Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Barneidrett" som stikkord

Lisbeth Aklestad

31.08.2012

Sykkelløp

Fredag 7. september arrangerer Barneidretten sykkelløp. Påmelding frå klokka 17.30. Både mål og start er ved klubbhuset. Du vel sjølv kor langt du vil sykle, og det er drikkestasjon undervegs. Etter løpet vert det delt ut pølser og saft til deltakerane i målområdet.

Det vil verte loddsal med fine premiar, og me vil også ha trekning på startnummer.

Startkontingent : kr 50 pr pers, kr 150 pr familie (inkl. pølse m/brød og saft).

Les heile

Siw Lillebø

30.01.2012

Skirenn på Bondalseidet

Mandagane har det vore arrangert skirenn i regi av Barneidretten. No står det att 2 renn, så det er endå ikkje for seint å finn fram skiutstyr og møte opp. Det er kjempe kjekt og sosialt. Siste frist for å betale og dermed sikre seg pokal er tysdag 31. januar.

Les heile

[3 kommentarar]

Siw Lillebø

10.01.2011

Ein flott kveld i skiløypa

I dag arrangerte Barneidretten på Sæbø sesongens første skirenn på Bondalseidet. Været og føret var supert, og små og store kosa seg.

Les heile

Siw Lillebø

13.06.2010

Fotball, fotball og fergekø

I dag har vi vore i Dalsfjorden på fotballturnering, grunna fråfall vart vi berre 7 spelarar i dag. Men det gjekk KJEMPE BRA. Når 6 lag med spelarar og foreldre skal reise med samme ferge til Lauvstad vart det kø, og nesten alle fekk vere med ferga.

Les heile

[3 kommentarar]

Siw Lillebø

01.06.2010

Ein aktiv dag på Sæbø stadion

I dag har det vore både trening og turnering på fotballbana. Og alt i regi av Barneidretten på Sæbø som denne sesongen har nesten 40 kjekke fotballspelarar i aksjon.

Les heile

Siw Lillebø

08.05.2010

Fotball heile dagen

I dag har det vore fotball heile dagen. Alle 4 laga til Barneidretten på Sæbø har vore på bana i dag. Nokren i Ørsta, nokren på Hødd og 2 lag i Volda. Resultata har variert, men det har blitt skåra mange mål.

Les heile

[2 kommentarar]

Siw Lillebø

12.04.2010

Du og du kor kjekt det var...

Søndag 11. april ivaderte vi Volda. Barneidretten på Sæbø arrangerte aktivitetsdag med trimtur og bading. Vi storkosa oss alle sammen og gler oss til liknande arrangement ein annan gong.

Les heile

[1 kommentar]

Siw Lillebø

03.06.2009

Fotballturnering

Idag har vi arrangert turnering for gutar 9 år her på Sæbø. Sjølv om vèret ikkje var det beste så var innsatsen både på banene og på sidelinjene god.

Les heile

[1 kommentar]