Kvedar og visesongar.

Folkesongar og sylvsmed Kirsten Bråten Berg er ein av landets aller viktigaste tradisjonsberarar av vokal folkemusikk. Ho er høgt dekorert. I 2005 blei ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden.

Songstilen til Berg syner at ho er påverka av felemusikken frå Setesdal, ho er oppteken av den estetiske dimensjonen i tonedanninga når ho framfører stev og folkeviser.

Berg har likevel ikkje bakgrunn berre som folkemusikar, men óg som visesongar. På fleire plater ho har gjeve ut, kombinerar ho nyare viser med folkemusikale innslag og folkemusikk inn i ikkje-tradisjonell musikk. Dette gjer ho til ein nyskapande og grensekryssande musikar.

Ho er busett i Setesdal og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeid med musikarar frå andre musikktradisjonar, som Arild Andersen, Agnes Buen Garnås,  Jan Garbarek og no i Hjørundfjord kyrkje; Daniel Sandén- Warg.

 

Statsstipendiat og spelemannsprisar.

Sist haust vart Bråten Berg utnemnd til statsstipendiat innan folkemusikk av kulturminister Huitfeldt. Dermed kan Berg vie tida si til å jobbe berre med musikk.

Berg har motteke to spelemannsprisar, den eine for soloplata Min kvedarlund. I år er ho aktuell med plata Songen.

 

Daniel Sandén–Warg.

Sandén- Warg spelar hardingfele, fele, munnharpe, gitar og nyckelharpa. Som hardingfelespelar har han lært dei fleste slåttane direkte av Hallvard T. Bjørgum.

Svenske Sandén-Warg forlet heimlandet i ung alder og flyttet til Setesdal for å kome tettare inn på den lokale musikken og kulturen. Han rangeres i dag som A-klasses hardingfelespelar.

Sandén-Warg er medlem av spelemannslaget Knut Heddis Minne, og har halde fleire konsertar saman med hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås. Han spelar i bandet til Odd Nordstoga, og saman med Sigurd Brokke ga han i 2007 ut plata Rammeslag. I tillegg er han ofte Sissel Kyrkjebø sin musikar.

Dette vert fyrste gongen Kirsten Bråten Berg held konsert i Ørsta kommune. Ho har bestefar frå Lied i Bondalen så vi i nemnda for Hjørundfjorddagane synes det er ekstra stas at ho kjem til Sæbø også av den grunn.

Dette vert ein spennande konsert.

Billettar kr. 250,-  ligg ute for sal i nærbutikkane Bellingen og Slettedal på Sæbø.

Ungdom under 20 år betalar kr. 100,-

Du kan og ta kontakt med Synnøve Rekkedal Hill på e-post synnove_hill@hotmail.com , dersom du ønskjer å tinge billettar.

Billettar kan og kjøpast på Klubbhuset på Sæbø laurdag 4. juni, samt i kyrkja frå kl. 18.00.

 

Synnøve Rekkedal Hill

-leiar Hjørundfjorddagane 2011-