Der var mange tilstades då det i dag vart markert at den nye, flotte ferjekaia, til ein kostnad av ca. 40 millionar kroner, var ferdig.  Det var  leiaren av Samferdselutvalet for Møre og Romsdal fylkeskommune, Oddbjørn Vaatne,  som stod for opninga,  men også vår eigen ordførar, Rune Hovde, kom også med gode ord.

Ferjekaia 001 copy Ferjekaia 007 copy
Det var Statens vegvesen v/prosjektleiar Ole Kristian Birkeland(t.v.) som leia programmet under ferjekaiopninga.  Leiaren av samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne(t.h.) stod for opninga

Ferjekaia 010 copy Ordføraren har ein fans på Sæbø

Sjølv om det var litt hustrig og vått under opningsmarkeringa, uttrykte ordførar Runde Hovde (med ryggen til) både glede og takksemd over den nye ferjekaia og det som elles no skjedde i Hjørundfjorden.   Han hadde kort og godt god framtidstru for folket i fjorden.  Men kven er guten med hua?

Ferjekaia 021 copy

Sjølvsagt var det underhaldning under opninga også.  Gaute Øvereng frå Ivar Aasentunet kunne opplyse at Ivar Aasen var vegarbeider i si tid, og ikkje minst at han brukte mykje båt på sine mange og ofte lange reiser i jakta på mdei små detaljane i det nynorske språket som vi snart skulle få.  I bakgrunnen ser vi hovudentreprenør for landanlegget Hole frå Sykkylven, prosjektleiar Ole Kristian Birkeland og byggeleiar Marianne NærøOg sjølvsagt ser vi nokre av dei som song så vakkert - barn frå barnehagen på Sæbø

Ferjekaia 014 copy Ferjekaia 016 copy
Det som var kjekkast å høyre på under markeringa var songen til skuleborna (t.v.) og borna frå barnehagen.

Og så var det tid for stor marsipankakefest med kaffi, marsipankake, bollar og brus.

Ferjekaia 023 copy

Ferjekaia 024 copy

Og alle som var tilstades meinte nok at dette var ein stor dag - spesielt for alle som er så heldige at dei får bu i Hjørundfjorden