Før lakseåpninga i elva vil eg mimre  og minnast oppatt litt....frå ei svunna tid. Vonleg til glede for enkelte vitjande på portalen. Personen på biletet er herr Gustav Unefeldt frå Sverige. Skulesjef i Strømstad.Han ferierte fleire år på Hustadneset. Ifølgje Arne J.Hustadnes på midten av 70-talet. Filmen vart ifølgje T.Hustad spelt inn i 1987. Meinte han. Men var ikkje heilt sikker. Laksen vog vel 7 kg og vart kleppa av underteikna. Han sende meg biletet til jul. Gustav var som sagt skulesjef, men på fritida skreiv han krim.romanar. Mellom lakseslaga i Bondalselva vart romanen "Polisen som inta vågade ta semester" forfatta. Utgongspunktet for romanen var nemleg på Hustadneset. Ikkje nok med det. Romanen vart filma, bl.a der! I manuskriptet skulle Aslaug Hustadnes (dotter til Anders) reise til Oslo på sjukepleiarskule, og vart.....myrda! Historia vidare minnast eg ikkje, men Aslaug er i alle fall meir enn oppegåande, og det er det viktigaste! Mor på huset var ingen andre enn Anne M Ottersen i sine beste estetiske år! Bonden på garden var ikkje Anders, men hald dykk fast! Sjølvsagt Tomas Hustad! Fotogen allereie då! Oscar-nominert vart han for den beste bi,bi osv.-rolla. Det skal i rettferd seiast at Tomas ikkje hadde ein einaste replikk. Han skulle berre frå tid til anna stå i fjøsdøra og sjå skummel ut. Noko som Tomas gjorde fortreffeleg! Lat imidlertid ikkje Tomas stele heile showet i dette vesle attersynet. Villaksen med sine 7 kg burde ha fleire Oscar, spør du meg.....