Klikk på fotoa for stor versjon.

Fred Ingar (Somby) har vore nærast verpesjuk i det siste.  Til denne helga hadde han invitert tre kameratar på fjelltur i Sunnmørsalpane, men så var det dette med vêret...  Vêrmeldingane har den siste tida ikkje vore dei beste for vårt område, men tirsdag ringde han: - Det blir knallvært på lørdag, Knut.  Fred Ingar hadde klart den bragden å finne ei sol på eit eller anna vêrvarsel for Sunnmøre. - Ja, ja, sa eg og tenkte mitt.  Det skulle vise seg at Fred Ingar fekk rett.

IMG_4542 (Large)

Klar for fjelltur på parkeringsplassen i Kvistaddalen.  Frå venstre:  Olav Haugen, Petter Lade - Alta/Oslo, Jan Fjorden - Trondheim, Jens Wennesland - Asker/Bergen, Per Atle Røe, Ronny Haugen og verten sjølv - Fred Ingar Somby.

Planen var i utgangspunktet å gå på Randers Topp, men på grunn av stort snøfall på fredag vart planane lagde om.  Det måtte bli Skårasalen.  Det skulle vise seg å verte eit flott alternativ.  Kvistaddalen og Skårasalen viste seg nemleg frå si vakraste side i går.

Men ein slik lang tur krev grundig planlegging, utrustning og tilpasning.  Aklimatisering måtte gjennomførast.  Dei fire kameratane  gjorde alt dette i huset på Frøland som dei leigde av  hjorundfjord.no "sin eigen" Unn Frøland natt til laurdag.

IMG_4545 (Large)

Her nærmar vi oss skoggrensa på veg oppover mot Blåhorndalen.

Eg må vedgå at fredag var eg litt frekk med Fred Ingar. Eg meinte nemleg at han kom til å sprenge heile gjengen før  skoggrensa var nådd.  - Eg kan ta det med ro også, var svaret eg fekk tilbake. Dette tvilte eg på det sterkaste på - vand som eg var med å sjå ryggen hans der framme på turar gjennom ein lang vinter.  Men det skulle vise seg at han fekk rett også her.  Han gjekk stort sett eksemplarisk heilt til vi nådde toppen og alle kom opp.

IMG_4547 (Large)

Vakker dag.  Klovtinden i bakgrunnen.

Det spesielle med turen opp var at to av Fred Ingar sine kameratar, Jens (Wennesland) og Jan (Fjorden) gjekk med truger heile vegen.  Dei hadde nemleg bestemt seg for å bruke snøbrett.  Det gjorde rett nok at det vart tyngre og meir tidkrevjande å gå oppover, men dei som gjekk fremst på ski gjekk på ein slik måte at det vart tre skispor i breidda.  Dermed - opplyste dei to - gjekk det fint å gå oppover sjølv om det nok var både 60 og 70 cm nysnø enkelte stadar.

DSC04447

Kjetil Leknes hadde også med seg ei gruppe med 10 personar opp på Skårasalen laurdag.  Her frå nedste del av Blåhorndalen.

IMG_4548 (Large)

Så er det klart for den siste stigninga mot toppen.  Gruppa til Kjetil Leknes tar pause i bakgrunnen.

Den siste og lange stigninga opp mot toppflata av Skårasalen kan nok virke lang for den som ikkje er kjend.  Etter kvart kom også høgfjellfølelsen - vinden auka og ytterjakke, lue og vottar måtte på.  Men himmelen var framfleis blå.

IMG_4556 (Large)

Vinden aukar på og gode ytterplagg er gode å ha.  Her ser vi Per Atle Røe.

IMG_4557 (Large)

Det er berre å krumme nakken å ta sisten resten også.

Redigert

"Fjellreven" Per Atle fører mannskapet til topps.

 

DSC04455 (Large)

Jens(t.v.) og Jan gjekk heilt opp på toppen av Skårasalen med truger.  Det skulle berre mangle om det ikkje var dei som også skulle få æra av å vere dei første på toppunktet.

DSC04456 (Large)

Jess!! Petter(t.v.), Jan og Jens.

IMG_4568 (Large)

Lenger opp kjem ein ikkje.  Frå venstre: Petter, Olav, Per Atle, Ronny, Jens, Jan og Fred Ingar.

