Det var soknerådet og trimgruppa i Sæbø IL som tok initiativet til fredsmarsjen med
etterfølgjande gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje.
Det var ein rekonstruksjon
av eigentleg fleire hendingar den 7. mai og 8. mai i 1945.
Den spontane fredsmarsjen i Bondalen var 7. mai, medan det var frigjeringsgudsteneste den 8. mai, og då med eit folketog som gjekk frå Sæbø til Årskogane og tilbake.

1 Start på Tvergrova

I godt mot og alt for freden og dagen, starta 17 personar på Tvergrova. Rolf Egil Riise og Ola Valseth var flaggberarar. Foto Tore Stokke

1.5 På gamlevegen Irene Opsal Villle 2 Bertha tek imot på Stokke
Etter kvart som fredstoget gjekk nedover til Valset kom der til fleire personar. Her gjeng turen heimover gamlevegen som går frå Valset til Villane. Foto Irene Opsal Ville

På Stokke ventar spent Bertha Stokke(91) trufast på fredstoget. Minna tilbake til 1945 er nok klare og noke som ho har med seg resten av livet. Bertha deltok i 1945 toget, og gløymer nok aldri denne dagen. Foto Tore Stokke

stokke

Stokkebakkane og forbi PP-garden og plassen til tidlegare Stokkeskulen-Foto Svein Aam, Sunnmørsposten

8maisebø
Toget går opp Larsbrauta på Frøland. Dei er no 35 personar. Foto Svein Aam, Sunnmørsposten

08MYH8maibon

Svein Aam i SMP intervjua Nygards-Anna denne dagen: 

"Då fridomstoget gjennom Bondalen kom til Aklestad stod Anna Hanken Aklestad klar med det norske flagget.

- Dette er eit fint tiltak. Det er vel ikkje så mange att som hugsar fredsdagane, seier ho.

Anna var 17 år i 1945. Men ho voks i Ålesund, og difor ikkje del i fredstoget gjennom Bondalen for 70 år sidan.

- Eg har ikkje bein til å gå i toget i dag, men er har tenkt med på gudstenesta etterpå, seier Hanken Aklestad."

Anna var også Soknerådet sin viktige bidragsytar som kom med det verdifulle Allers-utklippet som svigerinna Kjellaug Aklestad hadde skreve, om då freden kom. Dette innhaldet vart også brukt i gudstenesta i hjørundfjordkyrkja.

9 Artikkel Kjellaug Aklestad (2) (Klikk på artikkelbilde for å lese )

Foto Svein Aam, Sunnmørsposten

3 Utsnitt frå fredsmasjen
På Holebrua slutta folk seg til toget og Generasjonskorpset gjekk føre på same måte som Bondalens Hornmusikk gjekk for 70 år sidan. Bilde frå Holebrauta viser 50personar. Her var alderen frå 5 til over 90 år. Foto Tore Stokke

4 _IGP0154_1 5 DSC01978_1
Vi som venta på GamleRise høyrde hornmusikken og toget som kom, men det tok litt tid. Årsaka var at no hadde toget vakse frå 50 til 110 personar og det var eit flott syn som kom mot oss. Gamlevegen frå Holebrua er no broten på Rise så toget måtte om nyetunet. Her svinga toget inn på den gamle vegen.

6 DSC01979_1 7 DSC01982_1
Ei vanleg fotomotiv av 17. mai tog som kom til Rise. Ved trappa til Årseth-garden stoppa toget og hornmusikken spelte.

10 DSC01986_1 10.5 Fredstoget på veg mot Sæbø frå Årskogsku
Fredstoget går no i brauta nedanfor det gamle Risetunet. Slik såg det ut 2015 Og slik såg det ut i 1945

11 DSC01994_1
Glade, og mange var kalde, med norskeflagget fremst og i handa på deltakarane, kom alle til kyrkja kl.19.30

12 _IGP0172_1
Her fekk dei ein varm mottakelse i kyrkjedøra. Dei staute flaggberarane Ola Valset og Rolf Egil Riise, held stand heile vegen frå Tvergrova.

DSC01996_1

Generasjonskorpset opna med Preludium etterfulgt med 1 minutts stille for dei falne. Korpset spelte under gudstenesta: Ja, vi elsker dette landet etterfulgt av Hymne av J.C Weeber. Heilt til slutt spelte dei Vår Gud han er så fast ei borg og Gud signe vårt dyre fedreland. Alle desse songane var også spelt i 1945 ilag med salmar som vart brukte under same gudstenesta.

DSC02001_1 Relieff av Henry N. Slotten i Komagfjord i Alta

Sokneprest Espen Aarseth held same preika som
presten, pastor Henry N. Slotten, heldt 8.mai i 1945

Soknepresten las opp denne preika som var eit oppgjer med Nazistane sin haldningar. Det var sagt at folk i Norge viste lite om kva som føregjekk i Tyskland under krigen, men Slotten hadde vore godt informert om både konsentrasjonsleirar og kor mange liv som hadde
gått tapt i Norge.

