I dag klokka 08 var vêrmeldingane dårlege, det snøa og skodda låg langt ned i fjella.  I alle høve her på Årset.  Eg har sagt det før; eg er ingen morgonfugl og var sikker på at det ikkje vart fjelltur.  Eg sende ei tekstmelding til Fred Ingar i Volda. - Skal du fortsatt på Dukhornet?  Svar kom raskt i retur: - Eg er klar.  Kjempeforhold.  Det har snøa i 1,5 timar.  Klokka 1045 var vi klar ved bilen på Finnes. - Dette går aldri bra, tenkte eg.

IMG_3836

Fred Ingar har kjøpt seg nytt randoneutstyr.  I dag vart det prøvd for første gong - med stor suksess.

Sunnmørsalpane - bok

Her er ruta vi gjekk.  Vi parkerte bilen ved Finnes og gjekk oppover Bakkedalsvegen.  Deretter rok vi av og gjekk opp gjennom krattskogen til Ryssedalen.  Og så var det "berre" å gå til toppen var nådd...  Foto frå boka "Skiturar i Sunnmørsalpane".

DSC03717

Turen opp gjennom krattskogen gjekk utan problem.  Verre var det å renne ned same veg etter at det tok til å mørkne...  Her er underteikna på veg oppover.  For første gong i år i sola.

IMG_3842

Fred Ingar er ein kløppar på ski - også i krattskogen.

Vi fotograferte som vanleg mykje.  Men Fred Ingar fotograferer meg mest frå framsida.  Eg fotograferer han frå baksida.  Eg har tenkt mykje, men har ikkje funne ut nokon grunn til dette.  Er det nokon som kan hjelpe?

Vi må også berre innrømme at turen tok langt lenger tid enn planlagt.  Vi var ikkje oppe før ca. 1515.  I den nemnde boka står det at det er to km til Dukhornet frå den staden der vi tok av frå Bakkedalsvegen.  Vi er sikre på at det var langt lenger.  Ryssedalen er lang.

IMG_3847

Fred Ingar opp Ryssedalen.  Langt framom,  i det fjerne,  ser vi Dukhornet.

Sjølv om det hadde snøa i løpet av natta/morgontimane, var det ikkje spesielt tungt å gå.  Kanskje skuldast det breie ski og breie skifellar.  Personleg har eg fått meg nye telemarkski - Dynastar 8800.  Eg trur talet har noko med breidda å gjere.

Men etter kvart vart det kaldt - kanskje ned mot 10 grader minus.  Vatnet i flaskene fraus og det var ikkje så kjekt å setje seg ned å ta ei matykt.  Det vart difor for lite drikke og lite mat.  Eg veit at lite drikke fører lettare til krampe.  Det fekk eg etter kvart merke på nedturen...  No er eg heller ikkje lenger motsatandar av drikkepose i sekken og slange fram til munnen.  NB:  Hugs nok mat og nok drikke - spesielt på lange turar!

IMG_3853

IMG_3854

dukhornet

Siste kneika opp mot toppområdet var heller bratt.  Likevel vart det ideelle forhold til å køyre ned her.

IMG_3860

Endeleg.  Målet nærmar seg.  Fred Ingar er i ferd med å kome seg over den siste kneika.

IMG_3866

Her er Fred Ingar nesten på toppen - og oppe i sola igjen.  Her ser vi nedover Ryssedalen til Bjørke.

DSC03731

Fred Ingar er høfleg og let svigerfar sin gå først på sjarmøretappen til toppen.  Elles gjekk han først heile resten av turen.

I alle høve i dag var det store snømengder i høgfjellet.  Ved Dukhornet såg vi skavlar som i alle høve var 10 meter høge.  På veg opp Ryssedalen såg vi at det bles på toppen, men då vi kom opp, var der nesten heilt vindstille.

IMG_3867

Nesten på toppen fekk Fred Ingar problem med ein skifelle, men kven bryr seg om slikt ned berre det beste - nedturen - står att?

DSC03739

Vi slurvar ikkje med klesbyte - gjer vi vel?

IMG_3874

Jau, vi nådde toppen - den flate - begge to. Fred Ingar til venstre i motlyset.

IMG_3878

Ja, så er det berre å gjere klart for den flotte nedturen - og den vart flott.

Vi brukte som nemnt langt lenger tid opp enn planlagt.  (Underteikna må nok ta på seg ein del av skulda for dette).  Men klokka 16 var vi klar for den flotte nedturen.  Planen var å fotografere mykje flott køyring - og Fred Ingar hadde flotte hopp.  Men det vart problem.  Det var kaldt og når underteikna tok av vottane vart fingrane stive.  I tillegg er digitale, ikkje speilreflekskamera,  litt trege.  I alle høve når det er kaldt og telelinse på.  Når eg så fotograferte hopp, hadde Fred Ingar allereie landa før apperatet reagerte.  I tillegg mørkna det fort, noko som gjorde at bileta ikkje vart skarpe, men eg legg like vel ved eit par av dei.

IMG_3879

Her ser vi Fred Ingar.  Knut J.  Riise og andre skigåarar:  Dette var fantastisk.

DSC03744

Her er underteikna på veg ned.  Her kan ein snakke om puddersnø.  I bakgrunnen ser vi fjellet Kjerringøyra mellom Kvamsedalen og Hjørundfjorden.

DSC03741

OK - eg hadde eit fall,  men berre eitt.  Snøen måtte testast.

Klokka var nok nærare 17 før vi var nede med bilen på Finnes.  Ikkje bra når ein har sagt at ein skal vere nede klokka 1530 og når ein i tillegg går tom for batteri i mobiltelefonen og den andre var gløymt att i bilen.  (Skal tru kven som gjorde det?)  Men alt gjekk bra.  Og ja - det har vore ein fantastisk dag sjølv om eg måtte opp klokka 0615 og no har klokka passert 24 om kvelden.  Ein kan ikkje ha det betre etter ein slik dag - særleg når J J Cale og Eric Clapton spelar på PC-en mens eg skriv dette.  Dei to spelar no "Ride the river" og eg skal trykke på "lagre"-knappen.