Klikk på fotoa for å få dei i stort format. Alle foto:  Knut Hustad.

Naboen i underetagen på kaihuset/det gamle kommunehuset på Sæbø, Thomas Hustad, meinte at Nils Taklo hadde vore svært rastlaus og nervøs siste dagane, men søndag ettermiddag kunne  i alle høve Taklo puste letta ut.  I løpet av dei to første opningsdagane av Galleri Taklo hadde nemleg den tidlegare skulemannen og tidlegare ordføraren i Ørsta, fått høyre mange lovord - men no som kunstnar.

Taklo 2 021 copy

- Han er svært flink til å setje saman fargar. Det var mange som kom med
desse godorda til  Nils Taklo no i helga. Her står kunstnaren framfor eitt
av dei fargerike måleria.

Men det var laurdag opninga av det nye galleriet, Galleri Taklo, på Sæbø skjedde.  Som det sømer seg ved eit slikt høve, var det ordføraren i Ørsta, Gudny Fagerhol - sjølvsagt med ei blankpussa ordførarkjede på - som stod føre den offisielle opninga. Og alle dei frammøtte fekk sprudlevatn og noko som var endå betre enn kanapèar å bite i - nemleg nysteikte lefser.

Nils Taklo 033 copy
Ordørar Gudny Fagerhol (t.h.) heldt ein god og munter tale til Nils Taklo (t.v.) i høve den offisielle opninga av Galleri Taklo.

Noko overraskande presenterte ordførar Fagerhol Nils Taklo som ein politisk motstandar gjennom 30 år, men ho la rett nok vekt på politisk.  Ho hadde nemleg berre lovord å kome med til han som kollega i Ørsta kommunestyre gjennom mange år og ikkje minst som medmenneske. Likevel kom ho raskt inn på Taklo sitt nye liv som kunstnar.  Ordøraren var tydeleg imponert over dei mange vakre bileta til Nils Taklo.  Tydeleg var det også at ho gledde seg over den kunstneriske utviklinga hans.

Før ho avslutta med blomar og klem til kunstnaren, fortalde ordføraren at ho allereie hadde gjeve bort måleri av Nils Taklo som gåver frå Ørsta kommune.  Det ville ho halde fram med og la til at ho no ville kjøpe eit nytt måleri - eit måleri som skulle gjevast som gåve frå Ørsta koimmune til barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund. - Slike fargerike måleri vil skape glede på eit sjukehus, meinte ordføraren.

Nils Taklo 040 copy Nils Taklo 049 copy
Godord og blomar frå ordførar til eks-ordførar og kunstnar Nils Taklo. Ordføraren meinte at galleriet til Taklo ikkje kunne ha ei betre plassering - med ei fantastisk utsikt mot flotte motiv Hjørundfjorden rundt.

Ein tydeleg rørt kunstnar kom sjølvsagt med nokre velvalde ord som takk og lova at han hadde planar om å halde til i Galleri Taklo i det gamle kommunehuset på Sæbøkaia i minst 15 år framover.  Taklo såg elles føre seg at heile kommunehuset  vart brukt til kunst og kultur og at alle dører måtte vere opne så mykje som mogleg.

Nils Taklo 054
Mange var tilstades under opninga av Galleri Taklo på Sæbø sisst laurdag.

Til hjorundfjord.no seier Nils Taklo søndag ettermiddag at han er svært takksam og glad over at så mange har vitja galleriet på Sæbøkaia dei to første opningsdagane - ikkje minst er han glad for at så mange frå heile Bondalen har møtt opp.  Galleriet vil ha faste opningstider, men Taklo fortel at det er berre å ta kontakt om nokon ynskjer å kome innom til andre tider.

At mange meiner at Taklo er god til å setje saman fargar er allereie nemnt, men fleire gav laurdag også uttrykk for at dei er positivt overraska over at han har utvida reportoaret sitt mykje. Solsikker, sjøhus og båtar er gjerne kjende motiv frå Taklo, men kven hadde vel venta motiv frå Toscana frå mannen frå havgapet?

Nils Taklo 060 copy Taklo 2 013 copy
På foto til venstre ser vi Jarle Walseth(t.h.) som er tydeleg interessert i "Det blå hjørnet" og det er fiskebåten i uvêr han er spesielt interessert i.  På foto til høgre ser vi at Nils Taklo er god til å få djupne i måleria sine - her i eit motiv frå Toscana i Italia.

Nils Taklo 068 copy
Og bak ein kvar dugande mann står det ei minst like dugande kvinne.  Her ser vi Taklo si kone, Åshild Taklo,  flankert av Halldis Fiskå Mo(t.v.) og Ann-Helen Urkegjerde.

Og kvar finn ein så Galleri Taklo?  Ser du huset under, er du på rett veg.

Nils Taklo 075 copy

Taklo 2 001 Taklo 2 015b
Opningstidene til galleriet ser du på foto til venstre. Om du ser gjennom vindauget på foto til høgre, ser du nokre naust.  Har Taklo hatt inspirasjon av desse, tru, når han har laga måleriet til høgre?

Ein skal vel kanskje ikkje spørje ein kunstnar av Taklo sitt kaliber nøyaktig kor han har det og det motivet ifrå, men er det nokon som kjenner att motivet under?  Det er vel lettare for hjørundfjordingar enn andre å finne svar på dette spørsmålet... (Taklo har gitt eit konkret svar her).

Taklo 2 007 copy
Er det andre enn Nils Taklo som veit kvar dette motivet er henta ifrå?