Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Bygdemob 07" som stikkord

Per Urke

09.07.2009

Å bu i klyngetunet på Ytre-Urke

Det er kort avstand mellom naboane i eit klyngetun. På mange måtar er det praktisk når det gjeld å finne enkle løysingar for felletiltaka. Etter kvart som utskiftingane kom, vart klyngetuna borte. Men på Ytre Urke har det aldri vore ei slik utskifting. Fem gardar høyrer med under Ytre-Urke. Tre av tuna ligg i tett klynge.

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

16.12.2007

Datakurs

Rett over nyttår startar endeleg datakurset for nybyrjarar på Sæbø skule. Det er Anders Roald(t.h.) som vert kursleiar. Og kurset vert slett ikkje kostbart...

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

21.11.2007

hjorundfjord.no på Oppstartseminar

Fylket startar opp prosjektet Tilflytting og rekruttering 2017 (TIL 2017). I dag og i morgon er det oppstartseminar i Molde. hjorundfjord.no er invitert og deltek ved Knut Hustad…

Les heile

[1 kommentar]

Per Urke

05.11.2007

UNDERVERKET - Del 2: Møte med geologane

Her kjem del 2 i framhaldssoga om Underverket i Langsæterdalen. Torstein Urke sin stein frå gropa på Steinreset skal underleggast sakkyndig vurdering!

Eg møtte i dag i klubblokalet til Ålesund og Omegn Geologiforening og vart presentert som gjest i medlemsmøtet av leiar Siw Brandal Godø. Ho referete bakgrunnen for saka ved å gå gjennom Hjørundfjordportalen sitt oppslag 30.10. For anledninga hadde ho engasjert foreninga sin spesialist, Einar Fivelsdal, som skulle sjå steinen for første gong i tillegg til at han skulle halde ei orientering om kalk / kalsitt.

Les heile

Rune Sæbønes

29.10.2007

Tonje og Tiril stal showet

- På bygdene er det ofte slik at det vert skapt gode ungdomstilbod, men som kanskje passar best for gutar. I Hjørundfjorden er det gode tilbode viss ein skal spele fotball, drive med fiske, spele paintball eller ha dataparty. No spelar jenter fotball, og vi kan fiske også, men vi skulle ynskt at ein også tenkte meir på tilbod for jenter.

Det sa femtenåringane Tonje Urkegjerde og Tiril Holen under nettverkssamlinga for bygdemobiliseringar på Sæbø i laurdag. Dei stal showet.

Les heile

[7 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

22.10.2007

Bygdemobliserings treff.

Komande fredag og laurdag skal bygdemobliseringane i Møre og Romsdal treffast på Sæbø. Hjørunfjorden bygdemoblisering skal være vertskap.. Bilete til h.er Sæbø frå fjorden

Les heile

[1 kommentar]

Per Atle Røe

08.10.2007

Kvifor klyngetun på Bjørke

Det er mange gode grunnar til å satse på etablering av nye gardstilknytta klyngetun. Klyngetuna kan styrkje busetjinga i ei grend eller bygd, og skape gode bukvalitetar for både born og vaksne. Fortetting i nærleiken av eksisterande bygningar kan også sikre samanhengande jordbruksområde og kulturlandskap. Klyngetuna kan i tillegg vere grunnlag for næringsutvikling på gardane. Nye bustader i nærleiken av gardstun kan også gje fleire menneske nære band til landbruket.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

18.09.2007

Bygdemobliseringa planlegg datakurs

Dersom du ynskjer å lære meir så kan Bygdemobliseringa hjelpe til med eit stort eller lite kurs i bruk av data! Kursplass Sæbøskulen, men kva er behovet?

Les heile

Rune Sæbønes

31.08.2007

4 meter høg flodbølgje kan velte over Sæbø

Når Åkerneset i Storfjorden rasar ut i sjøen, kan det føre til fatale følgjer også i Hjørundfjorden. Ei internasjonal forskargruppe har konkludert med at ei flodbølgje med fire meters høgde kan velte over Sæbø. Fredag var ordførar Hans-Olav Myklebust (biletet)på Sæbø for i første omgang å orientere Møre-Nytt om den nye situasjonen.

Les heile

[9 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

31.08.2007

Dugnad på elvarampa igjen.

I morgon laurdag 1.september kl.11.00 starter vi med dugnad langs elverampa i trinn 2, Rise-Kvistad bru.

Bilete til høgre er frå dugnaden i fjor på Rise.

Les heile

Per Urke

30.08.2007

Kulturvandringa på Stenes

Hjørundfjord Sogelag og Kulturvernelaget avvikla si årlege kulturvandring til gardane på Stenes ved Norangsfjorden 19. august. 150 møtte og det vart trangt og triveleg...

