Hjørundfjorddagane 2015 - 6. og 7. juni

Korleis vil du medverke?

Hjørundfjorddagane er ein årleg tradisjon som vert arrangert av Sæbø idrettslag i samarbeid med innbyggarane i Hjørundfjorden. Arrangementet gir oss som bur her moglegheit til å vise fram bygda vår, og fungerar som ein møteplass både for sambygdingar og tilreisande. Samstundes er Hjørundfjorddagane med på å spleise bygda i hop. Det vert lagt ned mange dugnadstimer for å gjennomføre arrangementet, og vi kan vere stolte av at vi får til dette saman. Arrangementet er ei viktig inntektskjelde for idrettslaget, i tillegg blir 20 prosent av overskotet delt mellom andre lag og organisasjonar i Hjørundfjorden. Programmet varierar frå år til år, og arrangementskomiteen er i full gang med å planlegge årets utgåve.

Arbeidslistene vert sendt ut til alle dugnadsarbeidarane i løpet av mai. Som ein førebuing til listene sender vi ut dette skrivet, slik at folk har moglegheit til å gje tilbakemelding om korleis ein vil medverke. Nemnda kjem i stor grad til å nytte same arbeidslistene som tidlegare å. I år vert det dessutan nokre nye aktivitetar som vi treng hjelp til å gjennomføre.

 

Vi ynskjer tilbakemelding dersom:

-       du ikkje har høve til å hjelpe til ein spesiell dag eller tid.

-       du gjerne vil gjere noko anna enn du har gjort før eller vere med på ein av dei nye             aktivitetane.

-       du kan ta ei vakt begge dagane.

-       det er fleire år sidan du stod på lista og kan tenkje deg å hjelpe oss.

-       du har lyst å hjelpe til, men ikkje har vore med tidlegare.

-       du veit om nokon som bur andre stader og vil hjelpe til. Vi er svært glade for all hjelp!

Ei vakt varer tre timar, og du slepp å betale inngangspengar den dagen du har vakt. Alle som står for klargjering og nedrigging av dagane slepp også inn ein dag gratis.

Vi ynskjer tilbakemelding innan 1. mai 2015. Tilbakemelding sendast på e-post til: arbeidsliste@hjorundfjorddagane.no, eller på tekstmelding til:

 

Gunnhild Hustadnes Myrhol                               

915 69 697  

                                                   

Jørund Magnus Aklestad

908 04 832

Hjørundfjorddagane er avhengig av hjelp frå bygdefolket, og vi set stor pris på alle som medverkar.

 

Helsing

Sæbø IL og nemnda for Hjørundfjorddagane 2015

v/arbeidslisteansvarlege

Gunnhild Hustadnes Myrhol og Jørund Magnus Aklestad