Klikk på fotoa for stor versjon.

Solrik også midtvinters, svært flott nedkøyring.  Dette står å lese i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" om Nøvedalstinden.  Det måtte bli dette fjellet i dag.  Ruta var klar - start på Holen, vidare opp Lissjedalen, så opp til austegga, ta av skina og så til fots heilt til topps.

_IGP0603 (Large)

Underteikna klar til start frå Holen i dag morgon.

Skina måtte sjølvsagt på rett utanfor bilen.  Først var det snødekt mark, så ein skogsveg, deretter gjennom ein juletreskog, over stein og grus, gjennom eit stykke snøberr, norsk utmark og så gjennom ein granskog.  Skiføret var med andre ord litt varierande i starten, men Fred Ingar meiner at skina helst skal vere på føtene, så då vart det slik.  Turen frå granskogen og opp gjekk fint, det var berre litt mykje hjorteparlar i råsa før Årskogstøylen.

IMGP1558 (Large)

Fred Ingar (Somby) på Årskogstøylen.  Målet er tinden i midten i bakgrunnen.

Eg har sagt det mange gonger før, men underteikna er ingen morgonmann.  Eg hadde store problem med å forstå vitsen når klokka ringde allereie klokka 06 for å rekke ein fjelltur, men då eg var komen opp til nettopp Årskogstøylen kjende eg humøret kom tilbake.  Kroppen var varm, det var på tide å kaste jakka sjølv om sola i fjella ikkje var plagsom varm.  No var det berre rein glede som låg framom oss.

_IGP0618 (Large)

Elva ned frå Lissjedalen vert passert.

Turen opp til austegga gjekk stort sett utan problem.  Dette var også ein nærast 100 % skredsikker dag.  Opp til Lissjedalen var det stort sett knallhard skare, men så tok det til å vekse på med eit fint snølag - det var som bestilt.  Heile sida opp til austegga hadde flott laussnø.

IMGP1570 (Large)

Fred Ingar på veg oppover.  Endeleg i sola.

Ei periode fekk Fred Ingar litt problem med skifellane.  Han valde difor å gå på føtene eit stykke.  Han måtte med andre ord vike frå prisnippet sitt om at skina skal vere på føtene.  Her må det også nemnast at Fred Ingar stilte med ny ryggsekk.  Den gamle hadde rivna før garantitida var ute.  Ryggsekken til Fred Ingar var svært mykje brukt, ja, kanskje var den kort og godt utsliten før 2-årsperioda var ute.  Men Kenneth på G-sport er ein grei kar - Fred Ingar fekk likevel ein ny.  Kva når Fred Ingar dukkar opp og reklamerer på dei knapt to år gamle skifellane?  Stakkars Kenneth...

IMGP1576 (Large)_IGP0625 (Large)

Tid for ei sjokolade- og drikkepause.

Så er det siste etappen for austegga som står att.

IMGP1580 (Large)

Legg merke til snøen.  Vi gler oss til nedturen.  Dette er altså Nøvedalstinden.

Før turen opp austegga, set vi att ryggsekk og ski etter at varme og tørre klede har kome på kroppen.  Heldigvis er det gode snøforhold heilt til topps, men stegjarna må på skorna.  Mine er justert litt.  Sjølvsagt er det gjort av portalsjef Ivar Svein Mo.  Tusen takk, no fungerte dei slik som dei skal.

IMGP1582 (Large)

Varme klede er allereie på plass.  No vert ski bytt ut med stegjarn.

IMGP1583 (Large)

Stegjarna kjem på plass.

_IGP0639 (Large)

- Hva sier Knut Riise når han ser dette bildet, høyrer eg Fred Ingar rope bak meg.

Det var ingen fare å gå opp austegga i dag, men det må innrømmast at det var eit par knep eg hadde problem med å kome meg forbi - difor måtte fotoapperatet på magen også leggast att.  Heldigvis driv Fred Ingar også med klartring.  Eg ropte difor på han når eg hadde problem - han måtte drage meg opp.

_IGP0645 (Large)

Flott, kva?  Grøttdalstindane i bakgrunnen.

_IGP0643 (Large)_IGP0647 (Large)

Til venstre den siste kneika opp.  Så er toppen der - like fantastisk kvar gong.

_IGP0653 (Large)

Fred Ingar.

_IGP0655 (Large)

To kjekke gutter...

Det er eit problem med fjellturar denne tida.  Rett nok er problemet lite, men dagane er svært så korte.  Håpet er alltid å få ta gode køyrefoto før sola går ned.  Denne tida er det nemleg svære kontrastar mellom sollys og skugge.  Likevel måtte vi denne gongen ta oss tid til ein matbit då vi hadde kome ned austegga igjen.  Batteria måtte fyllast på.  Brødskiver, sjokolade og drikke - helst også kaffi høyrer med.

Men Fred Ingar stilte med gløgg.  - Det er snart jul, konstaterte han.  Den var sterk og svært god, men han påstod at han ikkje hadde hatt noko skarpt i den.  Det er vel berre å tru på han.

IMGP1589 (Large)

- Skål! Fred Ingar er ikkje heilt skarp, men det skal ikkje vere noko skarpt i gløggen...

Sola ville gjerne stikke frå oss litt for tidleg, men vi nytta det gode, gule, ettermiddagssolyset etter beste evne.

IMGP1590 (Large)

IMGP1600 (Large)

IMGP1594 (Large)

IMGP1602 (Large)

Så er det min tur

_IGP0668 (Large)

_IGP0677 (Large)

_IGP0679 (Large)

_IGP0670 (Large)

Og Fred Ingar avsluttar.

IMGP1606 (Large)

IMGP1608 (Large)

IMGP1609 (Large)

Og så køyrer Fred Ingar igjen inn i skuggen.  Men snart snur sola...

Denne strekninga ned frå Nøvedalstinden - frå der austegga sluttar, kan absolutt anbefalast til dei fleste skigåarar.  Her er ingen bratte gjel.  Heller ingen 40 graders renner.  Det er berre å kose seg skikkeleg - og helst ikkje få krampe slik underteikna fekk på slutten.  Men også den går over når ein får nok skiturar.  Takk for ein flott tur, Herr Somby.

P.s.:  Kjære Frue.  Eg innser det no - eg må ha meg ein skihjelm, særleg når råsa er bratt og trea mange.  Kanskje kan eg ynskje meg det i julegåve???

P.s. 2:  Vi kan ikkje gløyme quizen.  Den kjem her:

quiz 2

Kva heiter dette fjellet?

Fred Ingar har no skreve ein eigen artikkel på nettstaden friflyt.no.  Sjekk denne linken: http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=54410