Skårasalen 21-04-07 028 (Large) (2)

...Og her har vi fotografen...

IMG_4564 (Large)

Etter kvart kom også mannskapet til Kjetil Leknes til topps.

Quiz:

Nordre_Sætretind_14-04-07 015 (Large)

Kva heiter fjellet til høgre?

Det vart bestemt at turen ned frå toppen ville gå via Lissje Skåradalen.  Ein god regel når ein føler seg utrygg for fonner, er at ein tek same veg ned som opp.  Likevel vurderte vi fonnfaren i Lissje Skåradalen som liten.  Dette fordi det var mindre sol her enn i dalsida ned til Kvistaddalen.

Det må også opplysast at øvre halvdel av Lissje Skåradalen har 25 grader helling i gjennomsnitt. Elles er det ikkje så mykje anna å seie om denne nedkøyringa frå 1542 meter til ca. 300 meter (der vi tok av oss skina/snøbretta) - fantastisk.  Jens sa det slik etter nedkøyringa på snøbrettet:  - Dette er det mest fantastiske jeg har vært med på - noen gang.  Det såg absolutt ut som han meinte det.  Det var også ei fryd å sjå på Olav Haugen.  - Betre føre får du ikkje, sa han.

Til og med underteikna fekk til å køyre telemark - om stilen ikkje var den vakraste - på slikt føre. Og Fred Ingar sitt hardkøyr gjennom vinteren har nok også gitt resultat.  På denne turen ned fekk eg korkje krampe, eller stive lår.  I dag er forma heller ikkje så verst...

Under er det eit lite uklipp av ein del foto.  Kanskje er ikkje alle like flotte - dei fleste ville nemleg kose seg i snøen framfor å fotografere.

IMG_4571 (Large)

Jens på snøbrett ned første bratthenget.

IMG_4576 (Large)

Fred Ingar kosa seg.  Han visste allereie at kameratane sette pris på turen.

DSC04474 (Large)

Jan på veg ned frå Skårasalen.  Lissje Skåradalen i bakgrunnen.

IMG_4577 (Large)

Pause før turen ned Lissje Skåradalen(t.v.) startar.

IMG_4581 (Large)

Så er det berre å hive seg utfor kanten - Ronny.

DSCN5801 (Large)

Trønder på puddersnø.  Jan Fjorden.

IMG_4593 (Large)

Per Atle.

Skårasalen 21-04-07 035 (Large)

Kan ein få det flottare?  Olav ned Lissje Skåradalen.

DSCN5799b (Large)

Petter

DSCN5809 (Large)

Kan det vere underteikna?

DSCN5811 (Large) (2)

Ronny.

DSCN5795 (Large) (2)

Jens.

DSCN5816 (Large)

Jens:  - Det mest fantastiske jeg har vært med på.

DSCN5817 (Large)

Men enno er vi ikkje nede.  Frå venstre Jan, Per Atle, Jens, Petter og underteikna.

Så kom vi etter kvart ned til Skår.  Skipper Oddvar Olsen på M/S "Hjørundfjord" vart tilkalla og etter ein vakker båttur var vi tilbake på Leknes og Sæbø.

IMG_4635 (Large)

M/S "Hjørundfjord" er god å ha.

Om det skjedde uhell undervegs?  Tja... Vi alle datt i snøen minst ein gong.  Berre pyser unngår fall.

DSCN5823 (Large)

Petter er inga pyse...

Dessverre hadde Jan eit styggare fall ved nedkøyringa til Lissjeskåradalen.  Han rann på ein stein som var dekt av nysnø - men ikkje gammal snø.  Dermed var eit fall uungåeleg.  Vi var glade for at det gjekk så bra som det gjekk, men Jan måtte etter kvart til lege for sying av eit kutt.  Han er no i god form.

DSCN5829 (Large)

Jan.

Men la dette biletet representere turen.  Ungdommen Olav (57) på veg ned mot Hjørundfjorden.

Skårasalen 21-04-07 035 (Large)

Foto:  Ronny Haugen.

P.s.:  Vil du sjå utsikta frå toppen av Skårasalen? Trykk på denne lenka: http://www.lstrand.no/rundskuer/pics.php?id=skaarasalen360

Fotograf her er Leif Roar Strand.