Les heile

[4 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

25.08.2007

Køyr valkamp på hjorundfjord.no

Hjørundfjordportalen inviterer med dette dei politiske partia til å kome med innlegg på hjorundfjord.no. Vi ynskjer særleg at partia skriv om hjørundfjord-saker, men vi er såpass utoverretta at vi ser at saker som gagnar Ørsta og regionen, også gagnar oss.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

21.07.2007

Apropos Messerschmidtjakta...

Det var interessant å høyre om jakta på den tapte skatten omlag 100 meter aust for Urkekaia.
Eg har nettopp fått avfotografert eit par bilete som viser flyet slik det låg på Iva-plattingen i mange år etter krigen...

Les heile

[6 kommentarar]

Enok Kippersund

07.07.2007

Bjørke Sommarfestival

Sommar og moro for små og store på Bjørke Sommarfestival! Innbyding og førebels program er å finne på http://prillarguri.wordpress.com

Vel komen! Vel koma! Vel komne!

Les heile

Hilde Muren

30.06.2007

Vi gjorde Sæbø vakrare

I dag var den store dugnadsdagen i Sæbø. I sentrum vart både sentrum og kyrkjemuren rydda. På Flatneset vart kabelTv-anlegget sikra. Vi fordelte ressursane mellom oss, og gjett om det vart gode resultat!

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

28.06.2007

CruiseService også med kveldstur

Det vert tre daglege avgangar til og frå Ålesund med Fjordabåten til CruiseService i sommar. Den 1. juli startar båtruta opp att, og ho vil gå fram til 15. august. Alle dagar med ny ekstra kveldsrute. Nytt av året er også at båten stoppar på signal/føreåttinging på Urke, og andre stader på ruta der folk t.d. har vore på fjellturar.

Les heile

Rune Sæbønes

20.06.2007

Prillar-guri varig verna

Hundre raude telefonkiosker kring om i heile landet er no sikra vern og vedlikehold for framtida. Mellom dei hundre kioskane er Prillar-Guri på Bjørke og telefonkiosken i Barstadvik.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

17.06.2007

T-skjortene

Mange har allereie kjøpt Hjørundfjorden og hjorundfjord.no sine eigen t-skjorter. Vil du ha ei? Bur du på Austlandet, Vestlandet, Sørlandet eller i Nord-Noreg? Ingen problem...

Les heile

Hilde Muren

11.06.2007

Kva vil vi med Sæbø sentrum - 2

Tirsdag 7juni møttest representantar for Hjørundfjord bygdeutviklinga for å drøfte vidare tiltak i Sæbø sentrum. Vi fekk mange innspel på artikkel på portalen, medan forslagskassa var tom. Under vil eg kort skissere kva nemnda drøfta.

Les heile

[7 kommentarar]

Knut Hustad

01.06.2007

Så er ho her - t-skjorta

Vi har vente i spenning - vil hjorundfjord.no og heile Hjørundfjorden si eiga t-skjorte verte ferdig til Hjørundfjorddagane? No er ho her - i ulike variantar...Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten.

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

31.05.2007

Skyssbåtkaia teken i bruk

Den nye skyssbåtkaia på Sæbø er teken i bruk. Både M/S Hjørundfjord og Cruise Service sin Nordic Sky har brukt kaia. Enno er ikkje kaia heilt ferdig, men dei siste detaljane kjem raskt på plass.

Les heile

[4 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

31.05.2007

Ny Hjørundfjord-brosjyre

Brosjyren er no ferdigtrykt og klar for bruk. Han er meint å vere ein apetittvekkar for alle interesserte i fjorden, tindane, kulturen og folket. Brosjyren har ingen adresser eller telefonnummer til produktleverandørar, berre til hjorundfjord.no.
Bygdemobiliseringa vil på denne måten prøve å skape eit samspel med portalen slik at det er heimesida som eigentleg er hovudbrosjyra. Der skal vi gjere produkta våre attraktive og tilgjengelege. Der skal kundane få nok og så god informasjon at Hjørundfjorden kjem med i deira framtidige reise- og ferieplanar.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

28.05.2007

Invitasjon

Hjørundfjorden Bygdemoblisering skal arbeide for trivsel,bulyst og næringstiltak i Hjørundfjorden. Styringsgruppa held møte i morgonkveld tysdag 29.mai på Bondalens grendahus kl.20.00. For at vi skal kunne arbeide målretta framover er vi avhengig av innspel frå dei unge i bygdene....
Bilete t.h.er frå sist møte på Haukly på Bjørke. Her hadde vi besøk av varaordførar og Liv Bente frå Landbrukskontoret.

