Foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

IMGP7804b
Hjørundfjord kyrkje treng vedlikehald


ØRSTA PÅ SUNNMØRE: Opplysningsvesenets fond (OVF), som eig prestegardane over heile landet, tener store pengar på å leiga ut prestegardsgrunn. Samstundes som Ørsta kommune nyttar millionar på vedlikehald av kyrkjene, vil fondet ha 700.000 kroner i tomteleige for sentrumssjukeheimen.

Er det skilnad på privat eigedom og offentleg eigedom? Ja, jau, det er no det. Dei som eig privat eigedom, har både rett og lov til å søkja høgst mogeleg avkastning. Det offentlege, derimot, må taka litt andre omsyn. 

Oslo kommune krev til dømes ikkje éi krone eller éin dollar når turistar, skuleklassar, eldre eller vi hine ynskjer oss ein tur gjennom praktbygget vi alle kjenner att frå utdelinga av Nobels fredspris. Kvifor ikkje? Sjølvsagt av di Rådhuset er betalt, finansiert og halde ved like av norske og lokale skattebetalarar. 

Kva med kyrkja då? Burde ikkje ho kunne taka mot inngangspengar? Sidan denne reportasjen vert skriven frå Ørsta, kan vi taka kyrkjene der som døme. Kyrkja i Hjørundfjorden på Sæbø vert rekna for å vera ikonisk, ikkje av di ho er særskilt vakker eller særskilt stor - etter den lokale standarden er ho rett nok båe delar - nei, kyrkja er ikonisk grunna krigen. 

Dei fleste som les dette, har sett bilete av den einslege nazisten som står nede i benkeradene for å høyra på liturgien til nazipresten i Hjørundfjorden.Tilhøyraren var ein NS-politimann utanfrå øyane som vart henta inn for at gudstenesta skulle gå som planlagt. At kyrkjene stod så godt som folketome over heile landet, var ikkje nytt, men heime i Hjørundfjorden sneik ein kar seg opp på galleriet og tok bilete av denne einslege nazipolitimannen og den einslege nazipresten. Fotoet vart smugla til England og så prenta i alle store amerikanske magasin og aviser som eit døme på norsk og europeisk motstandskamp. Naturleg nok vil turistar frå ymse delar av verda sjå denne kyrkja på innsida kvar sumar. Her må det vera pengar å tena! 

Eg skal slutta medan leiken er god. Sjølvsagt skal ikkje kyrkja taka inngangspengar, ho er ikkje ein privat underhaldningspark, og dessutan er ho finansiert av skattebetalarane - fullt ut. 

DÅ RIGMOR KASTA KORTA Men må det vera slik? Er ikkje kyrkja rik? Kvifor skal alle dei som les dette, betala for alt kyrkja held på med? 

På føresumaren 2013 fekk dåverande kyrkjeminister Rigmor Åserud eit opprop. Vefsn kommune hadde bede alle kommunane i landet om å samla seg i kampen mot Opplysningsvesenets fond; OVF med sine minst 7 milliardar kroner i verdiar burde som ein start kunne vera med på å vedlikehalda kyrkjene kringom i landet. Åserud svara at ho hadde medkjensle: «Det er mange, både kommuner, boligfestere og andre som mener Opplysningsvesenets fond (OVF) ikke tar sosiale og samfunnsmessige hensyn når fondet krever markedspriser eller på annen måte lar forretningsmessige hensyn veie tungt. Jeg kan forstå synspunktet. Jeg ser også at dette ikke styrker fondets omdømme. Mange forbinder fondet med Den norske kirke og regner med at i alle fall kirken legger vekt på andre verdier enn penger. » Han som har det øvste politiske ansvaret for kyrkjene i Ørsta kommune - det er fire av dei -, er ordførar Rune Hovde. 

- For å vera heilt ærleg så veit eg ikkje heilt korleis det kjem til å gå med kravet frå OVF. Men kravet er for høgt og endar vel mot mitt ynske i rettsstellet. 

