Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Bygdemob 08" som stikkord

Per Urke

21.11.2008

Skattejakta: Kvernhusa på Urke

Nyleg omtala eg stabbura på Urke og i denne omgang er det kvernhusa sin tur til å bli leita fram der dei stillferdig gøymer seg langs elva og er både unyttige og lite påakta.

Det eine kvernhuset etter det andre har falle ned og er borte, berre mosegrodde kvernsteinar ligg kanskje att i terrenget der det sto.

Les heile

[3 kommentarar]

Per Urke

03.11.2008

Stabbura i bygdene

Før frysaren si tid, då sjølvberging var grunnlaget for livet i bygdene, var stabburet eit viktig hus på garden.

I sommar tok eg meg ei runde på Urkegardane, Leknes og Maude. Eg hadde med mitt vesle digitale kamera og fann ut at det var ni stabbur att her i bygda. Det var fleire før..

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

07.10.2008

Prestegardsmarka vert regulert til bustadføremål.

Opplysningsvesenets fond (Ovf), som tiltakshavar, gjennom AG Plan og Arkitektur AS varsler om at det vert sett igong reguleringsplan over delar av eigedommen til prestegarden på Sæbø til bustadføremål...

Bilete th. prestegardsmarka på Sæbø nord for kyrkja/gravplassen - aug.08

Les heile

[4 kommentarar]

Per Urke

05.10.2008

Om skilting, identitet og eigenverdi

Vi har ein flott sommar bak oss og skulle ikkje henge med hovudet. Men likevel snik det seg inn nokre tankar om at vi slit litt med sjølvkjensla vår: "Vi er ikkje noko,vi!". Kan vi gjere nokre grep som kan vere med å rette opp nakken, å briske oss litt?

Les heile

[6 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

29.09.2008

Inspirasjonstur til nokon som har fått til noke.

Hjørundfjord bygdemobilisering inviterar interesserte hjørundfjordingar med på ein inspirasjonstur til det igjenskapte fiskeværet Kalvåg i Bremanger. No ei turistperle. Vi har begrensa med plassar ledige, så fyrst til mølla..... Er du interessert korleis vi skal utvikle bygda framover så ta kontakt...
Bilete th.er lånt frå Kalvåg og foto er Elise Gulestøl

Les heile

[4 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

19.09.2008

Elvarampa tursti - frå Hustadbru til Kvistad brua.

Laurdag 20.september kl.15.00 skal Hjørundfjord bygdemobilisering i lag med trimgruppa i Sæbø idrettslag ha ei høgtideleg opning av ”Elvarampa tursti” Det skal verte snorklipping, matservering og ein skikkeleg ”Rampemarsj”

Bilete th.: Desse damene opnar turstien på laurdag. Haldis Fiskå Mo, Bodil Skare, Irene Osvoll og Hilde Sæbønes

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

15.07.2008

Det trengst stadig ..

Gratulerer Sæbø med nyoppussa toalett ved ferjekaia! Det er viktig å ha dette tilbodet som ein gest over for reisande og det fortel noko om kor velkomen ein gjest er i bygda, sjøl om det ofte ein er berre på gjennomreis. På Urke saknar vi eit toalett, men kanskje det blir ei råd?

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

02.07.2008

Rune takka for seg

Styringsgruppemedlem og redaktørjobb let seg ikkje kombinere. I dag vart difor Rune Sæbønes takka av Ivar Svein Mo(t.v.) for den innsatsen han har gjort gjennom to og eit halvt år i Hjørundfjord bygdemobilisering. Med seg på vegen ut fekk Rune med seg sjølvaste Fidel...

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

06.06.2008

Strikkeplassen(?)

Som kjent har Bondalen fått gangveg frå Sæbø til Kvistad. Og ikkje nok med det - no har "strikkedamene" gjort den første rasteplassen svært så vakker...

Les heile

[2 kommentarar]

Per Urke

02.06.2008

Underverket skal granskast

I samband med URKE-HELG 2008 skal vi kaste meir lys over eit gammalt mysterium. Det er meir enn 100 år sidan namnet Underverket vart teke i bruk, men berre nokre få veit kvar det ligg og kva som gøymer seg der.

