Klokk på fotoa for å få dei i stor versjon.

- Spennande fjellmassiv mellom Dalsbygda og Kile, høgste fjellet i området, skriv forfattarane av boka "Skiturar i Sunnmørsalpane".  Dei meiner rett nok då den 1285 m høge Trollvasstinden, men "vår" topp, Bytingstinden, ligg berre eit langt steinkast lenger sør.

Vi tok av frå E 39 i Søre Bjørkedal, køyrde opp forbi båtbyggarhuset til Jakob Bjørkedal og parkerte ved ei sag 4-500 m vest for europavegen.  Så var det å få på utstyr og gå oppover ein traktorveg, opp- og over ei attelege/dyrkamark og så var vi inne på setrevegen som fører opp til Laurdalssetra. Sjå kart med GPS-utskrift under.

rute bytningstinden
GPS-utskrift av ruta ved Fred Ingar Somby

Etter det eg forstår er ruta til Bytningstinden om Tuedalen den vanlegaste, men Fred Ingar og eg valde å gå opp i Sandviksdalen (sjå skiboka side 77).  Vi tok difor av frå setrevegen og gjekk til høgre rett før brua med rekkverk.  Ikkje lenge etter tok vi av frå denne vegen igjen og gjekk opp ein vakker furuskog og seinare open bjørkeskog.  Så var vi i Sandviksdalen.

002b 004 - Kopi
Foto til venstre:  På veg oppetter setrevegen til Laurdalssetra dukkar det vakraste fjellet i Volda opp i det fjerne.  Namnet på fjellet er Lissje-Toren. 
På fotoet til høgre leitar Fred Ingar etter den raskaste vegen til Bytningstinden på GPS-en. (Den kvite toppen lengst bak). Etter kvart gjekk vi opp ryggen opp til høgre.

Når fjellet er etter måten høgt og ruta slakk så seier det seg sjølv at turen vert heller lang - 6 km om du går om Tuedalen står det i den nemnde boka. Turen om Sandviksdalen er sikkert litt kortare.   Ynskjer du ei rask oppstigning og ei bratt nedkøyring er det andre fjell som høver betre enn Bytingstinden/Trollvasstinden - i alle høve om du går den ruta vi gjekk.  Men for all del - vi hadde ein fin dag med mange vårteikn - både fuglesang og litt roten snø -  opp gjennom setrevegen og furuskogen.

"Når fjellet er etter måten
høgt og ruta slakk så seier
det seg sjølv at turen vert
heller lang"

006b
Fred Ingar på veg mot Bytingstinden (bak til venstre) - om  det 1134 m høge Vassendfjellet (opp til høgre).

011 - Kopi
Fred Ingar på  den 1260 meter høge Bytingstinden.  Toppen bak er 1285 m høge Trollvasstinden.

No hadde vi el planar om å gå vidare etter egga nord til Trollvasstinden også, men underteikna sine føter/bein var nok merka av ein viss skitur mellom Rena og Lillehammer nokre dagar før.  Dermed vart Bytingstinden også endemålet.

016b
Ruta vi gjekk opp frå Sandviksdalen. Avstikkaren i bakgrunnen er ruta til Vassendfjellet.  Fred Ingar tok i alle høve turen dit også. Vi rann same ruta ned.

014b 024 - Kopi
Til venstre: Fred Ingar beundrar det som må vere ei svært så flott nedkøyring til Sanden seter.  "Denne nedkøyringa kan vere ei sann fryd når føret stemmer" - sitat frå skiboka.
Til høgre:  Underteikna.  Det skal vere litt kjøleg på ein tind vinterstid. Kilsfjorden rett under.  Voldsfjorden lenger bak.

Veret på onsdag var langt betre enn meterologane hadde varsla.  Det var snø heile vegen opp frå Bjørkedalen, men likevel var det vår då vi starta.  På toppen sat vinteren framleis i.  Det seier seg sjølv at det vert vekslande skiføre av slikt - frå tørrsnø på toppen til skorpesnø og litt roten snø ned gjennom furuskogen.  Men for all del - det er etter påske at det er tryggast og ofte best å gå til fjells på ski.

036b

038b 046b
På dei tre fotoa over ser vi Fred Ingar på veg nedover. På foto rett over til høgre ser vi Bjørkedalen og det framleis frosne Bjørkedalsvatnet.

Takk for turen.