MEIR PENGAR I desse dagar vert Hovde og Ørsta utsette for det som fleire hundre andre kommunar, og for den del tusenvis av privatpersonar, vert utsette for kvart einaste år: Den norske kyrkja, som hevdar ho eig OVF, vil ha meir pengar, til dels mykje meir pengar. Desse pengane tek kyrkja frå kommunane og frå folk som har busett seg på festetomt under ein eller annan prestegard. 

Kva pengane går til? Det er litt vanskeleg å få tak på. Men dei skal drifta deieigedomane som ligg under kyrkja og som ikkje er kommunale. «Gjennom forretningsområdet eiendomsutvikling driver OVF en kommersiell utvikling av fondets arealer og verdier», som det står på heimesida deira. 

Dei har òg ein del finanskapital: «Det er et mål at fondet årlig skal ha tilstrekkelig kapital for utdeling av utbytte og til oppbygging av fri egenkapital. » Og kva seier dei sjølve om kva pengane går til? Det står det lite om på heimesidene, men OVF har til dømes finansiert praktbygget Kirkens hus som ligg i Oslo og som gjev billege kontor til mellom anna Presteforeininga. 

Det næraste vi kjem ein definisjon av kva pengane går til, er OVFs eigen: «Virksomheten til OVF skal komme Den norske kirke til gode, noe som skjer gjennom å holde boliger for prester og ved å yte pengestøtte i form av ulike tilskudd. Fondet er hjemlet i Grunnloven § 106 og ble opprettet i 1821. » Kvifor prestar som får vanleg god norsk løn, må få finansiert bustad av OVF, er rett nok uklårt; ingen lektorar, til dømes, får stønad frå eit fond for å finansiera bustad. Men det heile botnar altså i ein grunnlovsparagaraf som seier at «Saavel Kjøbesummer som Indtægter af det Geistligheden beneficerede Gods skulle blot anvendes til Geistlighedens Bedste og Oplysningens Fremme». 

IMGP7758b
 - Kyrkjeverja i Ørsta, Arnstein Myklebust, er nøgd med Hjørundfjord kyrkje
innvendig.



EI AND SOM ER STATSKYRKJE Det er komplisert, dette. Særleg sett i ljos av at vi visstnok ikkje har ei statskyrkje lenger. Men jamvel om Stortinget har gjort eit vedtak om at Den norske kyrkja ikkje lenger er statleg, så er det få som trur på nett den påstanden. Som dei seier det i USA: «Om ho kvakkar som ei and, går som ei and og sym som ei and, ja, så er ho nok ei and. » Den norske kyrkja kan i og for seg kalla seg kva ho vil, men pengane til å driva henne kjem frå deg og meg. 

Den norske kyrkja er administrert og finansiert i fleire lag. Det fyrste laget er kommunane, som har vedlikehalds- og driftsansvaret forkyrkjene. 

Her nyttar kommunane litt over to milliardar i året, seier SSB. Dette er pengar som stort sett ikkje dukkar opp på statsbudsjettet. Så kjem staten og nyttar nesten like mykje på å løna dei tilsette i Den norske kyrkja, i hovudsak prestar og byråkratar. Samla sett betaler altså kommunane og staten ut vel 4 milliardar kroner i året for å halda den norske kyrkja gåande. 

Når alle norske skattebetalarar, både når vi er kommunale og når vi er statlege, betaler for all drift, løn og vedlikehald av kyrkja, burde ikkje Den norske kyrkja vera litt snille mot oss attende? Til dømes når ho krev inn leige i kraft av å vera administratorar for prestegardane kring om i landet? 

