Sunnmørsposten

har følgt opp saka med fleire innslag i dei etterfølgjande dagane og journalisten fortel at dette er stoff som vert etterspurt. Men avisa sin eigenskap er å vekkje interesse og presentere ei sak på sin avgrensa måte og evt. følgje opp seinare. Slik har det vore i denne aktuelle saka når det gjeld Sunnmørsposten.

Flyvraket på plattingen

Slik låg Messerschmidt-flyet på Iva-plattingen i mange år. Jostein Hustadnes fortel i sine notatar: "Flyet var omlag uskadd. Eit avskote olje- eller bensinrør var einaste synlege skade og alle styrefunksjonar var i orden. Men gleda over berginga vart kortvarig. Nokre dagar seinare, 15. juni (-45) kom heimefrontfolk frå Ørsta og Bondalen og fjerna våpena og ammunisjonenfrå flyet, men dei gjorde regelrett herverk på det og braut laus motoren ...."  I venstre biletkant ser vi krana som vart nytta til å landsette flyet. (Foto: Erling Abelvik)

 

 

Møre-Nytt

har gitt oss ein innhaldsrik omtale av sjølve skofunnet gjennom intervjua med finnaren Terje Stokke og Sverre Hjelmeland, saman med intervju av  Arnold Hustad.

 

Hjørundfjord Sogelag

Arnold Hustad er utan tvil den som veit mest om krigsminna frå Hjørundfjord og spesielt er det nære forholdet til flyslaget 16. februar 1945 og dotter til flygaren. Han er og den som sto i spissen for "Interessegruppa  for vern av krigsminne i Hjørundfjord frå verdskrigen 1940- 1945". Det er Hjørundfjord sogelag som i si tid oppnemnde denne gruppa. Gruppa hadde sin eigen logo, men vi veit kjenner lite til gruppa sitt arbeid etter innsamlingsarbeidet frå Breifonndalen, Langseterdalen og Grøtdalen.

 

Vern av Krigsminne

 

 

Logoen til interessegruppa 

Vi veit at årsmøtet i sogelaget hadde oppe på årsmøtet for eit par år sidan ei sak om korleis ein best kan ta vare på på gjenstandane som vart innsamla i 1988. Den saka dukkar nok opp att på seinare årsmøte. Dei opprinnelege planane treng nok revisjon.

 

 Flymotoren ved Myrsætra

 

Dette er flymotoren slik han låg for nokre år sidan ved Myrsetra i Langseterdalen . Sverre H. Urke har laga eit stativ og heva motoren opp frå terrenget. Det er ordna med informasjonsstoff på oppslagstavla over motoren.

 

Sogelaget sine årsskrift

er ei viktig, trykt kjelde for krigsminnearbeidet.  Vi må vise til Årsskrift nr. 7 frå 1985 - 40 år etter fredsslutninga. Når det gjeld flyslaget 16. februar 1945 må vi vise til den grundige artikkelen av Jarle Walseth på sidene 51-67.

Vidare viser eg til Årsskrift nr. 12 - 50 år etter krigsutbrotet. Her er ei rekkje artiklar om tilhøva i Hjørundfjord og hendingar i og utanfor kommunen som hjørundfjordingar kan fortelje om.

Årsskrift 32 frå 2010 har ei god skildring av minne frå flyslaget som Otilie Klokk skildra på ein framifrå måte.

 

Private notatar og dagbøker

Vi har gjennom fleire år lese om dagbokhendingar frå Jørgen Hustadnes i årsskrifta. Der er det mykje gode opplysningar om korleis krigshendingane vart opplevde av ein ungdom i krigsåra.

Johan Hustadnes

Johan Hustadnes var ein flittig dagbokskrivar og gjennom dei er det mykje nyttige opplysningar å hente.

 

Eg kjenner og til gode, samanhengande forteljingar og nedskrivne minner som er baserte på dagbøker. Lærar Johan Hustadnes og sonen Jostein sine notatar og erindringar er verdifulle bidrag til å kaste lys over krigshendingar og krigsminne.