Medan nokre elevar var travelt opptekne med tentamen på skulen, nytta andre fredagen til heilt andre meir bedaglege ting. Underteikna, og hans turkompis Magne Sætre, tok laust med bil frå Volda i nitida i dag, retning Liadal. Nok ein topp skulle bestigast, og spent på kva snøforholda kunne by på, tok vi av ved skilt «Halse 1,2 km» og fortsette fram traktorvegen same veg som ein tidlegare artikkel om Hestefjellet 801 moh. Ved snuplassen framme i Liadalsdalen såg vi fort at ein tur på Liahornet eller Grøthornet ikkje vil vere så triveleg, med lite snø og oppstikkande steinar var dei to elles så flotte sidene ned frå fjella gjort om til store "minefelt".

Gutta på tur

Gutta på tur, her frå snuplassen framme i Liadalsdalen. Bilete blei teke på returen.

Derimot på den andre sida av dalen ligg Hyningane. Hyningane er den høgste toppen på den skarpe fjellryggen mellom Skorgedalen og Liadalsdalen, nord for Langeheida. Her plar det å ligg mykje snø, så med forholda det er i dag skulle det halde til tur med ikkje så altfor mykje bæring av ski.

Frå Liadalssetra gjekk turen denne gang oppover sida mot Svenskedalen, på jakt etter snø. I dei mange små-rennene opp mot dalen fann vi ein spire og kunne sette på skina relativt tidleg. Likevel blei det av med skina ettersom snøgrensa låg endå høgare opp enn berekna.

Nysnø, sida mot toppen

Toppen(t.v) av Hyningane 1018 moh ligg dekt av skodde. Ruta følgjer den kvite sida til høgre for ryggen midt i mot, vi heldt oss nær den slik at vi kunne navigere oss fram i skodda.

Nærmar seg bratta

Innover mot den siste sida til toppen.

Ikkje så kaldt men dår

Eg veit ikkje om det er den nye Lars Berger(utan hanskar) vi ser her, men ettersom det knapt var eit vindpust så var det ikkje så kaldt denne dagen, i motsetning til turen på Fossholtinden ei drøy veke før .  
                                                                                                                                                                      Skodda låg lågt i dag, og over natta hadde det lagt seg nokre centimeter nysnø på den gamle skorpa av snø. Sola var ikkje heilt med oss denne dagen heller, og oppover den siste bratte ryggen mot toppen låg ho grauttjukk rundt oss. Ei lita snøbye gjorde heller ikkje vårstemninga inntakt, men på nedturen åpna det seg opp og vi fekk i det minste ei fin nedkøyring.

Topp egga   Snødrev

Heller ikkje denne gangen blei det ein "vellukka" tur sett vermessig. I dag var det derimot lite eller ingen vind på toppen, men snøveret vikarierte for den elles så travle påkjenninga.

 Ved varden

 Magne ved varden på toppen av Hyningane. Det noko smale topp-området baud ikkje på noko problem og liten skavl gjorde at vi kunne sjå blant anna rett ned i Skorgedalen i det skodda letta.

Etter ein liten rast på toppen, gjorde vi oss klare for nedkøyringa, og like etter dei første svingane letta skodda.

New panorama 1

Skodda opna seg og vi ser Ørstafjorden med Raudøya bak. Liadal, eller Håvoll som nokre seier, er bygda ved fjorden.

Bedre sikt gjorde at denne karen fekk fart på skina:

Nice, ned

Hard skorpe med eit par centimeter nysnø opp på gir fint føre. Egga mot Langeheida til høgre.

bruk, ned ned

Slike scenario kan ein ikkje bli lei av enno, det er berre 17. april...

klar for andre akt

Klar for andre akt.

Fjord og fjell

Stemningsfullt bilete med vårstemning ved fjorden og vinter på fjellet.

Ikkje alltid like lett å finne samanhengande snø, men litt mose og lyng er heller ikkje så dårlege alternative underlag...

klar for litt barmarkskøyring   Over stokk og

Her gjekk det bokstavlegtalt "over stokk og stein".

magne sealine

Magne "Sea-line" Sætre er ikkje ferdig for dagen.

Litt sol, ski på ryg

Fort gjort. Attende til bilen laut skina hengja på sekken.

HPIM2673

Artikkelforfattaren gav seg heller ikkje med det fyrste (Foto: Magne Sætre)