Jakta (1588 moh.)

Vi tek første ferja over Hjørundfjorden nett i det morgonsola kliv sørryggen på Slogen og speglar seg i den blikkstille vassyta. Depotet blir strategisk plassert like ved Lygnstøylsvatnet, der vi reknar med å kome ned til sivilisasjonen etter at første halvdel av turen er gjort unna.  Deretter køyrer vi attende til Øye og tek til på første fjellet av sørsida av Norangdalen; Jakta. Først 700 høgdemeter til fots opp stien langs den frådande Holåa. Deretter slakkare terreng på ski inn Kondalen til 1000 meters høgde, før det går bratt opp frå Jakta-foten til toppen av dette fjellet som kanskje er det mest potente av alle sunnmørsfjell om ein ser det frå Finneset ved Bjørke. Nedkøyringa til Sævågsskaret går greitt unna i noko solsmelta snø.

Hjørundfjorden 007

 

Biletet syner Audun på veg opp frå Kondalen mot første topp; Jakta. I bakgrunnen ser vi ruta sine to siste toppar; Store Smørskredtind og Slogen.

Risenosa (1554 moh.)

Vi vel å ta skia på sekken for å forsere dei neste 500 høgdemetrane langs vestryggen på Risenosa, før vi tek på ski og fellar opp mot toppunktet på dette sjeldan konkave fjellet. Utsynet er upåklageleg og nedkøyringa framifrå. Etter første nedkøyring, må vi rett nok på med fellane for ein ny 100-meters motbakke, før vi kan ta siste skli-etappe ned i Ulvedalen. Men slik er det å vere tindebestigar; ein må like både oppturar og nedturar!

Hjørundfjorden 036

Audun tek seg tid til litt skileik på veg ned frå Risenosa. Smørskredtinden og delar av Staven-massivet i bakgrunnen.

Staven (1517 moh.)

Det går klakk, klakk i jamne, fine bautar nye 500 høgdemeter opp på ryggen av Staven. Men ryggen er oppriven i midtpartiet, og dermed må vi småklyve med skia på sekken før vi kan gå dei siste hundre metrane opp til toppen. Nedkøyringa går i perfekt vårsnø langs ryggen mot Keipen, før vi droppar ned mot ytste delen av Ulvedalen. No ventar nedstigninga av den frykta og berykta Okseråsa, som slett ikkje er noko rås, men bratte, delvis vegeterte berghyller nedover mot Norangdalen. Under depot-utlegginga på morgonen, hadde vi sett oss ut nokre snøtunger som vi meinte kunne renne dei første 200 høgdemetrane nedover. Men alt ser annleis ut ovanfrå, og vi bomma så pass mykje at det var med naud og neppe vi klarte å stogge før eit 400-meters-stup ned i Lygnstøylsvatnet. Etter litt traversering fann vi likevel den kronglete vegen ned i depotet under foten av Smørskredtindane.

 2009-04(Apr) 020

På veg mot Smørskredtinden, men mellom meg og den, ligg Norangdalen djupt der nede i enden av Okseråsa. Høgdemetrane ballar på seg av slikt.

Vi hadde no brukt 8 timar på om lag 2600 høgdemeter med motbakkar og tilsvarande tal meter med nedkøyringar. Ein skal hugse på at det går med ein del tid til tekniske øvingar som å få på og av fellar og ski og til inntak av store mengder treige karbohydratar (brødskiver) som må til for å halde motoren i gang. Elles må ein halde eit jamt, høgt tempo for å nå målet før det mørknar. I depotet unnte vi oss likevel ein 15 minutts rast, noko som var den lengste pausen på heile turen. Ein skal trass alt ha bra gir for å støte på mot nye 2400 høgdemeter når bilen er berre eit par kilometer flatmark unna. Men pågangsmotet var framleis på topp, sjølv om vi tok til å kjenne køyret i lårmuskulaturen i den bratte brekka opp mot Langfonndalen.

Store Smørskredtind (1631 moh.)

Vi fekk spenne på oss skia i om lag 700 meters høgde også her på nordsida av Norangdalen. Det blei skråbauting til vi nådde den bratte snørenna i austsida av tinden. Her hadde det blitt skuggeside og skaresnø. Dermed måtte vi ha skia på sekk og sparke oss opp dei siste 500 høgdemetrane til toppen, der sola atter lyste kraftig mot oss. No venta det som kanskje er den mest spektakulære nedkøyringa på heile Sunnmøre; over 800 høgdemeter beint ned mot Patchell-hytta, via ei bratt renne som held 47% snitthelling i vestveggen av Smørskredtinden. Vi fekk med oss akkurat nok fart utover flata til å nå trappa på hytta. Her fekk vi tanka meir vatn, før vi tok til på siste motbakken.

Hjørundfjorden 085

Meg og min ven Slogen. På veg ned mot det bratte partiet av Smørskredtindrenna.

Slogen (1564 moh.)

Det er framleis fråspark i beina, men etter kvart går det meir på vilje enn på reelle krefter. Snøkvaliteten opp mot Slogen var av det harde slaget i den austvende skuggesida, så også her måtte vi handgå dei siste 300 høgdemetrane mot toppen. Men det var jammen verdt slitet. Å sjå sola halle ned mot fjella i nordvest var fantastisk. Men no var klokka blitt ni om kvelden, og det tok til å haste om vi skulle nå siste ferja frå Lekneset klokka halv elleve. Frå toppen ringte vi og tinga skyss hjå ein gammal kjenning frå Urke, og han ville hente oss ved det nye kraftverket ovanfor Haukåssetra. Dermed barst det ned Slogen og Langseterdalen det remmar og tøylar kunne halde. Vi nådde ferja med eitt minutts margin.

Hjørundfjorden 110

Audun på toppen av Slogen. Jakta i bakgrunnen.


Hjørundfjorden 113

Ein moderne cowboy rir på sine ski inn i solnedgangen i Langseterdalen.

Tekstforfattar og rutesnekrar: Stig J. Helset. Følgjesvein: Audun Stikbakke.