Les heile

Knut Hustad

26.05.2007

Skyssbåtkaia på plass

I går, fredag den 25.mai, kom den nye flytebrygga på plass på Sæbø. Om kvelden same dag kunne Brit Østgård og ektemannen hennar glede seg over å få ta den nye skyssbåtkaia i bruk - som dei første...(Foto: Hilde Muren)

Les heile

Hilde Muren

24.05.2007

Korleis vil vi ha det i Sæbø sentrum?

Utfyllinga av strandlinja på begge sider av Lisjeelva er snart ferdig. Etter å ha venta i fleire tiår på at noko skulle skje, skjedde mykje veldig fort. I løpet av nokre få dagar har Sæbø sentrum vakse med mange kvadratmeter, og det store spørsmålet er: Kva gjer vi her? Hjørundfjord Bygdeutvikling ber om idear og innspel frå bygdefolket, bruk gjerne portalen eller forslagskassa til Grendalaget (på Bellingen).

Les heile

[23 kommentarar]

Rune Sæbønes

15.05.2007

Reiselivet på topp –

Har du merka ei endring på hjorundfjord.no siste veka?
Ja, lesarane har alltid rett. Vi har lagt inn reiselivet på topp. Det har samanheng med den nye Hjørundfjord-brosjyren, som Hjørundfjord Bygdemobilisering gjev ut i samarbeid med reiselivsbedriftene i fjorden.

Les heile

[7 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

09.05.2007

Bygdemobiliseringa presenterte seg i Geiranger

Hjørundfjord bygdemobilisering presenterte prosjektet sitt på Geirangerkonferansen tysdag 8.mai. Geirangerkonferansen vert arrangert av landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke, og er for landbruksavdelingar, sentraladministrasjonar og politikarar frå heile fylket.

Les heile

Knut Hustad

03.05.2007

Utbygginga har starta

Så er 30 års venting over. I dag starta utbygginga av den nye småbåthamna som vert plassert mellom Sagafjord Hotell AS på Sæbø og elveosen på Hustad...

Les heile

[4 kommentarar]

Astrid Hustadnes Wille

29.04.2007

Råsa til Lisjehauen og Tua oppmerka.

Råsa til Lisjehauen og Tua ved Hustadneset er ei rås som aldri har vore oppmerka. Mykje bjørkaskog gjer att råsa lett gror att.
I dag tok Astrid Hustadnes Wille og Anders Hustadnes tak i arbeidet med å reinske råsa for velta bjørkaskog og oppmerking.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

08.04.2007

200 med på Skattejakta søndag

Kring 200 var med på Skattejakta søndag, og då i vesentleg betre ver enn under snøstromen fredag. Ola Sæbønes (biletet) som eldste deltakar og dei andre gjekk søndag fram den opprusta rampa, og ned att via Gamle-Rise. Spørsmål og svar for begge dagar ligg inne på denne saka.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

23.03.2007

Vegvesenet var på synfaring på Sæbø

Onsdag den 21 mars var det sikkert ein del som lurte på kva som føregjekk. Kommuna og bygdemobliseringa hadde synfaring ilag med Vegvesenet for å sjå på dei vanskelege trafikkforholda, gjennom Sæbø sentrum.

Bilete t.h:Kjell Otto Holen i framgrunnen.Bak (Skjult)Siv Sundgot og Nils Bjørdal. Til høgre Gunnar Wangen og planleggar John Fylling.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

21.03.2007

- Lovande for ny gymnastikksal

- Då vi i 2005 sette ned ei nemnd for å få ny gymnastikksal på Sæbø skule, trudde vi at vi var veldig optimistiske viss vi fekk byggjestart i 2008. No kan det sjå ut som om det vil skje, seier Tore Stokke, medlem i nemnda som arbeider for ny gymnastikksal på Sæbø skule.

Les heile

Hjørundfjordportalen Administrator

16.03.2007

Bygdemobiliseringa seier nei til oppdrett

Hjørundfjord bygdemobilisering seier nei til sjøbasert fiskeoppdrett i Hjørundfjorden i sin merknad til kystsoneplanen. Bygdemobiliseringa legg elles vekt på at landbruket framleis må ha vekstvilkår.

Les heile

Knut Hustad

08.02.2007

Ny skyssbåtkai på Sæbø

- Intensjonen er klar, ny skyssbåtkai på Sæbø skal vere klar til sommaren. Det er Svein Silseth(t.h.) i Ørsta kommune som seier dette til hjorundfjord.no.

Les heile