- Eg har ønskt å dokumentere det makelause laksefisket som var både i sjø og elv.  I tillegg har eg prøvd å få med folkelivet som var knytt til laksen.  Som ørsting og ivrig laksefiskar også i Bondalselva, har det vore naturleg for meg å ta utgangspunkt i desse to elvane - Ørstaelva og Bondalselva, seier Svein Aam til hjorundfjord.no.

Så ein liten filmsnutt om det vidgjetne laksefisket på 70-talet.  Klikk her. 

Svein Aam er halvt bondaling og hjørundfjording.  Han er 49 år, oppvaksen i Ørsta i 1960, no busett i Volda, men mor hans er frå Årskogane der Svein fekk den første laksen sin som 12-åring.

kap1a-1

Boka "Lakseeventyret" av Svein Aam er rikt illustrert og i boka finn vi m.a. dette fotoet av forfattaren og den første laksen han fekk som 12-åring.  Foto: Slekta frå Amerika.

Det som Aam kallar "Sirkus Bondalelva" har fått stor omtale.  Sjølvsagt vil mange nikka attkjennande til det som vert skrive i boka, men fleire  vil også kjenne seg att på dei illustrerande fotoa.  T.d. har fiskekonkurransen som vart avvikla den 1. juli 1973 fått utførleg omtale.

Cirkus Bondal H-1

Frå "Sirkus Bondalselva.  Frå fiskekonkurrasen i Bondalselva den 1.juli 1973. Foto: Anders Hustadnes.

Men mykje har skjedd sidan 1970-talet.  Forfattaren skriv ikkje berre om glansbiletet.  Han har også fått med seg den triste lagnaden til villaksen og avsluttar med den katastofalt dårlege 2009-sesongen.  Svein Aam skriv om glede og sorg, han skriv om drivgarnfisket og sjølvsagt skriv han også om oppdrettsnæringa.  Aam understrekar også at han har brukt svært mykje tid til å intervjue veteranar - noko som han meiner er eit viktig dokumentasjonsarbeid.  Han er t.d. svært takksam for at brørne Ola og Johan Sæbønes har kome med verdifulle opplysningar om laksefisket i Hjørundfjorden.

Som nemnt er mange intervjua, men Svein Aam vil likevel takke Helge Strand på Sæbø spesielt.  - Helge har vist meg stor tillit og han har også late meg lese dagboknotatane sine, avsluttar Svein Aam.

kap8g-1

Kjenner vi desse to?  Her ser vi Helge(t.v.) og Rolf Strand med Helge sin første laks. Er det Rolf som har fått den minste fisken?

Boka "Lakseeventyret" av Svein Aam kjem ut på Spor forlag i Ulsteinvik.  Boka er å få kjøpt i bokhandlane i Ørsta og Volda, men og andre stadar.   Spør etter boka i bokhandelen din eller ta kontakt med forlaget.

Svein Aam er no i ferd med å lage eit kåseri/foredrag om boka si.  Straks han er ferdig med dette vil Aam evt. reise rundt og lese frå boka si, syne foto og filmsnuttar og forfattaren har også meiningar om det som tykkjest vere oppblåste fangsstatistikkar for Bondalselva og evt. konsekvensar av det - nemleg eit feilaktig forvaltningsgrunnlag.   Ta berre kontakt med Aam om det er interesse for temaane som her er nemnt.