Etter snart eit års ski-eksil på New Zealand er Fred Ingar (Somby) attende i fedrelandet. Ei god veke før heimkomsten fekk eg ein e-post frå Fred med ei liste over toppar som skulle ”takast” før snøen sesongen er omme. Store Smørskredtind stod på lista. ”Jaja, det går no vel bra. So lenge me har med oss nok mat og drikke....”.

 

Men mandag 27.04.09 var planen Grøtdalstindane, med nedkøyring ned Grøtdalen. Men då eg troppa opp på Årsethaugen klokka 08.35 var veret mykje betre enn meldt. Planar er til for og endrast, og etter at yr.no hadde bekrefta det vi såg rundt oss, satte vi kursen mot Sæbø og ferja til Lekneset. Vel ombord på ferja spør eg Fred: "Har du med deg mykje mat og drikke..?". At Fred såg ned lova ikkje bra.

 

Store Smørskredtind er det nest høgaste fjellet i Sunnmørsalpane. Berre Kvitegga med sine 1717m ragar høgare. Fjellet kan nåast via fleire ruter: frå Patchellhytta og rett opp skaret mellom ”Tinden” og lisjebror Nordre Smørskredtind, via vestegga (”luftig rute med utsette opptak” skriv Helge Standal i boka ”Fotturar på Sunnmøre”), eller via Langfonndalen som vi velde. Vi køyrde ein traktorveg fram til nokre markar like før Lygnstøylsvatnet og parkerte.

Med skia på sekken fylde vi traktorvegen til endes og fylde ei rås bratt opp i fin lauvskog. Ca. 600 høgdemeter må på denne tida av året (det er dog lite snø i fjellet i år) unnagjerast med skia på sekken. Eit godt tips er å ha med seg joggesko.

2

Fred Ingar nyt utsikta (Foto: Ronny Haugen)

Råsa oppover mot Langfonndalen er bratt, men lett og ryddig. Ville juv og ein rasande foss krydrar oppturen.

3

Slogen konstaterer at Fred har fått på skia (Foto: Ronny Haugen)

Eg konstaterer raskt at mangelen på mat og drikke kjem til å koste. Tome vassflasker vert fylde med snø, kanskje er den tina så vi får litt ekstra vatn på toppen?

Ekspresstog Somby verkar ikkje å vere nevneverdig affisert der han stabbar avgårde eit stykke framom meg.

4

Bulder og brak bak oss gir høve til ein pust i bakken (Foto: Fred Ingar Somby)

Quiz: kva heiter fjellet vi ser?

Ruta frå kanten og mot "Galleriet" (typisk utkikspunkt / nisteplass der renna mot toppen startar) er ikkje tung, men du bevegar deg i utløpsområde for skred delar av tida. Store skavlar heng faretruande over oss.

Knut (Hustad) ringer for å få ein status, og spør om vi har hugsa å ha med Jägermeister. For regelen på "Tinden" er at førstegongsvitjande skal ha ei topp Jägermeister på toppen. Vi må medgi at også på dette området har planlegginga vore slett.

5

Flott utsikt til Skruven er berre eit element på turen (Foto: Fred Ingar Somby)

Det var vel omtrent på dette tidspunktet eg høgtidleg sa til Fred at "om eg når toppen i dag skal eg kle meg naken, for no er eg gåen og svolten!". Fred svarte ikkje så mykje på det, men eg synst han heldt litt ekstra hardt på kameraet eit augeblikk...

 

6

Toppen i sikte (Foto: Ronny Haugen)

Vel framme ved "Galleriet" ventar ei pause i storslagne omgivelsar før toppstøtet. Ettersom vi også hadde gløymt solkrem, merka iallefall eg (Fred kjem jo frå New Zealand og hadde eit visst underlag..) at sola stod bra på.

7

Fred klar for renna opp mot toppen. Solvarma vårsnø gjorde at isøks og stegjern berre var dauvekt i sekken denne gongen (Foto: Ronny Haugen)

 

Renna opp til toppen er relativt bratt (makshelning målt til 42 grader) og skal behandlast med respekt. På veg opp vert utsikta stadig betre, og ein får god tid til å planlegge nedkøyringa. Med høg temperatur og mykje sol registrerte vi at vi måtte passe på solfonnene ned att.

8

Staute steinformasjonar gjer turen opp renna enda meir spektakulær (Foto: Fred Ingar Somby)

Vi nådde toppegga ca. 50 meter før sjølve toppen. Utsikta mot Slogen og Brekketindane er nesten for god til å vere sann. Eg fekk æra av å ta sjarmøretappa til toppen og kunne endeleg strekke armane i veret.

9

Endeleg! (Foto: Fred Ingar Somby)

 

Pausa på toppen vart av dei lengre; sol frå mest skyfri himmel, vindstille og ei fantstisk utsikt gjorde dette til rein nytelse. Fred rapporterte til Knut pr. telefon og eg hugsa løftet mitt frå tidlegare.. "Knut, æ må legge på, Ronny e naken.."

Bileta vart diverre fullstendig mislykka grunna feilinnstillt kamera, sterkt motlys, svineinfluensa og finanskrisa, elles skulle de sjølvsagt fått sett resultatet (host, hark, kremt...).

10

Obligatorisk toppbilete, dog med ekte, breie glis (Foto: sjølvutløysar ala Somby)

11

Fred konstaterer at det er langt ned (Foto: Ronny Haugen)

Etter å ha kosa oss med ei brødskive (vi hadde med mat, berre fryktelig lite..) og nysmelta snø gjorde vi oss klare til høgdepunktet - nedkøyringa. Renna er ikkje avskrekkande bratt (som nevnt, målt til maks 42 grader) og oversiktlig. Utfordringa vart å manøvrere seg mellom solfonnene.

12

Foto: Ronny Haugen

13

Foto: Fred Ingar Somby

14

Foto: Fred Ingar Somby

15

Foto: Fred Ingar Somby

16

Foto: Fred Ingar Somby

16_2

Foto: Fred Ingar Somby

17

Foto: Ronny Haugen

17_2

Foto: Fred Ingar Somby

Vel nede i "Galleriet" att stoppa vi ein liten augneblink før Fred satte avgårde ned mot dalen igjen. Her var føret så perfekt som ein får det på vårsnø. Solfonnene var ivrige og store men skapte ikkje problemer utanom litt venting.

19

Ein siste sving før joggeskoa kjem på att (Foto: Fred Ingar Somby)

Slitne, men strålande nøgde med ein av sesongens beste turar kom vi ned att til bilen og kunne avslutte turen med eit bad i Lygnstøylsvatnet. Dei vart nok litt forskrekka dei to dykkerane som kom opp til overflata og fekk sjå to nakne, solbrende karar vaske av seg svetten i isvatnet..

Svoltne som ulvar tenkte vi å avslutte dagen med middag på Hotell Union, men der var det diverre stengt (lurer på om dei hadde sluppet oss inn uansett, vi var ikkje akkurat festkledde..). Med i tillegg stengt landhandel på Urke vart det mange fantasiar om hamburger og cola på Lekneset.

Vel heime, og med ein god middag i magen var iallefall konklusjonen klar: Store Smørskredtind er eit av favoritt-skifjella våre - berre hugs å ha med nok mat og drikke, elles endar du naken på toppen!