Klikk på fotoa og få dei i stor versjon. (Ingressfoto av Knut Hustad er teke av Olav Haugen)

Kjerringa 2 kopi

Her er Olav på dagens mål - Kjerringa. Follestaddalen til venstre, Ørsta i det fjerne til høgre.

Sjølv om Olav (Haugen) og underskrivne har ein alder på tilsaman 110 år og skulle vel vere mogne for søndagstur i nyvaska bil saman med konene våre, rekna vi oss - i alle høve ikkje på 2. påskedag - slett ikkje for gretne.  Nei, vi satsa optimistisk, betalte kr. 40,- i bompengar sjølv om det stod eit stort kryss over bomvegtavla, og starta så friskt  frametter Romedalsvegen med bilen.  Men etter berre ca. 150 meter var det stopp - fonna og elva hadde greve vegen tvers av.

Ok, det var berre å parkere, få sekken på ryggen og skina på skuldra og så ta føtene fatt .  Etter ca. ein km var vi komne fram til Årsætersetra - og eit nytt krater. På ei ca. 10 m strekning var heile vegen fjerna.  Sjølv om  bompengane vi betalte nok var litt vekkasta for oss, vil dei sikkert kome godt med når Romedalsvegen skal reparerast.

Kjerringa - 13.4.09 002

Her har fonn/skred og vatn gjort stor skade på vegen.  Dette kan vel ikkje skje ofte?  Her starta vi å gå oppover på venstre side av elva.  Foto:  Olav Haugen

Optimismen fekk seg ein liten knekk - eit par sekund - då vi kom fram til denne setra.  Ikkje fordi at skaden på vegen hindra oss, men fordi snøen var smelta høgare opp enn rekna med.  Det var altså berre å halde fram, dvs. oppover,  til fots framleis med skina på skuldra.  I skog er det best å bere ski på denne måten - i alle fall for rustne Herrer.

Vi gjekk oppover etter sommarråsa, på venstre side av elva.  Etter ca. ein halv time nådde vi snøen, fekk på oss ski, kryssa etter kvart elva og gjekk så oppover ein morenerygg mellom dei to elvane.  Vi hadde ikkje gått lenge på snø før alt igjen var berre fryd og gaman. Vêret var flott - det brukar å vere det 2. påskedag når påskegjestane må sitje i bilen på veg heim - og det var berre å gå rake vegen opp gjennom dalen som heiter Tverrelvdalen og vidare mot den vakre Kjerringa i det fjerne.

IMGP9903 kopi  IMGP9911 kopi

Når du er i dette området bør Kolåstinden visstnok vere med på dei fleste fotoa.  Vi synda nok litt her, men på foto til venstre ser vi han godt og litt til høgre ser vi Fingeren.  På foto til høgre ser vi Kjerringa bak Olav - litt til venstre.

IMGP9908 kopi

Sjølv om det er lite snø i fjella våre i år, er skavlane mange stadar store. Lengst bak på fotoet over ser vi ein litt spesiell effekt når sola skin på slike skavlar.

Kvar finn vi så denne Kjerringa? Den greiaste måten å nå den på er sikkert slik som vi gjorde - frå Romedalen og opp Tverrelvdalen.  Men vakrast er nok denne litt låge tinden når du ser han/henne frå europavegen mellom Hovdebygda og Ørsta.  Du ser denne spisse, flotte  tinden i enden av dalen litt mot høgre - Langedalen.

IMGP9922 kopi

Kjerringa rett fram.  Vi sette frå oss ski til høgre for skavlen. 

"Vanskeleg skitur/isøkstur" står det i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane".  Heilt sikkert korrekt når det er hardt/is i området, men denne dagen var det uproblematisk å kome seg opp.  Vi var åleine denne dagen, men der hadde i alle fall vore opp ein person frå Ørstasida tidlegare i påska.  Likevel må nok turen opp mot også denne toppen få karakteristikken "Godt, men lite påakta skiterreng". (Kan det ha med skredfaren å gjere?)

Kjerringa - 13.4 Kopi 3 IMGP9931 kopi

Til venstre ser vi at det grønt nede i Follestaddalen og vakker vår-vinter i høgda.  På foto til høgre er det fjellet "Mannen" vi ser i bakgrunnen.  Tre meter høgare enn Kjerringa, men slett ikkje like elegant.

IMGP9943 kopi

Upåklageleg utsikt.  Den som er kjend finn nok både Mosetra og Vallasetra (tek eg feil no?).  Og Majesteten heilt til høgre er Vassdalstinden.

Kjerringa - 13.4 4

Når ein kjem opp i høgda oppdagar ein at Ørsta kommune ikkje er så stor likevel - det er fjella som stengjer. Så eit spørsmål: For lett til quiz å vere, men kva heiter fjellet til venstre?

IMGP9945 kopi

Vrir vi høvudet litt til høgre i høve til fotoet over, ser vi Bjønnaskaret og Årsetdalen på Vartdal.

Om ein skal vurdere om ein tind/fjelltopp har ei god eller mindre god nedkøyring har nok mest med skiføreforholda å gjere på den aktuelle turen.  Plagast du med skorpe eller sterkt sugande føre - eller ein kombinasjon av dette - meiner nok mange av oss at vedkomande topp har ei dårleg nedkøyring. Slik er no vi ein gong.  Og la det også vere sagt - Olav og eg var nok litt skeptiske til nedturen då vi gjekk oppover - snøen synest vere tung. 

Det skulle vise seg å ikkje vere noko grunn til å vere skeptisk. Rett nok var puddersnøen fråverande, men vi fekk eit påskeføre av beste slag.  Føret var til å kose seg forderva av.  Heldigvis hadde eg telemarkutstyret på - på godt føre er det kjekkast!!  Einaste problemet var - slik som det er i fint ver på denne tida av året - at snøen i toppområdet, der det var bratt, ikkje ville ligge i ro.

IMGP9953 kopi

Kven kom først ned - Olav eller snøen? 

Elles må det nemnast at terrenget i området går i bølgjer og dalar, med andre ord kuppert, igjen - terreng til å kose seg i.

IMGP9954 kopi IMGP9958 kopi

Ok - køyr i veg, Olav.

 IMGP9961 kopi

Brattare parti, flatare parti, det er berre å velge.  Det er Olav vi ser.

Turen ned gjekk så fint at vi nærast måtte ta ein skikkeleg "High-five".  I tillegg greidde vi å trokle oss eit godt stykke ned gjennom skogen også - med skina på føtene.  Ski og skogs-/myrterreng med litt snø innimellom er sterkt undervurdert.

IMGP9980 kopi

Olav står på nedover berg- og dalbana.

Skal vi driste oss til eit lite framlegg til slutt? Ok  - i neste utgåve av skiboka må det i alle høve vurderast om det ikkje skal stå "ein liten diamant av ei nedkøyring".

Og heilt til slutt legg vi på nokre ekstra foto:

IMGP9912 kopi IMGP9924 kopi

Flott skiterreng mellom kjende fjell.  Vi ser både Mannen, Kolåstinden og Fingeren.

IMGP9929 kopi IMGP9933 kopi

Kuppert og fint skiterreng.

Kjerringa - 13.4 2 Kjerringa - 13.4 27

Underskrivne på toppen - og på veg ned att. Foto:  Olav Haugen

IMGP9963 kopi IMGP9964 kopi

Skiløpar med god plass og motlys.  Romedalstinden er tilskodar.

IMGP9985 kopi IMGP9988 kopi

... Og Kjerringa passar på.

Kjerringa - 13.4 kopi 2

Og desse spora skal med i skisporsamlinga mi.  Foto:  Olav Haugen