Holmshornet ser vi til venstre på biletet, i forlenginga av kjeda ned frå Dalagubben.

 

I sommar var det fire lokale heltar som utfordra fjellet, og kleiv opp frå Hjørundfjorden. Det er det faktisk få som har gjort. "Aldri meir Holmshornet", sa ein av dei fire som gjekk på toppen i sommar. Det er ugjestmildt, og eit av dei fjella der ein faktisk kan seie at ein kan sitje over skrevs på toppen. 

PIC_0211

Einar Tvergrov, Thomas Hamne og Marius Strandmann var i sommar på Holmshornet, saman med Arnar Holen, som har teke dette biletet. Dei gjekk same rutane som dei fire pionerane vi er ute etter namnet på. Dette biletet ligg forresten inne på bildegalleriet til Hjørundfjordportalen.

Lesarane har før svart på kva namnet på fjellet er, og kor høgt det er, noko ein kan sjå av kommentarane under. No er altså spørsmålet kven som var fyrst på toppen av fjellet. Etter det hjorundfjord.no veit, var det fire karar som kleiv opp frå Hjørundfjorden ein gong i mellomkrigstida.