Film: Fred Ingar Somby. Foto: Fred Ingar Somby og Knut Hustad. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Turdag: 30. april.
Utsikta frå Storhornet er av det vakre slaget. Her ser vi utover Hjørundfjorden | Her ser vi mot Skårasalen |
Her ser vi egga framover mot Storhornet - som vi ser i høgre biletkant. | Flymerket på Storhornet. |
Det har vore litt diskusjon, også her på Hjørundfjordportalen, om kva som er Storhornet i dette fjellmassivet på sørsida av Bondalen. Det høgste punktet er 1377 m og vert på Moane i Bondalen kalla Eggavarden. (På Aklestad visstnok Nipa) Sjå elles panoramafoto til slutt i artikkelen. Her er nokre namn som vert brukt på ulike toppar på fjellmassivet Storhornet/kollenmassivet. I alle høve: Fred Ingar (Somby) var på Storhornet. Sjå foto under.
Her ser vi kartutsnitt over ruta Fred Ingar gjekk i dag, raud opp, blå ned. På foto til høgre ser vi dei to aktuelle toppane. Storhornet, med flymerket, er "berre" 1358 m høg, det høgste punktet, på Moane kalla Eggavarden, er 1377 m høgt.
Laurdag kom det svært mykje nysnø i fjellet, det gjorde at søndagen vart ein fantastisk skidag, men kva med i dag? Var det fortsatt råd å finne kald, lett snø? Fred Ingar ville prøve ei rute der det var lite sol. Moagjølet var vel eit godt alternativ, men var det i det heile råd å kome ned dit? Ruta måtte prøvast.
Det høgste punktet på Storhornmassivet, Eggavarden, er lett å nå - ta Skårasalruta inn Kvistaddalen, men når du er oppe i skaret ovanfor Blåhorndalen, tek du til venstre - ikkje til høgre som du gjer når du skal på Skårasalen. På ein god dag tek du gjerne både Skårasalen og Eggavarden/Storhornet. Det største problemet på denne turen vart nesten å kome seg ned mot Storhornet frå det høgste punktet - her var det nemleg svært hardt/nærast isete. Løysinga vart å trakke seg ned.
Til venstre ser vi spora der han trakka seg ned, til høgre Fred Ingar på toppen av 1358 m høge Storhornet. Klikkar du på fotoet ser du han.
Foto frå Storhornet. Vi ser Moagjølet gå ned til høgre omtrent midt på fotoet. Dalen i botnen er Bondalen.
Det var lite informasjon å få om denne køyringa på ski ned Moagjølet. Er det nokon som har gjort denne skituren før? I alle fall - Fred Ingar var spent. Oppe i toppområdet var det noko hardt p.g.a. soltining og ei kald natt, men etter kvart som han kom ned i skuggen var det til dels fine forhold. Rett nok gjorde han eit "drop" på eit par - tre meter, men om ynskjeleg kunne det sikkert ha vore unngått.
Under ser du foto frå turen, til slutt finn du ein filmsnutt. Ta deg tid til ein titt.
Skikøyringa ned sjølve Moagjølet har starta. Vi ser her at det er tildels fine forhold.
På foto til venstre ser vi skikøyraren omtrent midt på fotoet. På fotoet til høgre ser vi heile gjølet.
Til venstre: Kva no, unge mann - kjem du forbi dette? Til høgre: Ein god sats så.... Det gjekk fint - heilt ned.
Til slutt ein liten filmsnutt frå hjelmkameraet til Fred Ingar: Klikk her. Hakkar filmen, klikk på HD nedst i høgre hjørnet (HD-ikonet)
Det som er største faren med ein slik tur er nok skredfaren. Ein må finne rette dagen. Det ser kanskje ikkje så fint ut her, men snøskreda som går på denne tida av året er gjerne av det slaget som er lettare å passe på, t.d. solskred på ettermiddagen.
Konklusjon: Ein framifrå tur, i fylgje skikøyrar Fred Ingar.
Fjellmassivet Storhornet har mange vardar, mist seks. Det er lett å verte forvirra på namnebruken - ulike gardar brukar tildels ulike namn, men dei fire namna som er påteikna her, er dei namna som vert brukt på Moane i Bondalen. I tillegg står det eit par av dei på kartet/kartutsnittet over. Det høgste punktet, Eggavarden, ser vi ikkje på dette fotoet.
Kommentarar
Kollamasivet har tre vardar:Den bakarste og omdøypte Eggjavarden, så Kollavarden, og så Nipevarden fremst mot Bondalen,
Storhornet har også tre vardar pluss eit flymerke,som er bakerst(ved nedgangen til Krokejølet,til Lissehornet og Saudedalen)
Den bakerste varden er Storhornvarden så er det austre og vestre flogvarde,som begge er synleg frå Bondalen.
Moajølet har vore forsert fleire gonger på ski både opp og ned.Fyrste gongen eg veit om var midten av 50 åra.
No er artikkelen og namna på dei ulike fotoa endra til slik dei vert kalla på Moane. Dei har også fleire namn, men eg trur det er klokt å ta med berre dei fire, som på panoramafotoet til slutt i artikkelen.
Elles så har eg fått opplyst at fleire har teke denne skituren. Ole Mo var nok den første som gjekk opp der - ein gong midt på 50 talet. Den siste som gjekk både opp og rann ned, trur Rasmus Mo, var Gunnar Wangen