Her er ein link til Storhornet. Vi rann frå toppen og til venstre mot Bjørkehornet før vi rann ned baksida på egga. Deretter ned til Tyssedalen og vidare til Bjørke ned Åkre-råsa (4.24A), sjå link 2. NB! Kartet er frå sommarstid!
Link 1: Lauvadalen - Storhornet
Link 2: Tyssedalen
Her er også vedlagt kart: Kart over området
På grunn av at snøgrensa hadde trekt opp til omlag 400 m.o.h, måtte vi bere skina nesten opp til Vadet, ein foss i råsa på vegen opp. Her møtte vi ein varm kuling som skulle følge oss heile vegen til topps, med unntak av Blåbreskaret der det var heilt stilt.
Lauadalstøylen oppe til venstre (585m.o.h).
Innover den flotte Lauadalen hadde det gått mange fonner i det siste. I følget var skredekspert Roar Saure med, han hadde også tatt med seg skredsøkarar viss det verste skulle skje. Men snøen hadde bestemt seg for å ligge når vi gjekk forbi...
Her gjeld det å ikkje gå for langt opp for tidleg... Blåbreskaret inn og opp til venstre.
Etter ei go stund nådde vi Blåbreskaret. Der gjekk vi på ei rekke Honndølingar som også var på vei til Storhornet(Antaglivis var vi 15-16 personar på toppen den dagen). Overraskande nok hadde ein av dei berre langrennski på beina. Kanskje fordi det er so slakt terreng på denne sida av Storhornet?
Toppen bak. Vi anar nokre Honndølingar lenger oppe i sida. Legg merke til for ein flott dag!
Toppen er ganske flat og stor! Kvitegga (1717 m.o.h) bak.
På toppen møtte vi sterk kuling. Opphaldet var kort og vi drog av fellane og sikta oss inn på egga, mellom Bjørkehornet (1431 m.o.g) og Storhornet, der vi skulle renne ned til Tverrelvdalen. Her rann vi ned eit kort bratt parti, so kom vi ned på egga. der var det stilt!
Matpause på egga. Toppen bak på eit lite stykke.
Her satt vi oss ned og åt mat og tok bilde av dei flotte omjevnadane, blandt anna Rokkekjerringa (1543m.o.h) Turen vidare gjekk nedover Tverrelvdalen. Her var det stor utglidingsfare og vi tok det med ro. Også noken av sprekkene hadde byrja å kome fram. Til stor irritasjon for enkelte var snøen ganske blaut litt nede i sida. Dette gjorde at vi "nybegynderane" på telemark fekk problem. Også ein av veteranane fekk problem og datt fleire gongar, men det var mest på grunn av dei nye skina hans!
Rokkekjerringa (1543 m.o.h) dominerar. Vi ser litt av Hornindalsrokken (1529 m.o.h) til venstre bak, og heilt oppe til venstre ligg Kvitegga (1717 m.o.h)
Kjende fjell?
Meir kjende fjell...?
Nedkjøyring til Tverrelvdalen.
Egga bak. Toppen oppe til venstre bak på eit stykke.
Skredsøkarane kunne ha vorte i bruk! Dette skredet hadde nok gått dagen før vi rann her.
Vi kom heilskinna ned til Tyssedalen og staka oss derifrå bort til nedgangen på Åkre-råsa. Her rann vi so lenge skina bar, over stokk og stein! Men dette er vel gammalt nytt? (sjølv med nye ski?) Ikkje langt nede i råsa måtte skina av. På grunn av all snøsmeltinga var råsa noko blaut, men litt nedkjøling for beina gjorde berre godt på den varme og flotte dagen!
Tyssedalen vinterstid! Vi anar Tyssenauste på den lisje hauen omtrent midt på bilete.
På veg ned Åkre-råsa.
Til oppsumering kan en sei at det var ein flott og lang tur. Ein kan sjøvsagt renne ned att Blåbreskaret til Lauadalen.
Vegen ned til Blåbreskaret. Der skyggen strekker seg lengst til venstre svingar du av. (litt vanskelig å sjå)