Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Turdato: 7. og 8. juni frå klokka 18 til 02.

rute M.t b
Den blå streken syner ruta vår på kartutsnittet.


Utan at vi skal kome så mykje innpå akkurat det, så er det vel rett å hevde at Ytste Årsnesdalen allereie har hatt si storheitstid.  Likevel er denne dalen, som ligg ein stad mellom Standal og Festøya vel verd eit besøk - særleg om du likar skiturar og litt klatring.

Sjølv entusiastar må vel vedgå at skisesongen er på hell den 7. juni, men etter å ha gått gjennom bratt skog ein times tid, fann vi snø ved ca. 550 høgdemeter oppe i Ytste Årsnesdalen.

_IGP0045b Molladalstårnet 013 copy
Når ein ser på fotoet til venstre, forstår ein nok at skiføret ikkje var det beste dei første 550 høgdemetrane.

Tinderekkja rundt Molladalen er velkjend og fjellfolket kjenner gjerne  til toppar som Jønshornet, Randers Topp og Mohns Topp.  Mellom Jønshornet, som gjerne vert kalla Ramoen på Vartdal, og Randers Topp ligg det ca. 1360 meter høge Molladalstårnet.  Det var denne fjellformasjonen som var dagens/kveldens mål.

pan 1b
Ein kjøleg kveld, men utsikta frå Ytste Årsnesdalen er det lite å klage på.  Hundeidvika i venstre bilethalvdel.

Molladalstårnet 024 copy
Molladalen er langt meir kjend, men villskapen dukkar opp også i den ytste av Årsnesdalane.  Her har Fred Ingar (Somby) kome inn på breen under Jønshornet.

Planen var å klatre til topps på Molladalstårnet frå skaret  mellom Jønshornet og Molladalstårnet - dette er også siste klatredel av normalvegen frå Molladalen,  men mest p.g.a. knapt med tid,  og delvis kald nordavind,  sette vi att ski her og gjekk  vidare til fots opp eit sidebratt parti til skaret nordaust for Molladalstårnet, Tårnskaret som det vert kalla, og klatra til topps herifrå.

_IGP0069b Molladalstårnet 027 copy
Til venstre:  Underteikna på veg opp det sidebratte partiet frå skaret mellom Jønshornet (i bakgrunnen) og Molladalstårnet. Til høgre:  Ein kald klatrar er klar til toppstøyten mot Molladalstårnet (bak).  Klokka er 2214.


Under ser vi foto frå klatreturen til topps.  Javisst var det kaldt i starten, så vart det berre betre og betre.  Til slutt nærast makelaust.

Molladalstårnet 036 copy GOPR1234b
På fotoet til høgre ser vi Molladalen i bakgrunnen under.

Molladalstårnet 042 (2)
Klokka er 2322.  Klatraren har gjort jobben, målet - toppen av Molladalstårnet - er nått. Vi ser også utløpet av Hjørundfjorden.  Ut til venstre ligg Ålesund.

Molladalstårnet 056 copy
Jønshornet, eller skal vi seie/skrive Ramoen?


GOPR1246b Molladalstårnet 064 copy
Klokka 0045 var også rappellane unnagjort og vi var nede ved skina igjen.  Det var berre å takke Molladalstårnet for laget.

Skirensla ned ned den omlag 40 grader bratte renna ned til Jønshornbreen og vidare ned Ytste Årsnesdalen kan vere svært så fin, men p.g.a. hardfrose skredunderlag den første og brattaste delen, vart skikøyringa for vår del ikkje den beste delen av turen.  Men blodstripa mi nedover naseryggen var rett nok litt tøff...

Molladalstårnet 079 (2)
Men sjå der - lenger nede ordna også skiforholda seg.  Det mørke midtpartiet er Hjørundfjorden.  Så dageens quiz:  Kva heiter fjellet til høgre i bakgrunnen?

Molladalstårnet 087 copy
Klokka er 0119.  Motivet her har eg kalla "Elg i solnedgang".

Takk for ein glimrande tur.