BREV FRÅ BERGEN Slik er det nok ikkje. Den 21. november i fjor fekk Ørsta kommune, som no er under statleg administrasjon (sjå førre Dag og Tid), eit brev frå Bergen. Det handla om prestegarden og sjukeheimen i Ørsta sentrum. Det byrja slik: «Advokatfirmaet Harris representerer grunneier for overnevnte tomt, Opplysningsvesenets fond. » OVF har vel femti tilsette, og ein skulle tru at det var mange nok til å driva eigedomsbiten, men nei, den delen er sett ut til Harris, som er eitt av dei største advokatfirmaa landet og som skriv dette på heimesida: «Fra 2011 har Advokatfirmaet Harris etter forutgående anbudskonkurranse fått ansvaret for areal- og kontraktforvaltning av Opplysningsvesenets Fonds (Kirkens) eiendommer i hele landet. Eiendomsmassen består av blant annet 8000 festetomter, 433 preste- og bispeboliger og 850.000 dekar skogs areal. 

Dette har gitt firmaet en særlig kompetanse innenfor tomtefeste og eiendomsforvaltning av store og små eiendomsporteføljer. » I alle høve slutta brevet til Ørsta kommune med ein påstand om at kommunen i staden for å betala nokre få tusen kroner i året for tomta Ørstaheimen ligg på, no bør betala mykje, mykje meir. Sjukeheimstomta er så vidt over ti mål. Advokatfirmaet og med det OVF har funne ut at verdien på tomta er på vel ti millionar. Den høgste kapitalrenta ein kan få i dagens marknad, er så vidt over 2 prosent. OVF vil ha ei årleg avkastning på 6,75 prosent. Sidan OVF er organisert som ei stifting, skal dei ikkje betala skatt på denne avkastinga. Konklusjonen i brevet er denne: «Ny årlig festeavgift fastsettes skjønnsmessig i samsvar med overnevnte til 700.000 kroner», som Ørsta kommune seier dei ikkje har, sidan dei er på ROBEK-lista. 

I sentrum av Ørsta er det i dag ei rad tome butikkar og langt på veg verdlause tomter. Kjøpesentret Amfi har teke over det meste av aktiviteten i sentrum. Hadde Ørsta bygt ny sjukheim i dag, kunne dei ha teke i bruk område som har låg verdi. Men det er ikkje mogeleg, sjukeheimen ligg der han ligg, i eit bustadområde ovanfor sentrum. Harris hevdar at dette et «veletablert boligområde», og difor set dei tomteprisen til det som i ein Ørstasamanheng er høgt. 

Ordførar Hovde vedgår at Ørsta kommune er bondefanga. 

- Ørstaheimen ligg der han ligg. Vi kan ikkje flytta på han. Men eg meiner at både verdivurderinga og ikkje minst kapitalavkastingskravet er altfor høg. Ørsta sentrum har for tida mykje ledig plass. Då er 1 million kroner per mål høgt. 

Men det eg meiner er verkeleg gale, er at vi no lever i ei tid der vi i praksis har null rente, og så kjem altså staten ved prestegardane og vil ha nær 7 prosent i året. Vi har ikkje råd til dette, rett og slett. 

130.000 FOR KITT Attende til kyrkja. Arnstein Myklebust er kyrkjeverje i Ørsta, og eg møter han utanfor Hjørundfjord kyrkje på Sæbø. 

- Nett no står vindaugo, som du ser, på skade. 

Berre det å få kitta dei opp att, kostar 130.000 kroner. 

Sett frå utsida er kyrkja i dårleg stand. Det er hol fleire stader i tårnet. Og målinga skalar av over alt. 

- Men kva skal du gjera med hakkespettane som lagar stadig nye hol i tårnet? 

- Det veit eg faktisk ikkje; vi har vore i kontakt med mange ulike ekspertar, men dei vert ikkje samde. Det siste vi gjorde, var å måla rovfugl i tårnet, slik at dei skulle verta skræmde bort. 

Det har ikkje vore nokon stor suksess. Medan vi står der, ser vi nettopp ein hakkespett. Inne er Myklebust derimot nokolunde nøgd med stoda. 

- Dette kyrkjeromet er flott og etter mitt syn det finaste vi har her i Ørsta. 

Myklebust seier òg ålment at han ikkje vil kritisera Ørsta kommune for vantande vedlikehald av kyrkjene i Ørsta. Hjørundfjord kyrkjeligg i eit lite sokn, vel sju hundre personar, og har difor få som møter til gudsteneste i året. 

