Onsdag 6. oktober – konsentrasjonsleirane
Onsdag var definitivt den travlaste dagen av dei alle. Vi starta dagen med frukost klokka sju, og deretter var det avreise mot konsentrasjonsleirane klokka åtte. Det seier seg sjølv, at dette er tidleg for ni ungdommar på femten år… Nokre nytta tida på bussen til å ta igjen litt tapt søvn. Det skulle bli ein lang dag, så det var viktig å vere utkvilte og opplagde.
Vi var spente på det vi skulle få sjå, og grudde oss nok litt. Vi hadde lært mykje om konsentrasjonsleirane og 2.verdskrig på skulen på førehand, og sett film om frigjeringa av konsentrasjonsleirane. Vi visste at det ville vere ganske fælt å faktisk vere der alt dette grusomme hadde skjedd.
Inngangen som toga køyrde i gjennom når fangane kom til Auschwitz.
Den første leiren vi skulle til, var Auschwitz 2 Birkenau, den største av dei to leirane. Vi var ein stor gjeng, så vi vart delt inn i to grupper. Kvar gruppe fekk kvar sin guide som skulle fylgje oss gjennom begge leirane. Guiden på vår gruppe, heitte Agnes. Ho var flink til å formidle vidare kunnskapen sin, engelsken var god og ho var lett å forstå.
Agnes fortel om korleis fangane kom til Birkenau i overfylde togvogner utan vindauge. Dei fekk ikkje mat undervegs, og reisa kunne vere mange dagar lang.
Her er ei av togvognene som fangane vart frakta til Auscwitz med.
Området var enormt. Her var det plass til mange fangar.
Toaletta i trebrakkene. Kvar fange fekk nytte doet i berre nokre sekund for dag.
Her sov fangane sju i breidda. Hierarkiet rådde, og dei sterkaste sikra seg dei øvste plassane.
Tilsvarande "køyer" i trebrakkene.
Restar av gasskammer og krematorium. Desse vart sprengde for å fjerne spor då det var klart at Tyskland ville tape krigen. Omkledningsromma og sjølve gasskammera låg under bakken, medan krematoria var synlege bygningar oppe i dagen. For fangane var det å gå ned denne trappa det siste dei gjorde.
Ved minnesmerket hadde vi ei markering. Lisabel Hustad Øvrelid las eit dikt vi hadde skrive i klassen, medan ein elev frå Lardal - Kristin Sandstrand, la ned blomar og ein annan tende lys. Etterpå heldt vi eitt minutts stillheit for å minnast alle dei som døydde her.
Her er diktet vårt:
Menneskeverd
Kva er eit menneske verdt?
- eit menneskeliv her på jorda?
Kvar lever vi våre liv
Og alt handlar om å leve
- gjere det beste ut av livet
Menneske vart henta, og frakta hit
Fullt i gang med sine liv.
Men her møtte dei pinsle og død.
- fordi nazistane bestemte det
Kven kan bestemme at eit menneske ikkje
skal få leve?
At eit menneske ikkje er noko verdt,
- ikkje har rett til å leve?
Det er uverkeleg at dette faktisk skjedde
- at så mange godtok det,
- utførte ordrar.
Forsto dei ikkje?
Vi må aldri gløyme dei som var fanga her, som døydde her
- heilt utan grunn
10.klasse, Sæbø skule, hausten 2010
Etter lunsj var det Auschwitz 1, som sto for tur. Her var det langt trongare om plassen, og fleire turistar. Vi fekk utdelt mottakarar med øretelefonar slik at vi høyrde alt guiden vår sa.
Gasskammeret i Auschwitz 1 var eit ombygd tilfluktsrom, og var mindre enn dei som seinare vart bygde i Birkenau.
Gifta vart til dødeleg gass når ho reagerte med luft.
I Auschwitz I fekk vi sjå mange eigedelar etter fangane. M.a. koffertar, briller, proteser og sko.
Vi såg også hår som var barbert av fangane, og som skulle brukast til å lage stoff av.
Ved skyteveggen hadde vi ei markering igjen, der reiseleiar Balder las tekst,
og elevar la ned blomar og tende lys.
Bilete ovanfor: Guiden vår Agnes, Arnhild Kvistad, Steinar Sletsjø, Jostein Trana og Bjørn Hustad.
Før vi forlot Auschwitz 1 var det fotografering utanfor den kjende porten med inskripsjonen "Arbeit macht frei"
Her er alle elevane frå Sæbø og Lardal samla i lag med reiseleiaren vår, Balder.
Seinare hadde vi temakveld saman med mange fleire elevar der vi fekk høyre historia til tidsvitnet vårt, Sigurd Syvertsen. Den kan du lese meir om i slutt- artikkel frå opplevingar denne dagen i leirane.
Her ser vi f.v. tidsvitne Sigurd Syvertsen og Ivar Svein Mo.
Her ser de F.v. Jon Einar Flatnes, Sindre Oksavik Brautaset, Elena Andrea Kvistad Hustad, Tidsvitne Sigurd Syvertsen, Kjetil Rekkedal, Elen Maria Holen, Lisabel Hustad Øvrelid og framme Sondre Kristoffer Mo.
Artikkelen er skreven av 10.klassa 2010 - Bilete Lisabel Ø. Hustad, Elen M. Holen, Elena Kvistad Hustad og Arnhild Kvistad.
Kommentarar