Turen byrjar på Holen. På søndag føremiddag la Arve Rødvik, Sunniva Stokke, Rolf Egil Riise og underteikna i veg mot keipen.


startholen
Arve og Smurf hadde randoneutstyr og la i veg først. Sunniva og underteikna gjekk på truge og drog med seg snøfjøla på ryggen.

setra
Første stopp var Årskogstøylen der fjellvandrarane slikka litt sol og fekk i seg væske før vi fortsette opp mot lisjedalen.

oppmotkeipen
Arve og Smurf tok leiinga opp mot keipen, medan vi trugerane sakka litt akterut. Det positive med dei breide trugene er at vi laga fine spor til dei som vil ta turen i nermaste framtid. Dei vakre sidene med fantastisk føre lokkar sikkert, men vi hadde bestemt oss for å ta nedfarta mot Riise.

påvegoppmotkeipen
På veg opp kunne vi sjå nokon som tok ein Søndagstur på ryggen ved Grøttdalen. Godt oppe rende denne personen ned igjen og vi gleda oss til det var vår tur.

visertoppen
Når eg og Sunniva endeleg såg toppen hadde Arve og Smurf allereie leita fram mat og toddy. Været var fantastisk og vinden varierte frå fraverande til ein og annan sjenert/flau bris. 

skavlentilriiselisjedalen 
Lysta på nedfarta vart ganske fort for stor og vi gjekk for å sjekke forholda over skavlen ned mot Riiselisjedalen. Bilete er tatt frå toppen av Keipen.

nedfartafråtoppen
Slik ser den nedfarta ut. Skavl med varierande storleik på toppen og alt frå ekstremt bratt til kupert terreng ned mot skondalen.

verdasvakrasteutsikt
Før vi kom ned i skondalen valde vi å kjøyre over kanten for å følge korsa. På veg ned hadde vi det som berre kan beskrivast som verdas vakraste utsikt.

nedkorsa
Vi angra ikkje på vegvalet. Snøføret var slik en vanlegvis berre drøymer om og vegen fonna tek er kupert heile vegen ned til markane ved gamleriise.

Med oss heim hadde vi tunge bein og eit minne for livet. Ein tur som kan anbefalast til alle som kan å ta seg ned fjell vinterstid.


Mine kunnskaper om navn på dei forskjellige stadane på veg opp er lang i fra 100%, so om eg har gjort nokon feil er det berre å seie ifrå.