Etter ein særs våt september-månad, skein det endeleg av i oktober, med mykje flott skisnø i høgfjellet. November forvandla puddersnøen til skaresnø etter mildver med påfølgjande blågrader. Av slikt blir det ideelle tilhøve for stegjarn- og isøks-turar, gjerne toppa med pinakkel-klatring.
Vi starta frå Kvistadsetra kl. 9, i tindrande sol og eit par-tre minusgrader. Anmarsjen opp til Skårtindane er på dryge 900 bratte høgdemeter. Men med stegjarn på skaresnø gjekk det greitt på eit par timar. Etter ei kjapp rekognisering i skaret, eit par brødblingsar og racking av utstyr, var vi klare for sjølve klatringa. Det var tørt og reint fjell på ruta, med unntak av nokre snøflekkar og litt is. Vi satsa på fribestigning med vanlege fjellsko og hanskar. Det gjekk greitt heilt til cruxet, der vi måtte av med hanskane. Etter 30 meter med fin femmar-klatring, stod vi på toppen av denne flotte tindenåla kl. 12. Deretter tok vi ein kjapp og grei rappell nedatt i skaret med påfølgjande stegjarnsretur ned til Kvistadsetra.
Her er Skårkongen sett frå toppen av nabo-tindenåla Jeksla. Klatreruta går frå skaret og opp det markerte diederet om lag midt på pinakkelen.
Foto: Fred I. Somby
Biletet syner Stig Helset på toppvarden av Skårkongen. Her er det mykje luft i alle retningar - og særleg ned mot Hjørundfjorden.
Kommentarar
Eller er det ein annan stad?
Elles har eg no lagt inn eit bilete av pinakkelen sett frå nabo-tindenåla Jeksla, teke av Fred I. Somby berre eit par dagar etter at vi var på Skårkongen.
I dag soloerte eg forresten Ytsnestinden / Slingsby topp under absolutt glitrande tilhøve. På vegen fram, opp, ned og attende slo to absolutte gåter ned i meg nok ein gong:
1) Korleis er det mogeleg at nokon i det heile teke kan tenkje på å strekkje ei monsterlinje tvers gjennom dette som må vere verdas flottaste landskap (jf. kåringa i National Geographic)???
2) Korleis er det mogeleg at Ørsta kommune (som om ikkje dei har gjort nok galskap i Stenes-saka) i det heile teke kan vurdere å støtte utbygging av ei djupvass-kai ved Ørsta-fjorden (som praktisk tala ikkje har noko som helst å by på), i staden for å satse på Hjørundfjorden (som har absolutt alt å by på)???
Om dette kune eg ha skrive mykje meir, men eg skal late det vere nett no, sidan dette trass alt berre skulle vere eit svar på eit lite spørsmål.
Helsing Stig Helset ein sann ven av Hjørundfjorden