Vêrmeldingane var varierande gjennom heile påska, det viste det seg at været kom til å bli varierande også. Etter å ha oppdatert seg på yr.no fleire gongar om dagen fann vi ut at det ikkje nytta. Vi måtte berre legge ut på tur uansett.

Første mulige dagen tok vi (Are, Mona, Katharina og meg) ein tur til Jenteskaret i Langseterdalen. For dei som ikkje er lokalkjende så ligg Jenteskaret rett under Slogen og gir ei fin utsikt rett ned i Norangsfjorden. Er det forresten nokon som veit kvar namnet jenteskaret kjem frå? Teoriane er mange og kreative.

 DSC_0258 DSC_0253

Litt overskya denne dagen. Slogen gjøymde seg litt bak ei sky.

DSC_0268 DSC_0279

Utsikta frå Jenteskaret skal ikkje undervurderast. Bildet til venstre er av underteikna. På biletet til høgre har vi frå venstre: Mona Halland, Are Halland og Katharina Svee.

 

På søndagen var målet Patchellhytta og det viste seg å bli ein litt våtare tur enn vi hadde venta.
Starten var ved parkeringsplassen til den nye anleggsvegen bygd i forbindelse med Urke kraftverk. Sjølv om påska byr på lite snø i år var det berre 200 meter å gå før vi kunne sette ski på beina.

PÜske 2009 004 PÜske 2009 002

Slogen ser fristande ut frå Langseterdalen.


Ved Storavatnet byrja det å regne og etter ei stund pøsa det ned. Vi rekna med at det skulle gi seg etter ei stund så vi fortsette. Regnet stoppa ikkje, men auka på. Ved Isavatnet var vi så nært målet at vi ikkje kunne snu. Det vart ein våt og sur tur. 
Søkkvåte tråkka vi inn på Patchelhytta, der var det godt og varmt og full fyr i alle peisar. Det tok ikkje lange tida å få varmen i seg. Det var fire andre i hytta som hadde gått frå Stranda, to av dei hadde vore på Slogen same dag.
Eg er forundra over at ikkje fleire tek turen til Patchelhytta midt i påska.

DSC_0351

Vi åt ein god middag og hadde ei fin utsikt til Slogen i skumringa. Ved dette synet var motivasjonen på topp og dersom veret var nokolunde neste dag skulle vi gjere eit støt mot toppen.

DSC_0353

På søndagen morgon hadde vi denne utsikta mot toppen. Veret var roleg med litt sprekker i skylaget.

 

Sjølv om vi hadde ein relativt tidleg start trengte vi tida, turen over "kamelpukklane" tek lengre tid enn du reknar med. Etter punktet der Urke og Øye råsa møtes vart brattare, herifrå gikk vi både med og utan ski på beina.

PÜske 2009 012 PÜske 2009 017

PÜske 2009 019 PÜske 2009 023
Det blåste litt og motbakkane var til tider tunge. Men vi skulle opp med ski!

 

Endeleg byrja toppen å nærme seg, som du ser av biletet så ser den veldig annaleis ut enn om sommaren, eg vil også påstå at det siste stykket til toppen er lettare å forsere om vinteren.


DSC_0357 DSC_0358

Motivasjonen stig når toppen er innan rekkevidde, at sola skin har heller ingenting å seie på motivasjonen.


Siste stykke gjekk vi i solskin, og sjølv om vi var slitne var det ein god følelse å kjempe seg opp siste biten. 
Dei som har vært på toppen av Slogen veit at det er ein fantastisk følelse å nå toppen, denne følelsen blir berre forsterka vinterstid.
Det blåste ein del på vei mot toppen, men merkeleg nok er det nesten alltid heilt vindstille på toppen.

DSC_0360 DSC_0362

DSC_0364 DSC_0371

Utsikta frå Slogen er nok kjent for mange.

 

DSC_0372 DSC_0376
Slite og fornøgde, her er også bevis på at skia var med heilt til toppen.


Det er fullt mogeleg å kjøre på ski heilt frå toppen. Det er ein merkeleg følelse å ha på seg skia heilt på toppen av Slogen og sette utfor.

Nedkjøyringa frå Slogen ligg stort sett i skyggesida så her var det litt skare. Det gjer at telemarkstilen nedover ikkje såg like bra ut som dei fleste nedkjøyringsbileta her på portalen. 

Lenge såg det ut som vi skulle være dei einaste på toppen denne fine dagen, men på veg nedover trefte vi to svenskar som skulle opp.

DSC_0380 DSC_0379

Endå ei vinkling på slogen. På vei ned igjen stakk sola så vidt gjennom mørke skyer.

Turen nedover Langseterdalen mot Urke er vanlegvis ein fin tur, men våt og tung snø lengre nede gjorde at det vart dårleg gli.

Slogen er eit fint toppturfjell som ikkje er for vanskeleg. Dersom ein overnattar på Patchelhytta er nok dette ein tur som dei fleste kan klare med litt trening og gode feller. Vi hadde ein fin tur, og sjølv om stemninga gjekk litt i bølgedalar på vei opp ga denne turen meirsmak.