Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Barnekor" som stikkord

Kristin Vatne

04.06.2019

Hjørundfjord Barnefestival

Vi gjentek suksessen frå i fjor og har gleda av å invitere deg til årets korhappening: Barnefestival i Hjørundfjord kyrkje, søndag 09.juni.
Vi byrjar med konsertgudsteneste, kl.12.00, der alle barnekora opptrer: Manana og White Spirit frå Volda, Hjørundfjord jentekor og Hjørundfjord barnekor frå Sæbø.
Band:
Torgeir Standal Hovden -gitar, Svein Hunnes -bass, Kay Are Urkegjerde - trommer, Marie A.Riise - piano.

Les heile

Marie Austrheim Riise

11.09.2014

Til alle foreldre i Hj.fjord barnekor.

Barnekoret er godt i gang og det er kjekt å sjå så mange strålande ansikt i koret! Det blir ein flott haust med mange kjekke øvingar. Vi har fortsatt plass til fleire dersom nokon har lyst å byrje i Hj.fjord barnekor.Koret er frå 1.klasse og oppover. De er hjarteleg velkomne!

Dirigent for barnekoret, Marie Austrheim Riise, vil gjerne ha kontaktinfo for alle borna som no går i koret. Gjer vel å send meg ein epost med navn på barnet, navn på foreldre, samt tlf.nr og epostadr. til foreldre. Det er også fint å ha tlf.nr viss det skulle vere noko. På epost vil de få nyttig informasjon om øvingane gjennom hausten og viktige datoar som de må setje av. Send kontaktinfo til :

marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg anten på epost eller på tlf: 45235996.

Mvh,

Marie Austrheim Riise
Dirigent.

Les heile

Marie Austrheim Riise

23.08.2012

Hjørundfjord Barnekor

Hjørundfjord Barnekor!

Hausten er komen og Hjørundfjord Barnekor gler seg til eit nytt år! Likar du å synge? Bli med i koret! Frå 1.klasse og oppover.

Les heile