- Men neste år har vi likevel sett av 400.000 til ytre vedlikehald av kyrkja. Då skal vi få stogga det verste forfallet. 

FEM TIL TI MILLIONAR Myklebust arbeider i desse dagar med å få oversyn over vedlikehaldsetterslepet på dei fire trekyrkjene i Ørsta. Han har ikkje det endelege resultatet, men han trur det vil hamna på mellom 5 og 10 millionar. Kva får han så i eit normalår frå Ørsta kommune? 

- I år var det 250.000 kroner til vedlikehald, men frå tid til anna set dei av mykje meir. Kommunen har gjeve tre av fire kyrkjer nye tak, det var store millionlyft. 

Hjørundfjord kyrkje står som så mange andre kyrkjer på prestegardsgrunn og får der stå gratis av OVF - det er då noko. Myklebust er ein venleg mann og vil ikkje meina noko om at eit fond som forvaltar minst 7 milliardar, truleg langt, langt meir, ikkje gjev tilskot til vedlikehaldet. 

- Ørsta får pengar frå staten gjennom råmetilskotet, og dei ulike organa i kyrkja har ulike roller. 

Men éi rolle har OVF: Dei eig prestegardane og er såleis ansvarlege for å halda dei ved like.

IMGP7785b
OVF eig prestegardane og er såleis ansvarlege for å halda dei ved like.



Ved sida av Hjørundfjord kyrkje ligg prestegardstunet i Hjørundfjorden, som representerer millionar i samla verdi. Det meste av sentrum i Hjørundfjorden ligg på festetomter åtte av Fondet. 

Våningshuset og fjøset på garden står tome, og berre taket på prestebustaden vert vedlikehalde. 

Nokon prest bur der dessutan ikkje. Prestar av i dag har det med å vilja bu i eigne bustader som dei fleste andre. Tunet og husa er i ein elendig stand og har eit vedlikehaldsetterslep på fleirfaldige millionar. Myklebust vil ikkje kritisera det heller. 

- Fondet ventar nok på ei avklåring av bu plikta. 

Over heile landet er det uklårt kva som skal henda med henne. 

Ordførar Hovde er litt hardare: 

- Eg konstaterer at det kringom i bygdene er stor forundring over det dårlege vedlikehaldet av prestegardane. 

Men korleis gjekk det så med initiativet frå Vefsn i 2013 om at OVF måtte vera med og betala for vedlikehald av kyrkjene? Nokså dårleg. Ingen med reell politisk makt vil seia rett ut at staten eig all den eigedomen som ligg under OVF, som administrerer seg sjølv og dimed har vorte ein gaukunge i staten. 

Fondet er administrert under eiga lov, lova og vedtektene seier i utgangspunktet at OVF ikkje kan gje bort noko, at det skal halda oppe kapitalen. 

Fondet forvaltar alle verdiar sjølv. Dei eig aksjar for om lag 2 milliardar. Vidare har dei eigedomar som dei sjølve i 2010 sa var verde om lag 5 milliardar. Men desse siste tala er «tenk på eit tal». 

Nokre av dei mest attraktive strandtomtene for turistar i Møre og Romsdal ligg i Sæbø sentrum nedanfor Hjørundfjord kyrkje. Der er fjordutsikta legendarisk. Tomta til sjukeheimen, som er vel 6 mål og ligg på prestegardsgrunn i strandkanten, meiner OVF av ein eller annan grunn er verd berre 110.000 kroner per mål. 

KOKT UT I KÅLEN Sanninga er at ingen veit kva eigendomane til OVF er verde på den opne marknaden. Ingen har vore viljug til å finna ut nett det. I Soria Moria sa den raudgrøne regjeringa at dei ville selja festetomter frå OVF til ein billeg penge. Lovavdelinga i Justisdepartementet har konkludert med at staten eig OVF og med det eigendomane. I den mest siterte jusboka om stiftingar konkluderer jusprofessor Geir Woxholt med at OVF er statleg ått, og seier til Dag og Tid at «staten kan endra reglane for forvaltinga og drifta». 

