I turboka  "Fotturar på  Sunnmøre" kan vi lese følgjande om turen frå Nes til Nesdalen: "Ruta hit er tung, mest på grunn av bratt og vrien skog.  Det er vanskeleg å finne stien i skogen på veg nedover".  Dette var heilt sikkert korrekt i 2003 då denne boka kom ut, men slik er det ikkje i dag.  Råså opp i Nesdalen er framleis litt bratt, men den er likevel nærast ei lita perle.

IMGP0351 kopi

Eit drops av ei rås i vakkert terreng.

IMGP0279 kopi

Startpunktet for den vakre råsa er her - Nes på Ytre-Trandal.  Det høge fjellet på motesett side av Hjørundfjorden er Sylvkallen.

Det starta som Fred Ingar (Somby) og eg frykta - vegen oppover mot Nesdalen vart raskt vanskeleg å gå.  Vi kryssa steinurer, vi gjekk i delvis tett skog i sidebratt terreng og då ryggsekken min - med ski - vog over 15 kg kom sveitten raskt fram.  Men då vi nærma oss Nesdalen kom vi inn på ei gammal, men fint rydda rås. 

_IGP5128 kopi

Underteikna på veg oppover mot Nesdalen i vakker natur, men i tett skog.  Foto:  Fred Ingar Somby.

IMGP0285 kopi

Fred Ingar på veg oppover, men her har han kome inn på den opne og fine råsa.

Vi gjekk no etter råsa heilt opp til snøkanten, dvs. omtrent der Nesdalen flatar ut på ca. 5-600 meter.  På veg ned att  fann vi sjølvsagt fram til denne råsa igjen etter at skia på nytt var festa på sekkane.  At råsa etter kvart ville forsvinne i skogen var vi nærast sikre på, men råsa vart tvert om betre og betre etter kvart som vi nærma oss Nes.  Ein ting var i alle høve sikkert - vi hadde bomma på råsa då vi starta å gå oppover frå Nes.

IMGP0350 kopi IMGP0349 kopi

Ikkje langt nedanfor der Nesdalen flatar ut, kom vi til å gå over ei ny ur - med rennande vatn under.  Nærast ved eit tilfelle oppdaga eg denne drikkestaden, eller kva heiter det? Det er ikkje lett å sjå, men ser ein godt etter har ein eller fleire grave eit hol ned i ura -  ned til ein har funne vatn og så murt opp ein mur i overkant slik at det heile ikkje skal rase saman.  Dermed kan både folk og dyr finne vatn - noko som sikkert ikkje er lett her i sommarmånadane. Eg testa sjølvsagt vatnet.  Kvalitetsvarer.

IMGP0356 kopi  IMGP0357 kopi

Eit par parti til frå råsa.  Til høgre ser vi også den vakre, blå Skogfiolen

Det er som nemnt heller bratt opp til Nesdalen, også sidebratt.  Likevel var det ikkje vanskeleg å gå fordi i vanskelege parti var det mura opp støttemurar av naturstein.  Stein var også plukka vekk og tek eg ikkje heilt feil var det nokre stadar også nytta ei gravse for å gjere råsa god.

Og som vi trudde - like før vi var nede ved Nes igjen møtte vi på ei vakker hytte med, om mogleg, eit vakrare uteområde.  Eg fotograferte, men vel å ikkje legge ut fotoet på grunn av privatlivets fred.  Ta likevel turen og sjå sjølv.

Ikkje lenge etter at vi hadde kome ned igjen dukka det opp ein svært så hyggeleg mann.  Mannen var hytteeigaren, den einaste fastbuande på Nes på Trandal.  Rolf Tjørvåg var namnet, men han ynskte ikkje å verte fotografert.

IMGP0359 kopi

Her ser vi starten poå vegen frå Nes til Trandal og råsa oppover mot Nesdalen startar også her - til venstre oppe på murkanten.

Rolf stadfesta at det var han som hadde rydda råsa oppover mot Nesdalen, men han hadde gjort det for eit par år sidan.  Sjølvsagt heldt han no råsa i god stand.  Og no var her vel stor trafikk?  Då Fred Ingar spurde om akkurat det, opplyste Rolf at det nok ikkje var slik.  Det kunne vel hende at det dukka opp skiløparar som hadde gått over frå Sykkylven, men det var sjeldan.  Stort sett fekk Rolf ha dette dropset av ei rås for seg sjølv.

Om råsa var merka?  Sjølvsagt ikkje - som tradisjonen tilseier i Ørsta kommune. Men denne turen opp til Nesdalen vil både Fred Ingar og eg anbefale på det sterkaste.  Det skal godt gjerast å finne god trim i vakrare terreng enn nettopp her.  Når sommarrutene til ferja startar 1. juni må det vere ideelt å ta turen utover til Trandal på ettermiddagen og så attende til Sæbø på kvelden. Berre pass på å tilpasse slik at du rekk ein tur innom Christian Gaard før siste ferje går.

Så ein blomsterquiz til slutt.  Kva heiter blomane under?  Begge blomane fann eg i den aktuelle råsa.

IMGP0282 kopi  IMGP0353 kopi

Kva heiter desse to vakre blomane?  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.