Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Bygdemob 06" som stikkord

Hjørundfjordportalen Administrator

10.05.2008

Nye takstar for bruk av MS Hjørundfjord

Formannskapet i Ørsta har den 15.april i år behandla og gjort vedtak om takstar og bruk av samfunnsbåten på Hjørundfjorden. Det er Hjørundfjord Fjordservice AS som driv båtsambandet i dag. Ilag med driftselskapet har kommuna utarbeidd nye takstar.

Les heile

Rune Sæbønes

21.12.2006

Er dette "nye" Sæbø?

Sæbø sentrum skal fornyast. Det er eit av hovudmåla til bygdemobiliseringa. Korleis skal så sentrum sjå ut? Styringsgruppa for Hjørundfjorden bygdemobilisering sin visjon kan du lese om i denne saka.

Les heile

[9 kommentarar]

Rune Sæbønes

19.12.2006

Startløyving på 800.000 til ny gymsal

Då er arbeidet med ein ny gymnastikksal på Sæbø skule i gang for alvor. Ørsta kommunestyre vedtok tysdag (i dag) å løyve 800.000 kroner til forprosjektet. Kommunestyret seier også at det vil verte lagt inn løyvingar i økonomiplanen frå 2008 og framover i samband med rulleringa av økonomiplanen i mai.

Les heile

Rune Sæbønes

19.12.2006

Ein halv million kroner til Sæbø sentrum

Ørsta kommunestyre har løyvd ein halv million kroner til investeringar i Sæbø sentrum komande år. Det vart avgjort under budsjetthandsaminga tysdag (i dag). Leiar i Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, er strålande nøgd.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

06.12.2006

Søknad retta til Fjord 1 Buss Møre

Sæbø Grendalag og Hjørundfjord Bygdeutvikling har saman skrive brev til Fjord 1 Buss Møre om starte opp att laurdags- og søndagsruta frå 1/5/07. For at dette skal bli ein realitet må Fjord 1 Buss Møre søkje fylket om midlar til å starte opp att rutene. Det krev at vi tar kontakt med fylkespolitikarar og legg fram saka vår. Nedanfor kan du lese brevet.

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

22.11.2006

Storfjorden vert med i bygdemobiliseringa

Storfjorden vert etter alt å døme ein del av Hjørundfjorden bygdemobilisering. Bjørke Grendelag har søkt om bygdemobiliseringa om å få vere med, noko styringsgruppa aksepterte på møte tysdag. Det er landbruksavdelinga hos Møre og Romsdal fylke som har siste ordet.

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

14.11.2006

Bygda har teke grep om eiga utvikling !

Hjørundfjorden Bygdemoblisering er godt i gong og vil ha mange oppgåver framover.Vil du ha informasjon kva vi har gjordt og vil gjere framover, så kan du lese her...
Bilete til høgre er utsikt innover i Storfjorden.Du ser Urke Skår og Leira.(foto Bernt Arve Hustad)

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

05.11.2006

Maskineigar Ronny Aamås

I dag avslutta maskineigar og maskinførar Ronny Aamås arbeidet med gangvegen på elverampa frå Hustadbrua til Rise. Han har utan tvil gjort eit svært godt arbeid.

Les heile

Knut Hustad

28.10.2006

Gangvegen på "Riserampa" vert grusa

Tidelgare har ein dugnadsgjeng rydda rampa frå Hustadbrua til Rise for skog og kratt. I dag vart fyrste del av rampa grusa. Dermed har vi fått ein fin gangveg. Til høgre ser vi Knut J. Riise(på traktoren) og Ansgar Kvistad i arbeid.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

01.10.2006

Vidareforedling av mat i bygdemobiliseringa

God mat er god bygdemobilisering, og ikkje minst er vidareforedling av mat som kan skape arbeidsplassar, god bygdemobilisering. Tysdag den 17. oktober inviterer Prosjekt Matmangfald i Møre og Romsdal i samarbeid med bygdemobiliseringa og Ørsta kommune til møte om vidareforedling mat. Møtet er på Rekkedal gjestehus.

Les heile

Rune Sæbønes

01.10.2006

Møtte andre bygdemobiliseringar

Fredag og laurdag samla landbuksavdelinga i Møre og Romsdal fylke dei eksisterande bygdemobiliseringane i fylket til møte og erfaringsutveksling i Ålesund. Det vart eit nyttig møte.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

10.09.2006

Velukka dugnad på rampa.

I går på laurdag 9.september arrangerte Bygdemobliseringa dugnad for å lage turveg lags elva frå Hustadbrua til Rise. Mange møtte opp, det vart registrert 22 frammøtte etter ei stund, og stemninga var av den aller beste....
(på bilete ser du Rise i 2003)

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

07.09.2006

Eivind Ryste - den nye kontaktpersonen

Den nye kontaktpersonen til Hjørundfjord bygdemobilisering hos Møre og Romsdal fylke, er ørstingen Eivind Ryste. Denne mannen let det meir enn skine igjennom at kvinnene i Hjørundfjorden er viktigare enn mennene. Det har i dag lukkast hjorundfjord.no å få eit eksklusivt intervju med denne personen...

Les heile

[5 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

22.05.2006

Naturlos kurs (På skattejakt i Hjørundfjorden)

Introduksjon til kurset tirsdag 23. mai kl 20.00 på Hotell Sagafjord Sæbø.

...Dette er eit møte der alle interesserte kan møte for å få treffe fylkesagronomen og eventuelt melde seg på dei siste ledige kursplassane.

Les heile

Ivar Svein Mo

29.04.2006

KURS for NATURLOSAR ”På skattejakt i Hjørundfjorden”

Til alle personar som driver eller planlegger å veilede turister i natur og kulturlandskap er velkomen til å delta på guidekurs på Sagafjord hotell på Sæbø i slutten av mai. Det er Gjermundnes fagsenter som er arrangør ilag med landbruksavdelinga i Møre og Romsdal Fylke, og Hjørundfjorden Bygdemoblisering. Kurset kan passe for personar i heile regionen (Ørsta og Volda) og er spesielt tenkt som ei handsrekning til bønder som kan tenke seg dette som attåtnæring.
Dette er eit kurs for heile regionen, og det er kun få plassar att.

Les heile

Ivar Svein Mo

13.03.2006

Den nye skyssbåten ”Hjørundfjord” er komen på plass

Styringsgruppa i Hjørundfjord bygdeutvikling vil gratulere hjørundfjordingar, reder og skipper Oddvar Olsen med sin nyinnkjøpte båt. Vi vil også gratulere Ørsta kommune med eit godt val for både hjørundfjordingane, tilreisane som ynskjer seg ein cruise på fjorden og Ørsta kommune som skal bruke båten til sine tenester.

Les heile

Ivar Svein Mo

24.01.2006

Bygdemobiliseringsmøte 01.02 - 20.00

<strong>Til organisasjonar, lag og grupper i Hjørundfjord</strong> <p>De vert med dette invitert til oppstartmøte for Hjørundfjord sitt bygdemobiliseringsprosjekt i <strong>Bondalen Grendahus, onsdag 1. febr. kl. 20.00 <br>
<br>Det vert oppsett skyss med Rødhette frå Lekneset kl.19.30.Videre skyss frå kaia til Grendahuset. Etter møte vert det retur tilbake til Lekneset.</strong>

Les heile