Henry N. Slotten var ein heidra sokneprest i Alta. Nedanfor kyrkja i Komagfjord i Alta er det reist ein relieff av den avhaldne soknepresten.

DSC02003_1

Med under festgudstenesta var også Ørsta lionskor, leia av Børge Hauge. Kormedlem
Harald Aambø las også dikt av Ivar Aasen.

DSC02007_1

Etter gudstenesta fortalde Per Urke om hendingane som var 7 og 8 mai 1945. Per er fødd og oppvaksen på Urke og bur no Ålesund. Han var spesielt spurde av Hjørundfjord Sokneråd om han kunne halde eit innslag etter gudstenesta om då freden kom i 1945. Han har vore lærar og rektor, men er no pensjonnist. Alle som har høyrd Per halde fordrag hadde store forventningar til denne ykta, og Per skuffa ikkje. Ei stille og lydhør forsamling høyrde han fortelje om desse to dagane i 1945 på ein både alvorleg og humoristisk måte som fekk kyrkjelyden til le innimellom.

Per tok fram bilde som hadde gått verda rundt med ein tilhøyrar i kyrkja då nazipresten talte. Det var stor kontrast til gudtenesta i 1945 då kyrkja var så full at det var vanskeleg for folk å få kome inn.

Når vi er for unge til sjølve å minnast,  er det ein går tilbake til kjeldene:

1.Vi leitar i det skrivne ord. Vi har ei viktig kjelde i Årsskrift nr. 17/1995 Frå Hjørundfjord – det året ein feira 50-årsdagen for freden.

2.Vi har fotografi, men ikkje så mange. Ein del skal vi få sjå i dag.

3.Vi må snakke med dei som framleis har minne frå denne dagen.

Per referert til dagboka til Jørgen Hustadnes som er gjengjeven i bok 17. Han var også innom kjelder frå Sjåstaddalen, Øye og Saltre som minnast god desse store dagane.

Avslutning:

La denne stunda få vere ei påminning om gleda som kom til uttrykk ved å få tilbake fridomen og bli kvitt tvang og terror. Men la det og vere til ettertanke for dei mange som måtte late livet for at vi andre skulle få oppleve denne fridommen. I preika for 70 år sidan nemner Henry Slotten 9000 falne. I 1960 opplyser  ”Vårt Folks Historie” at talet var 10.262.

Kanskje er denne påminninga ved 70 års feiringa av fredsdagen 8. mai 1945 nyttig for oss i etterkrigsgenerasjonane. Vi fattar på den eine sida kor heldige vi er og kor godt vi har det når vi samanliknar med dei 5 krigsåra. Samtidig gir dette oss eit perspektiv på det vi opplever rundt oss utanfor våre landegrenser. Framleis er det millionar av uskuldige menneske som lever i  land i  indre og ytre konflikter. Der krig og drap framleis er dagsorden i det som vi kunne håpe etter kvart skulle bli ei fredeleg, sivilisert verd!

Takk for meg!

DSC02010_1 DSC02011_1
Etter kyrkja var det mat og kaffi på Bedehuset. Folk kosa seg til langt utpå kvelden. Oddny Kvistad og Kari Kvistad og Liv Mo hadde eit kjekt møte. Kari og Liv er gamle nok til å huske dagen. Liv (91) gjekk i toget i 1945 og fullførte turen frå Holebrua til kyrkja i 2015, den same strekninga i dag som den gong. Ho var nok den eldste deltakar i toget.

Hjørundfjord sokneråd vil takke alle som har bidrege til denne dagen. Namn som spesielt kan nemnast er Ragna Riise som hadde kopi av Slotten si preike som vi fekk bruke. Ho hadde også bilder og mykje stoff om denne dagen som vart brukte i kyrkja. Anna H. Aklestad som kom med utklppet frå Allers, Per Urke som sa ja på staden for å halde foredraget, og på ein glimrande måte fortalde kyrkjelyden om dagen. Generasjonskorpset som starta frå Holebrua og seinare heldt konsert i kyrkja. Ørsta Lionskor som fylte kyrkje- romet med korsong av ypperste kvalitet. Prest, organist og kyrkjetenar som tok denne gudstenesta på ein fredagskveld med full innsats. Og ikkje minst Bodil Skare og trimgruppa som tende på ideèn med å gå fredsmarsj frå Tvergrova og gjennomførte med glans, både i stil og innhald og presisheit.

Takk til dokke alle. Dette var ein teamarbeid på det aller beste vi kan få til.

Hjørundfjord Sokneråd.