapet i Ørsta har den 15.april i år behandla og gjort vedtak om takstar og bruk av samfunnsbåten på Hjørundfjorden. Det er Hjørundfjord Fjordservice AS som driv båtsambandet i dag. Ilag med driftselskapet har kommuna utarbeidd nye takstar.
Rune Sæbønes
01.05.2008
Gjensidige-fondet har gjeve tilsegn om eit tilskot på 40.000 kroner til nye lyspunkt ved Sæbø skule, frå Øyragata (rv.655) til klubbhuset. Det er ei eiga prosjektgruppe i Hjørundfjord bygdemobilisering som har søkt på midlane, og som har ansvaret for fullføringa av prosjektet.
Knut Hustad
26.04.2008
Denne veke har maskinentreprenør Ronny Aamås rydda og planert toppen på elverampa frå Rise til Kvistadbrua. I dag var ein stor dugnadsgjeng på plass og fekk grusa den same strekninga. Dermed er det berre å ta turskorne på og teste den nye gangvegen...
Hilde Muren
14.04.2008
Vi byrjar utviklingsarbeidet med Kapteinkvia, og treng hjelp til å rydde skog. Vi inviterer derfor til "vedhogsdugnad" onsdag 23. april kl 18:00. Vi tar flathogst på det aktuelle område og deler veden etterpå.
Ivar Svein Mo
01.04.2008
Kvart år sender Hjørundfjord bygdemobilisering inn rekneskap og årsmelding til fylkesmannen for godkjenning av arbeidet som er gjort gjennom året. Dette er gjort i år også og Hjørundfjordportalen har fått merksemd ....
Hjørundfjordportalen Administrator
11.03.2008
På søndag 9.mars vart premien til "Årets reportasje Folk og samfunn" –”Årets reportasje Åpen klasse”-”Årets reportasje Fjell og Natur”–Årets reportasje Reisebrev og turopplevingar, delt ut:
Helge Strand
04.03.2008
Bru over "Lissj-elva.....)
Rune Sæbønes
23.02.2008
I dag, laurdag den 23. februar opnar Eiksundsambandet. Om fire år opnar Kvivsvegen. Korleis vil slike prosjekt påverke satsinga i Hjørundfjorden, og er vi budde? Lat oss uansett seie hurra. (Ingressbiletet viser ein entusiastisk Anton Sæbønes (88) på veg over Eiksundbrua. Vegvesen-veteranen sette stor pris på ei spesialomvising han hadde.)
Knut Hustad
22.02.2008
Ferjekaia må flyttast, men ikkje til Sandvika. Trafikkforholda vil aldri verte gode dersom kaia skal ligge der...
Alf Ole Aarseth
15.02.2008
Sidan det kom inn veldig få stemmer på kåring av dei beste artiklane på Hjørundfjordportalen frå 2007, fann styringsgruppa i Hjørundfjorden Bygdemobilisering ut at måten å gjere det på var å danne ein uavhengig jury som kunne ta denne oppgåva.
Då underteikna fekk førespurnad frå styringsgruppa om å være juryleiar var eg ikkje sein om å takke ja ! Eg fekk då i oppgåve å setje saman ein jury som saman skulle foreta denne kåringa på ein balansert og truverdig måte. Her kjem ein presentasjon av jurymedlemane , og litt bakgrunnstoff om korleis kåringa er lagt opp og vert gjennomførd.
Rune Sæbønes
10.02.2008
Dei siste dagane har det vore eit stort engasjement kring planane om Skårasalvegen. Kort oppsummert handlar debatten om kvar grensegangen om næringslivssatsing og naturvern skal vere. Og om naturvern også er næringslivssatsing. Dei siste tretti åra har etter mi meining vist at grundige analysar er naudsynte, for no er villaksen snart raudliste-registrert...
Knut Hustad
06.02.2008
Arbeidsgruppa for veg til Skårasalen er samstemte: Tre år etter at politikarane har gitt oss løyve, skal Skårasalvegen vere klar...
Ivar Svein Mo
23.01.2008
I går kveld tysdag kl. 19.00 - 22.januar, starta Anders Roald fyrste kvelden, til andre pulje i datakursa til Hjørundfjord bygdemobilisering. Kursstad Sæbø skule.
Hjørundfjordportalen Administrator
18.01.2008
Både styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering og kommunestyrepolitikarane i Ørsta kommune opplevde det positivt då det måndag kveld vart halde eit møte om hjørundfjordsaker. Samferdselssaker kom til å stå i fokus. Det handla både om ferja og om sentrumsproblematikken på Sæbø – pluss ei rekkje andre saker.
Knut Hustad
15.01.2008
Det som såg ut til å bli eit datakurs for berre tre-fire deltakarar, har no utvikla seg til å bli to datakurs for 23. Men ingen problem - lærar Anders Roald berre gler seg...
Hjørundfjordportalen Administrator
03.01.2008
Det har vore mange gode reportasjar/innlegg på portalen i 2007, og fleire ynskjer vi å få i 2008. For å motivere til nettopp dette og for å lokke fram nye skrivelystne som vil vere med å lage portal, vil vi kåre den beste reportasjen dette året.
Bilete t.h er 1.nyttårsdag 2008