Knut Hustad
18.12.2009
Ny ferjekai på Sæbø i 2011
- Det er sett av midlar til ny ferjekai på Sæbø i 2011, skriv Statens vegvesen i eit nabovarsel til grunneigarar og naboar på Sæbø...
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Knut Hustad
18.12.2009
- Det er sett av midlar til ny ferjekai på Sæbø i 2011, skriv Statens vegvesen i eit nabovarsel til grunneigarar og naboar på Sæbø...
Per Atle Røe
05.10.2009
Fylket inviterte til seminar den 25. og 26. september på Åndalsnes for dei 21 mobiliseringsprosjekt som er i gang i Møre og Romsdal. Omlag 40 deltakarar var på plass første dagen der deltakarane i fellesskap vurderte det "som hadde gått bra" og det mobiliseringane " ikkje hadde fått til".
Andre dagen var open med ymse bygdeutviklingstema og det var no kome til 40 nye deltakarar. Hjørundfjord var representert med underteikna.
Ivar Svein Mo
05.10.2009
Bakkestove på Åkre på Bjørke har no fått nytt torvtak med berre materialer frå naturen. 15 nemingar har vore i arbeid 4 dagar for å utføre arbeidet, og huset skal no brukast som eit skuleeksempel på korleis tradisjonen med never og torv har vorte utført oppgjennom tidene…
Bilde th.viser Den gamle røykstova.Bakkedalen og Russadalen i bakgrunnen.
Per Urke
05.10.2009
Urke Grendalag og bygdefolket ligg ikkje på latsida. I løpet av fredag og laurdag ”trylla” ein dugnadsgjeng fram eit utsiktsplatå over fossestryka under og nedanfor Urke-brua.
Marit Riise Olsen
02.10.2009
I møte med leiinga i Ørsta Kommune i samband med byggesaka vår om "gamle samvirkelaget" vart vi merksame på at Ørsta Kommune faktisk ikkje er med i beredskapsvarslinga for Åkernesrenna
(Her fra jonsokfeiring med lurvetog 2009)
Ivar Svein Mo
20.09.2009
Komande veke vert det halde kurs i never og torvtekkjing på Åkre på Bjørke.Og huset som skal få nytt og fagmessig pålagt torvtak, er den gamle freda røykstova i Bakketunet som er under restaurering av Riksantikvaren.
Bilde th. Åkre på Bjørke. Bakketunet til venstre
Per Urke
21.08.2009
På Stenes finn vi gardbrukaren som ikkje vil gi opp arven han har teke over. Medan andre sel mjølkekvoter og legg ned gardsbruka, satsar Einar Arne Stennes på kvotekjøp, nydyrking, eigen småbåthamn og turisthytter.
Per Urke
10.08.2009
Her er det som får oss velvaksne til å sikle. Smaksopplevingar frå gamle dagar dukkar opp.
Og då ungane fekk høyre at dette var softis frå sætra, var det alle som ville smake og alle likte dette ukjende snopet. I tillegg fekk vi flatbrød.
Hjørundfjord bygdemobilisering
26.07.2009
Tysdag i denne veka fekk Sæbø si eiga brosjyre frå Hjørundfjord bygdemobilisering. Tidlegare har HB laga ei bildebrosjyre som omfatta heile fjorden. Brosjyra er utdelt til alle som har med turisme å gjere og Torbjørn Slettedal som driv handel på Sæbø og campingplass var den fyrste som fekk den utdelt…
Knut Hustad
11.07.2009
Endeleg er dei fire lyspunkta frå Øyragata på Sæbø og fram til skulen og klubbhuset på plass...
Ivar Svein Mo
14.06.2009
Dette seier Bondalen Helselag i lag med Hjørundfjord Bygdemobilisering til nye etablerarar. På fredag var leiaren Janneche Myklebust i helselaget i lag med Ivar Svein Mo frå Bygdemobiliseringa/ Hjørundfjordportalen og ynkste to nyetablerte familiar i Bondalen velkomne til bygda…
Hilde Muren
19.05.2009
Laurdag er det dugnad i Sæbø sentrum og på Kapteinkvia. I pausene ønskjer vi debatt om Kapteinkvia. Kva gjer vi med dette området?
Hjørundfjord bygdemobilisering
31.03.2009
Ungdommar i Hjørundfjorden er invitert til Hellesylt måndag 6.april til ein felles ungdomskveld med ungdommar frå Hellesylt og Stranda. Aldersgrense 15-25 år.
Dette er eit Bygdemobiliseringsprosjekt ilag med Hellesylt og alt er gratis inkl. reise.
Er du interessert så ring 90203236/SMS/mosveise@tussa.com eller skriv kommentar for å melde deg på. Det vert buss til/frå Lekneset og båt heimatt.
Sjå program nedanfor.
Knut Hustad
25.03.2009
Heile 60 personar har underteikna eit protestbrev til Ørsta kommune om plasseringa av ferjekaia på Sæbø, men svært mange har ikkje i det heile sett dette brevet, stadfestar Bjarne Hustadnes(arkivfoto t.h), ein av initiativtakarane til brevet...
Hjørundfjordportalen Administrator
22.03.2009
Eg har fylgt med i diskusjonen på Hjørundfjordportalen om plassering av kaia, i utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å engasjere meg, heilt til no.
Etter mi meining må fergekaia leggast der den no er regulert, det vil seie i Sandvika.
Der er mange viktige grunnar for mitt syn.....
Bilde th. Fergekaia er innregulert ca.her bussen står og vert snudd ut frå land.
Per Urke
24.03.2009
Det trengst eit krafttak for Hjørundfjord for å legge til rette for auka turisme. Å bygge gondolheis til Saksa og ei djupvasskai på Urke ville bli eit gigantsteg for å stimulere livskrafta for lokalsamfunna og regionen. Tiltaka er aktualisert gjennom diskusjonen om tunnel Velledalen - Urke - Viddal og vyer som formannskapet i Ørsta kommune nyleg drøfta.
Roy Lillebø
17.03.2009
Grendalaget manglar 2 stk til styret. Har snakka med mange men det er ingen som kan tenkje seg å gå inn i styret.
Dersom det er nokon som kan tenkje seg å gå inn i grendalaget så kan Dykk ta kontakt med valnemda på mail:
saebogrendalag@yahoo.com
Vi må ha tilbakemelding før 21.03.09.
Skulle vi ikkje lykkast med dette så vil vi foreslå å leggje ned "grendalaget".
Mvh
Valnemda v/
Hjørundfjordportalen Administrator
26.02.2009
Den nye ferjekaia vil kome i Sandvika. Formannskapet vedtok torsdag å stå fast på reguleringsplanen frå 1997. Formannskapet opnar for justeringar.
Ole Martin Myklebust
12.02.2009
Etter å ha sett gode innspel frå Per Stein her på Portalen tidlegare i veka og frå Bjarne i Møre Nytt i dag vart eg inspirert til å leggje inn nokre endringar i dei teikningane som eg tidlegare er lagd ut her på Portalen. Vi har og fått tilsendt eit nytt utkast frå Vegvesenet ift. ei alternativ plassering i Sandvika som eg har laga nokre illustrasjonar på.
Ole Martin Myklebust
25.01.2009
Kva skjer med fergekaia på Sæbø? Samtalane kring dette har igjen skote fart. Denne gong er det sjansen for at nokre millionar i statlege krisepakkepengar skal drype på Sæbø som har ført håpet om ei snarlig, og heilt nødvendig, utbetring av dagens fergekai litt nærare ein realitet.