Alle foto: Fred Ingar Somby og Knut Hustad. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Turstart frå Nordang. Dato: 14. mai.
Svigerson Fred Ingar var sikker i si sak der han stod ved den mektige varden på toppen av Jakta: ”Jakta er bautaen over Sunnmørsfjella”. Jau, han har nok eit poeng der – Jakta er både høg, heile 1588 m, traust og trygg. Ho kjem nok ikkje til å dette ned med det første trass i ei opptil 40 cm brei sprekke i toppområdet. Det er heller ikkje mykje styr med dette fjellet som ligg ein stad omtrent midt mellom Viddal og Øye ved Norangsfjorden.
Jakta er nok ikkje mykje besøkt vinterstid. Vading i djup snø opp til Konedalen i 700 meters høgde, frå Nordang, er ikkje den likaste starten på ein fjelltur ein kald vinterdag. Men ventar du til snøen opp til Konedalen har tøya, ja, då har du eit fint toppturalternativ. Nemnast må også den tøffe varianten - start ved foten av Jakta ved Hjørundfjorden, finn deg etter kvart ei renne/eit gjel og gå så vidare til topps. Sjå blå strek.
Elva ned frå Konedalen kan vere stor og problemmatisk å krysse om våren, men det er små problem her. |
Turen inn Konedalen er ein lett transportetappe. Opp til høgre rett før det mørkaste fjellpartiet. |
Opp frå Konedalen er det bratt, men her var det gode forhold. Om ikkje, må isøks og stegjarn vere med. Ein liten quiz; kva heiter fjellet til høgre? |
Det var britane Bowen og Patchell som var dei første kjende som var på Jakta, den 21. august 1896. Den siste ryggen mot toppen kalla Patchell "en langtekkelig affære"
"En langtekkelig affære", meintePatchell, men han hadde ikkje ski på føtene... |
Godt at det er sett opp stabbesteinar i toppområdet. |
No i midten av mai hadde nok verken Fred Ingar eller eg tekt på at vi kunne møte på eit til dels ishardt underlag, kuldegrader, sterk vind og snøfokk, men det var akkurat det vi gjorde der vi kryssa oss dei 3 - 400 siste høgdemetrane oppetter ” den langtekkelige affæren” på Jakta før varden tok vel imot oss. Men utsikta frå området er framifrå så langt auget kan sjå, i alle høve heilt ut dit Hjørundfjorden rekk og vidare utover mot den store byen og resten av verda. Det kan vi i alle fall så fast.
Ikkje så bratt, men her gjorde eit ishardt underlag det slik at skia måtte av. |
14. mai, men snøfokk og kulde nær toppen. |
Alltid godt å nå toppen. Underteikna til venstre, Fred Ingar Somby til høgre. Den svære varden er bygd av Peder Norang og ein nabo i Knutegarden på Nordang, truleg i 1880-1890-åra. |
Bratt ned, men så er også utsikta ut Hjørundfjorden framifrå frå 1588 m høge Jakta. |
Klar for nedfart. Skårasalen opp til høgre. |
Skikøyrarar har god utsikt på turen nedover. |
Slogen (t.v.) og Store Smørskredtind ynskjer velkomen ned att. Også ein Jaktatur er best med ski på føtene - utan tvil. |
Kommentarar
Vet noen mer om vardebyggerne ?
Hva betyr ordet Jakta forresten ?