NRK Hordaland starter produksjonen av ein ny stor maritim fjernsynsserie. I løpet av ti produksjonsveker skal programleier Dag Lindebjerg og fotografane Frode Fimland og Dag Indrebø portrettere norskekysten frå Grense Jacobselv til Halden. Programserien skal handle om kysten, men ein fjord må også være med og i Hjørundfjorden ligg godt til rette for kysten og her er Dag Lindebjerg godt kjend, då han har vore busett i Volda som lærar i si tid, og var ein flittig brukar av Hjørundfjordfjella. Ei stort ynskje var å få kome på Skårasalen og filme Sunnmørsalpane, men fotografen har tungt utstyr og besøkstida er knapp, så her må helikopter til, men får vi lande var spørsmålet under planlegginga?

img_1753

Kristin Riise nyt soloppgongen ved Skårasalen 09. Foto:Monika Barstad Rebbestad

Jau, søknaden om landingsløyve vart positivt behandla i Ørsta kommune. Plan og Miljøavdelinga, Teknisk sjef og Ordførar har gått positivt inn for at dette er flott reklame og positivt for Hjørundfjorden og Ørsta kommune, så landing komande onsdag eller torsdag er i orden.

37414_138325286187325_119169861436201_323362_73615

Siste dag med "Straumingen" enda på Hitra. foto NRK

NRK teamet kjem sørover Norske kysten i gamle kystskuter og har den siste veka vore ombord "Straumingen" til Jøa kystlag som låg klar i Rørvik med mannskap og tok teamet  vidare sørover kysten til Hitra. Reisa, som starta ved grensa til Russland 1. mai, har endestopp ved svenskegrensa 15 september.Teamet lager 10 TV program om vår mangfoldige kyst for sending på NRK1 i 2011.

Reisa kan følgast på Facebook "Norskekysten" . Her er også satelittkart der du kan sjå til ei kvar tid kvar båten oppheld seg. Vil du kommentere og ha kontakt med båten og Lindebjerg må det innloggast.

I dag mønstrar teamet på "Nybakk" av Måløy og det er denne båten som kjem inn Hjørundfjorden på tysdag kveld i 20.00- tida.

Båten kjem sakte, men sikkert sørover, og held tidskjemaet vil Lindebjerg og mannskap besøke Rekkedal Gjestehus for servering av eit måltid med lokalt og kortreist mat.

NRK teamet har vore mottekne med stor gjestfridom langs heile kysten og vi håper at minne frå Hjørundfjorden ikkje vert noko ringare enn ellers i landet.

Håper det lukkast med véret når det skal filmast frå Skårasalen.