Vi inviterer deltakarane til tur laurdag, 9. august og saman med oss har fleire medlemmer i Ålesund og Omegn Geologiforening sagt at dei vil vere med.

Les heile

Knut Hustad

30.05.2008

Badeplass og fritidsområde i Bøvika

Allereie i dag er det ei fin badestrand med stupetårn i Bøvika rett utanfor Maude i Norangsfjorden. No vil Urke og Øyelandet grendelag utvide området med m.a. sandvolleyballbane og leikestativ...

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

29.05.2008

No eller seinare?

Onsdag 28.5.08 var det som tidlegare meldt her på portalen, eit møte på Sæbø der det vart diskutert og Ørsta kommune kom med eit utkast korleis grøntanlegget nedom Sjukeheimen og muringa av Lisjeelva skal løysast.
Bilete t.h. 08 Hotellet og hamna håper vi vert ein hjørnestein i utviklinga på Sæbø.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Arvid Uglebakken

24.05.2008

Vårens vakraste båt-tur

Fra Sæbø til Bjørke. Ledige plasser. Unik sjanse til en flott guidet tur.
Omtrent slik lød e-mailen som jeg fikk. Dette kunne jeg ikke la gå fra meg.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

14.05.2008

Lokal videreforedling av landbruksprodukt

Tine Meieriet Vest, Ørsta kommune Landbrukskontoret, Ørsta Næringskontor, Ørsta bondelag, Hjørundfjord Bygdemobilisering har i lag med Prosjekt Matmangfold i MR Bondelag gått saman i ei arbeidsgruppe for å lokalisere kva lokale ressursar vi har for å produsere kortreist mat. Måndag 19.mai kl.19.30 i kantina på Meieriet Ørsta, kan du få informasjon om dette...
Bilete t.h. er lokalt produsert spekepølse av geitekjøt i Valdres.

Les heile

[2 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.05.2008

40.000 til lys ved skulen

Gjensidige-fondet har gjeve tilsegn om eit tilskot på 40.000 kroner til nye lyspunkt ved Sæbø skule, frå Øyragata (rv.655) til klubbhuset. Det er ei eiga prosjektgruppe i Hjørundfjord bygdemobilisering som har søkt på midlane, og som har ansvaret for fullføringa av prosjektet.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

26.04.2008

Byggesteg to snart ferdig

Denne veke har maskinentreprenør Ronny Aamås rydda og planert toppen på elverampa frå Rise til Kvistadbrua. I dag var ein stor dugnadsgjeng på plass og fekk grusa den same strekninga. Dermed er det berre å ta turskorne på og teste den nye gangvegen...

Les heile

[5 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

11.03.2008

Prisutdeling av "Årets reportasjar"

På søndag 9.mars vart premien til "Årets reportasje Folk og samfunn" –”Årets reportasje Åpen klasse”-”Årets reportasje Fjell og Natur”–Årets reportasje Reisebrev og turopplevingar, delt ut:

Les heile

Ivar Svein Mo

23.01.2008

Datakurset andre pulje har starta.

I går kveld tysdag kl. 19.00 - 22.januar, starta Anders Roald fyrste kvelden, til andre pulje i datakursa til Hjørundfjord bygdemobilisering. Kursstad Sæbø skule.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

18.01.2008

I møte med Gudny

Både styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering og kommunestyrepolitikarane i Ørsta kommune opplevde det positivt då det måndag kveld vart halde eit møte om hjørundfjordsaker. Samferdselssaker kom til å stå i fokus. Det handla både om ferja og om sentrumsproblematikken på Sæbø – pluss ei rekkje andre saker.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

15.01.2008

Datakurset er igang

Det som såg ut til å bli eit datakurs for berre tre-fire deltakarar, har no utvikla seg til å bli to datakurs for 23. Men ingen problem - lærar Anders Roald berre gler seg...

Les heile