Onsdag er vanleg skuledag for elevar flest, og i desse travle tider på vårparten er tentamen og eksamenførebuingar vanleg på timeplanen. Denne onsdagen(22/4) stod heildagsprøve matematikk på timeplanen,og ei matematisk atmosfære låg rundt Volda Vidaregåande skule denne dagen. Leveringsfristen var sett til 13.15, noko som gjorde at fritida kunne brukast godt på denne elles så flotte dagen. Eg såg at også turkompis Magne Sætre letta på gardinene fleire gonger i løpet av den anstrengade økta på klasserommet, og med det signaliserte han at ein liten fjelltur kunne høve godt etter ein tøff dag på skulebenken.

I meir desperasjon etter å kome seg på fjellet, la vi ned pennen på slaget 13.00, og leverte oppgåvene våra. Rykta om fjelltur hadde tydelegvis spreidd seg, for ute i skulegangen stod ein annan turkamerat av oss, bjørkingen Eivind Goksøyr Holte. Eivind, som også er ein ivrig friluftsmann, var uheldig i eit fall på Bondalseidet i mars og braut eine arma. Sidan det har han måtte nøye seg med å lese artiklar på Hjørundfjordportalen, til han tysdag(21/4!) fekk av gipsen og hadde bestemte seg for å hive seg med på turen.

Etter pakking og ein del surring med bil i Volda sentrum kom vi oss endeleg avgårde frå Volda klokka to, og tok vegen i retning Bondalen. Vi tok så vegen opp den stadig meir trafikkerte Kvistaddalen, og betalte bomavgifta før vi kunne køyre nesten heilt fram til Kvistaddsetra. Ruta vidare var enkel: Vi valde å droppe å gå over brua for så å traske gjennom mykje småskog, og tok heller beina fatt og vada oss over elva lenger framme. Vi følgde ei opning til vi kom innpå den flotte sida oppover mot dalen som fører inn til Trollvatnet.

På vei opp

Turfølget har vorte til tre. Bjørkingen Eivind Goksøyr Holte(sist) er tilbake på skia etter eit fall på Bondalseidet tidlegare i vinter. Den kjende profilen til Langhornet 1229 moh rett forut.

Enkelte av dagens ungdom kan gå føre som eit god eksempel innanfor idrett og friluftsliv. Eivind er ein av dei. Han spelar på juniorlaget til Volda i fotball, og fleire harde treningsøkter står på programmet i veka, deriblant onsdagane. Heildagsprøve i matematikk på skulen, ein tur på Langhornet, deretter rett på ei ein og ein halvtime fotballtrening, er døme på sprek ungdom no til dags. Når ein nett har vorte «friskmelde» etter beinbrot er prestasjonen ikkje mindre.

Synkrom

Magne fører an med Eivind i same takt.

Sjølvsagt hadde pudderjegarane Knut Hustad og Fred Ingar Somby vitja toppen før, på same tid for to år sidan, men då under litt andre forhold. Denne ettermiddagen var føret og veiret på sitt beste med den steikjande sola rett i mot sida med rennene vi skulle gå opp, og bak-sol for den siste sida ned mot setra. Den bratte sida opp mot toppen fann vi, dvs. to av oss enklast å forsere med skia på sekken, oppover ein framsmelta steinrygg. «Stirrpeis» som han er, gjekk Magne vidare for å ta ein siste sving før også han ville ta av seg skia. Ein sving blei til fem, fem blei til ti, ti blei til femten. Prestasjonen var i eiga klassa, men, og heldigvis for oss to andre, så viste han livsteikn og gjekk siste femti meter til topps til fots, han også.

Bruk

Vi nærmar oss rennene som går heilt til toppen av Langhornet(t.v). Magne snakka noko om å ta den heilt til venstre ned igjen, og med ein sterkt provoserande fotograf som pådrivar så er det ikkje umogleg at det faktisk kunne ha skjedd!?

Magne opp  Stirrpeisen

 

Magne likar seg best med ski på beina. Her på veg opp dei bratte rennene mot toppen.

