No kan musikaren og kunstnaren Edit Flakk smile endå breiare, om mogleg,  enn før:  Hennar store prosjekt gjennom dei siste åra, DVD-en Bergteken, er endeleg klar for publikum.

Edith II 152
Edith Flakk er glad - DVD-en Bergteken er
ferdig.

Tida har gått svært fort - reknar ein tida frå idè til ferdig dvd, har det gått fleire år.  Men så er Edith også svært nøgd med prosjektet - reisa i vakker natur (Hjørundfjorden) gjennom musikk og bilde.

Norangsfjorden og Norangsdalen har vorte besøkt av to keisarar, sju dronningar og ei drøss med kongar, fyrstar,  prinsesser og prinsar. I tillegg tek ca. 10.000  personar turen til topps på Slogen - dei går nærast i mounteneeren William Cecil Slingsby sine fotspor.  Alt dette kjenner Edith Flakk (Nordang) til, men ho kom raskt fram til at det likevel berre er eit lite fåtal av folk i inn- og utland som får oppleve denne perla i Hjørundfjorden.  Dette ville ho gjere noko med.

Edith, Slogen 392 copy
Edith ynskjer at fleire skal få oppleve m.a. utsikta frå Slogen gjennom
DVD-en Bergteken

På dvd-en tek Edith Flakk oss med på ei tredelt reise gjennom tre ulike fotoseriar. Kvar serie har fått sin eigen låt av Edith og lyttaren/sjåaren bestemmer sjølv om han vil ha norsk eller engelsk tekst på lyrikken, eller ein rein instrumentalversjon.

På den første reisa får vi vere med den Slingsby-inspirerte, men likevel tidlause vandraren (Jon Arne Årseth)  oppover frå båten i fjøresteinane, gjennom skodda og heilt til alt opnar seg  på toppen av Slogen.

Edith II 134
Thomas Hustad, hamnefogden, er med på dvd-en Bergteken

Den andre reisa er meir mystisk og uventa.  Vi kan lene oss bokover, nyte og drøyme under låten "Ein av alt".  Den unge og vakre dansarinna (huldra?) nærast lokkar oss bortover Lygnstøylvatnet si vasskorpe og etter kvart også under.  Saman med munnharpe og ei djup bassrøyst er pulsen i denne låta eit lydopptak av stein som fell ned i ei rivne på toppen av fjellet Jakta.

På den tredje reisa får vi vere med på det meir storslagne.  Det er etterjulsvinter, kaldt og mykje snø, men sola er sterk og klar i høgfjelelt.  Vi bevegar oss dels over, dels under dei mektige tindane i Hjørundfjorden.  Så startar turen nedover fjellsidene, heilt ned til fjordane og den vakre isrosa.  På denne turen får vi også med oss det mektige nordlyset, fjellklatraren høgt oppe på ei tindenål i Molladalen og skikøyraren som boltrar seg i laussnøen på veg ned frå Kolåstinden.

Edith II 071 copy_edited-1
Edith Flakk har lagt vekt på kvalitet i alt som er gjort av arbeid på dvd-en
Berg
teken.

På dvd-en har Edith hatt ansvaret for det meste, men til hjorundfjord.no seier ho at ho ikkje har vore redd for å kjøpe tenester.  Eit 20-tals personar er leigd inn til prosjektet -  tre hovudfotografar, mentor for val, behandling og redigering av alle bilder, modellar, dansar, musikarar, vokalistar, arrangør, innspelsingsstudio, språkkonsulentar, designarar og til slutt mastering av dvd-en i Oslo.

Du kan lese det meste i bookletten ved å klikke her

IMG_0404
Dvd-en Bergteken.  Foto:  Edith Flakk Nordang

Dvd-en kan du no  kjøpe lokalt på Bellingen på Sæbø og på Urke landhandel, Urke og på kaffibaren Fugl Føniks i Ørsta -  i tillegg til ein del andre stadar.  Men lettast er det nok å kjøpe på nettet.  Klikk deg inn på Edith Flakk si heimeside bergteken.no

Det kan hende det tek eit par dagar for heimesida er oppe og går, med Edith Flakk Nordang kan nåast på denne e-postadressa: post@bergteken.no

Alle foto på denne sida:  Knut Hustad