Men dei raudgrøne gjorde ikkje heimeleksa si då dei freista å overstyra OVF. Kirkens arbeidsgiverforening - det har lenge vore ein eigen offentleg arbeidsgjevarorganisasjon for dei som er tilsette i staten og kommunane - saksøkte staten for å hindra regjeringa i å selja kyrkjegardsgrunn på billegsal. Ja, de las rett: Den organisasjonen som forvaltar arbeidsgjevaransvaret til staten, saksøkte staten. Den 12. mai 2010 konkluderte eit fleirtal i Høgsterett med at staten med det lovgrunnlaget dei raudgrøne la til grunn, ikkje hadde rett til å selja kyrkjegrunn på billegsal. Staten måtte elles dekkja sakskostnadene til motparten på 2,3 millionar. 

I svaret sitt til Vefsn kommune skreiv Rigmor Åserud at lite kan gjerast med OVF: «Grunnkapitalen er beskyttet av Grunnloven. » Og vidare: «Fondet eier seg selv og kalles gjerne en stiftelsesliknende innretning. Her i landet har vi knapt noen sammenliknbar rettslig konstruksjon. » KONKLUSJON Sagt i klårtekst: Dei femti tilsette i OVF får styra seg sjølve. Etter Åseruds svar har det ikkje vore eit politisk ordskifte rundt OVF. Det juridiske, derimot, held fram. 

Olav Pedersen er ansvarleg for Ørsta kommune i Advokatfirmaet Harris. Han fortel at OVF og Harris held seg til det Høgsterett har sagt. 

- Desse tomtene er regulerte til offentlege føremål, då finst det i og for seg ikkje ein marknadspris. 

Når det er slik, har Høgsterett i ein dom frå 2008 sagt at ein skal rekna på ein tomtepris som svarar til pårekneleg bruk i området som om det ikkje var sjukeheim der, og normal avkasting på denne eigedomen då. 

- Men eg er frå området, og om eg fekk strandtomter på Sæbø i Hjørundfjorden til 110.000 målet, hadde eg kjøpt så mykje som råd er. Ørsta sentrum, derimot, ser nærast ut som Detroit, men der vil de ha over millionen per mål? 

- Prisen på Sæbø er kanskje litt låg, men for Ørsta sentrum har vi prisar på tilsvararande tomter i bustadområdet som har gått for slike prisar. 

Vi har nytta vårt beste skjøn på grunnlag av den informasjonen som vi har frå marknaden. 

Vi har per dato (22. desember 2014, red. merk. ) ikkje høyrt noko frå Ørsta kommune og reknar i utgangspunktet kravet som akseptert så lenge vi ikkje høyrer noko. Frist for tilbakemelding vart sett til 18. desember 2014. 

Så då er vi her: Lovavdelinga seier Opplysningsvesenets fond er statleg. Woxholt seier det er statleg. Staten sa før at det var statleg, men seier no noko anna som ikkje er heilt klårt kva er. Kyrkjerådet seier at OVF er ått av Den norske kyrkja, som staten visstnok ikkje lenger eig, men berre betaler for. Og OVF sjølv siterer på heimesidene sine Åserud som seier at OVF eig seg sjølv. 

Underskrivne ynskjer på si side å få kjøpt ei strandtomt i heimbygda til 110.000 kroner målet. 



"«Fondet eier seg selv og kalles gjerne en stiftelsesliknende innretning. 

Her i landet har vi knapt noen sammenliknbar rettslig konstruksjon. » " 



Dåverande kyrkjeminister Rigmor Åserud i 2013 



"-Eg konstaterer at det kringom i bygdene er stor forundring over det dårlege vedlikehaldet av prestegardane. " 

Rune Hovde, ordførar i Ørsta

IMGP7746c IMGP7766b
Trappa til prestesakristiet manglar enno rekkverk - Hakkespetten herjar trass i at dei har måla
rovfugl på tårnet i ein freistnad på å skræma han bort.

Forfatter: Jon Hustad E-post: jon@dagogtid.no