Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Bilder Anders Hustadnes" som stikkord

Knut Riise

11.01.2013

Siste bil over Urke fergekai

Det er mange år sia fergekaia på Urke vart flytta til Lekneset.
Men eg kom over ein konvolutt der det står: Siste bil over Urke fergekai. Sjølvsagt Anders Hustadnes som er fotograf.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Riise

10.01.2013

Utstilling på Frøland ca 1958

Frå Anders Hustadnes sitt arkiv har eg funne fram ein hendelse som eg kan hugse som ein stor dag i Bondalen, i alle høve for oss ungane.
Broder Arne, som også kan sjåast på eit par av fotoa hugsa også at me hadde med oss ei ku til utstillinga, + 1 høysekk til foring.

Etter studiar av alder på dei yngste på bileta, har eg kome til at årstalet for utstillinga må vere 2 år seinare, altså 1958.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Riise

31.12.2012

Gamle bilete.

I dag den 29. des, då avisomberinga sviktar, er det freistande å legge ut eit bilete av Laurits Rekkedal.
Han er det fyrste postbodet eg kan hugse.
Sjølv om han hadde vore mange år i utlandet var han i alle fall i stand til å finne alle postkassene i dalen.
Det er så ymse med dei utlendingane som ber rundt avisa no for tida.
Det var nesten rart at eg kom fram på dette biletet i går kveld då eg scanna negativ frå Anders Hustadnes sitt arkiv for sogelaget.
Kanskje kan me bruke portalen for å identifisere personar og stader/årstal?
Eg prøvar, og håpar på kommentarar, så får me kanskje litt fart på Hjørundfjord.no også?

Les heile

[10 kommentarar]

Knut Riise

12.01.2012

Fiskekonkurranse 1973?

Dei første negativa på scannaren til Ivar gav oss desse glimrande fotoa frå ei tid som i ettertid er som eit eventyr, sjølv for oss som var der og deltok.
Denne serien er truleg frå det argaste av alle gode lakseår, eller pjakkeår, må ein vel helst kalle det, 1973.
Sjølv om eg ikkje kan kalle meg for nokon stor laksefiskar så fekk eg ein morgon 23 pjakkar og ein laks, og måtte gå to vender med fisk før eg henta troda. I trea på Hustadsida hang fisk så langt ein kunne sjå nedover og framover. Kor mykje dei argaste fiskarane tok same morgonen er vanskeleg å forstille seg.
Alle foto: Anders Hustadnes.

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Riise

11.01.2012

Flinke jenter på Sæbø

Vi har så smått teke til å samle inn og scanne gamle bilete og negativ.
I samband med det har vi så vidt teke til på negativskuffa til Anders Hustadnes. Eg kan love at der er mykje flott!
Endå har vi ikkje fått kjøpt inn utstyr, men Ivar Svein Mo har ein scanner privat, og han har gått i gjennom ein liten del av Hustadnesnegativa. Her er ein smakebit. Kommenter gjerne kven jentene er og kva tid bileta er tekne.

Les heile

[3 kommentarar]