Klokka tikka fort, og ikkje meir enn to og ein halv time seinare stod karane på toppen. På veg opp hadde vi diskutert vegval attende, og med ein mat bit på toppen og elles småprat om laust å fast, byrja den ivrige fotballsparkaren frå Bjørke å kike på klokka. «Slapp av Eivind, god tid. Vi kan vere nede ved bilen om eit kvarters tid om du vil...», sa Magne, om ein kan kalle det betryggjande, i det han drog avslappa av eine fellen frå skia. Den luteøyra fotografen høyrde nøyaktig kva som vart sagt og presiserte at det tok minst ein time og eit kvarter om han skulle få det som han ville med fotograferinga. Vi stappa ned ei morgontrøytt skive, som ikkje hadde sett dagens lys før no, og naut sola som framleis stod høgt på himmelen.

Toppen (2)

Frå toppen av Langhornet mot meir vårlege trakter i Bondalen og Frøland nede bak.

Magne-råtøff

Magne har fått stadig betre sjølvtillit etter turane den siste tida. Antrekket og sjarmen er sjølvsagt ikkje noko å utsette på!?

Toppen

Karane på toppen Langhornet etter ein lang dag. Eivind til venstre, Magne til høgre. Skal tru om dei er like glade over resultatet på heildagsprøvene?

Nedturen stod for tur, og om ein strekk ein lang hals utfor skavlane på nordsida, kan ein vere nede i Kvistaddalen på nokre sekund. Vi valde ei «rolegare» nedfart og hadde kika oss ut ei av dei mange rennene som gjekk direkte frå toppen og ned. Ettermiddagssola hadde teke godt på, så dei første svingane enda med nokre små solfonner. Etter desse hadde det nok vorte ei sann fryd nedover den bratte sida, om ikkje den særs strukturerte fotografen hadde kommandert: «Stopp! Standplassskifte!» for kvar femtiande meter nedover. Likevel, fin kveldssol og mjuk snø gjorde nedkjøringa til ei med godt rykte. Legg ved nokre foto.

Eivind første ned

Eivind G. Holte er tilbake med ski på beina. Ikkje småtteri av ei nedkøyring for ein som gjekk med gips dagen før.

Magne nedover sida

For denne karen kan det verke som han har det vanskelegare for å gå ned kjellartrappa heime enn å køyre bratte renner på ski.

andre akt

Så er dei klar til andre akt. Magne susar avgarde, Eivind følgjer nøye med.

Magne samme so eiv

I «hundreogti» nedover sida...

Eivind ned også, høgkant  Eivind nede i sida

Eivind har ikkje gløymt gamle takter. Fin stil i den blaute snøen.

jhvj

Magne kostar på nedover, medan Eivind er allereie komen ned saman med «spora» hans(t.v)

 Toppflanken

Her er dei ganske så flotte rennene vi gjekk opp og rann ned. Hårnålssvingane til Magne til venstre.

Du trudde kanskje vårshowet var over for denne gang, men sjølv om sola for lengst hadde forlate den nydelege sida nedover mot elva og setra, og etterlate eit skarelag, dette laget dei fleste av oss har dårlege minner om, så måtte vi sjølvsagt renne attende på ski her også. Tre fall, ei bakover køyring og ein nudist(??) var noko av ingrediensane denne nedkøyringa hadde å by på:

Ka dei såg no

Litt usikker på kva dei studerer her. Ettersom fotografen hadde gitt klarsignal, smilet er på lur og blikket er retta mot toppen av Skårasalen, kan vi vel ikkje sjå vekk ifrå at ein vår-yr nudist stryk om kring i fjella?

 Bakover

På ungdomspråket heiter vel dette «skills», men var det meininga å køyre denne vegen?

Nedpå

For med Eivind gjekk det nemleg slik på den vanskelege snøen...

 Oppe igjen

Men det hindrar ikkje han til å fortsette i vanleg fin stil.

Eit dokumentert bevis på at underteikna også var med må ein ha.

HPIM2709

Kvart på sju var vi attende ved bilen. Etter ein strålande tur, i flott ettermiddagssol med fint føre, kan vi absolutt anbefale denne turen til fleire. Personleg tykkjer eg den korte tilkomsten, og variasjonen ved at den eine sida er brattare enn den andre gjer at ein slår to fluger i ein smekk når det gjeld variert nedkjøring. Dette absolutt ein tur som kan stillast på lik linje med fleire av toppane i same området. Ta turen neste gang på den andre sida av dalen, seint på vinteren kan ein vanlegvis finne betre føre også på denne sida av dalen.

PS. Vi rakk fotballtreninga til Eivind med «god» margin, oppvarminga hadde han allereie fått unnagjort...