Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Bygdemob 11" som stikkord

Marit Riise Olsen

22.12.2011

Verdivalg og Distrikspolitikk

Å legge ned legekontoret på Sæbø/Bjørke, om å legge ned kjøkkenet på Hjørundfjordheimen, handlar om verdivalg og Distrikspolitikk. Vil vi ha levande bygder?
Brev sendt til Ordførar og Rådmann på vegne av Grendalaga i Hjørundfjord og Bygdemoblisering. Vi vil sjå reknestykket!

Bilde th: Trim ved Hjørundfjorheimen."Eit lite "knippe" av noko som vi syslar med i kvardagen. Det gjeld å finne dei store gledene i dei små ting", skriv heimen.

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

10.11.2011

Etterlysing av snarvegen E39

Det er med STOR interesse eg merkar meg at ordføraren i Sykkylven, Petter Lyshol, etterlyser eit kortare alternativ for E39 gjennom Sunnmøre.

Dette var å lese i eit oppslag i Sunnmørsposten tidleg i denne veka under tittelen "Snarveg sørover".

Og like interessant er det å lese kommentaren frå senioringeniør Kjell Kvåle i Statens Vegvesen, region Vest.

Les heile

[3 kommentarar]

Bodil Skare

11.09.2011

Vellukka turmarsj.

Sommarvarme og sol, det var endå litt betre enn vi hadde drøymt om til turmarsjen på Elverampa.
Mange tok trimtur med kaffikos, i solveggen på klubbhuset, denne laurdags ettermiddagen.

Les heile

Rune Sæbønes

09.09.2011

Løysing for Stenesvegen

Kommunestyret vedtok ny vegavtale mellom kommunen og Einar Arne Stennes. Les meir i Møre-Nytt: http://www.morenytt.no/nyheiter/article225721.ece

Les heile

Cecilie Rørstad

24.06.2011

Velkomen til Midtsumarblot på Bjørke

No har det heile starta og me ynskjer alle velkomne til ei fin helg i lag med oss på Bjørke. Vi byr på kunst, handverk, god mat, kultur, opning av Bjørke Marina, flott musikk, fjelltur til Oddekloven og mykje meir. I morgon kan du kome sjøvegen med m/s "Hjørundfjord" til Bjørke. Båten går kl. 11.00 frå Solavågen og er innom Sæbø på vegen innover. Retur kl. 17.00.

Klikk på biletet så får du opp programmet for "Midtsumarblot på Bjørke".

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

15.06.2011

Bjørke Marina

Enno ikkje offisielt opna, men takka vere mellom andre Kjetil Rørstad(t.v.) og Jarle Myklebust har Bjørke fått ein splitter ny marina...

Les heile

Per Urke

14.06.2011

Skuffa over avslag om turløypemerking

I Urke Grendalag er dei skuffa over at det ikkje vart noko av tildelinga av midlar til merking av turmål i fjellområda og nærområdet. Det vart søkt om orienteringsskilt i bygda og pilmarkering av tre fjellturar og to trimturar.

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

11.06.2011

Endeleg i hamn og klar til bruk!

Fredag før pinse var det siste runde på ein Bøvik-stafett som har strekt seg over vel eitt år. Gravemaskinarbeidet vart utført i fjor på forsommaren og lenge såg det ut til å stoppe opp med det.

Les heile

Knut Hustad

28.05.2011

Nilsbuda på Sæbø opnar sesong 2

Det er slik som det skal vere - svært mykje å gjere før dørene kan opnast, men no er Anna Moan(t.v.) og Elisabeth Dimmen klare til å ta vel imot oss alle når kunst- og husflidbutikken Nilsbuda på Sæbø opnar laurdag klokka 1100.

Les heile

Per Urke

23.05.2011

Urke Grendalag med stor aktivitet i medvind

Årsmøtet i Urke Grendalag hadde svært godt frammøte og friske diskusjonar om mange av sakene på kartet. Møtet varte i nær fire timar og det vart registrert konkurranse om å få plass i styret, noko som må seiast å vere svært positivt.

Les heile

Per Urke

13.04.2011

Storfjordbrua og Hjørundfjorden

Vegdirektoratet har fastsett målsettinga for stamvegnettet slik: ”Riksvegene er hovedpulsårene i det overordnede nasjonale vegtransportsystemet. De forbinder landsdeler og regioner med hverandre og knytter Norge til utlandet". Dette må vere rettesnora i arbeidet for å finne traséen for E-39, stamvegen frå Trondheim til Kristiansand.

Les heile

[7 kommentarar]

Per Urke

20.02.2011

URKE - Vi vitjar vakre Urke

Ein tilreisande har uttalt at Urke er verdens vakraste bygd ved verdens flottaste fjord. Vi nøkterne tenkjer at det er kanskje å ta munnen for full.

Omtalen ovanfor er grunnlag for tittelen på ein nyskapt guide / vegvisar for Urke og er utvikla spesielt for nettopp Hjørundfjordportalen.

Les heile