Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.

Etter 25 minutt var allereie Fred Ingar (Somby) fem minutt framom meg.  Han venta så, men gjekk straks vidare i det eg nådde han att.  Eg hadde fått første hintet; tempoet mitt måtte aukast vesentleg om vi skulle nå toppen etter tidsskjemaet hans.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg følte meg som ein varaordførar der eg gjekk oppover den mest tradisjonelle vegen - opp Inste Årsnesdalen.  Eg kjempa og sleit og rett nok gjekk det fram- og oppover, men tydelegvis alt for seint.  Ville eg i det heile nokon gong nå målet - toppen?  "Klatring på egga, grad 2/3", stod det i "skibibelen" - "Skiturar i Sunnmørsalpane" - av Helga Standal.  Rett nok har eg DNT sitt brekurs, men eg er ingen klatrar.  Og dessutan; "ordføraren", Fred Ingar, og eg hadde knapt same målet ein gong. Han ville først og fremst køyre ned "Giganten-renna" - renna på motsett side av Mohnsrenna. Eg ville på Mohns Topp.  Nei, eg skjøna kvifor så få varaordførarar vert ordførarar. 

_IGP2176b

Eg, "varaordføraren", kjempa og sleit, men vart likevel hengande etter.  Vi ser skia så vidt over kanten.

"Litt dau i dag"?  "Jeg hadde tenkt at vi skulle ta det med ro på toppen, jeg".  Hinta om for lågt tempo kom tettare og tettare frå Fred Ingar. Men det var lite å gjere, det drepande opningstempoet hans hadde tatt knekken på meg.  Han skjøna det nok etter kvart sjølv også for rett før vi nådde den kjende fjellformasjonen Bladet, mildna han. Eg kunne passere.  "Jeg må fotografere", var beskjeden.

IMGP4963 kopi_IGP2193b

T.v.: Gammalt, brunt gras, opne elvar, men Fred Ingar har funne snø - og aukar tempoet ytterlegare.  T.h.:  Rett før Bladet mildnar Fred Ingar og lar meg gå forbi - nokre meter.

Eg, som varaordføraren, hadde nådd nesten til topps, men ville eg nå heilt opp, opp på "min" topp, Mohns Topp?  Blikket mitt gjekk i retning denne vidgjetne toppen.  Eg var framleis usikker, gjekk heilt inntil Bladet og tok på han/det.  Så hadde eg no nådd hit.

IMGP4973 kopi

Mohns Topp ligg utanfor billedkanten, mot venstre.  Det som eg kallar "Giganten-renna" ligg rett i mot.  På motsett side av denne går Mohnsrenna ned i Molladalen. Vi ser her at Fred Ingar allreie er på veg mot toppen, eller skal han rett ned "Giganten-renna"?

I boka "Fotturar på Sunnmøre" skriv Helge Standal: "Når du først er i desse traktene bør du unne deg stega opp til det flotte utsiktspunktet på Mohns Topp".  Sjølvsagt tok både Fred Ingar og eg desse stega, og stega vart tatt utan dramatikk.

_IGP2202bIMGP4975 kopi

T.v.:  Så langt med ski.  Bladet ned til venstre.  T.h.:  Fred Ingar nærmar seg toppen, berre litt igjen.

Knut 1

Fred Ingar fotograferer motsett veg.  Randers Topp i bakgrunnen.

IMGP4980 kopi

Så er Fred Ingar på toppen, Mohns Topp.  Hjørundfjorden ned til venstre.

_IGP2221b

"Varaordføraren" til venstre.  "Ordføraren" i Team-Somby til høgre.

Om nokon skulle tvile, utsikta frå dette området, og denne toppen er kort og godt fantastisk.  Kanskje er det feil å framheve berre utsikta, det er heilskapen.  Høge, rå fjell, vakre pinaklar og flotte gjel, det som no vert kalla renner.  Eg tek med eit par foto frå tilbaketuren på den ca. 100 m lange egga.

IMGP4996 kopi_IGP2225b

T.v.:  Fred Ingar på veg ned mot punktet som vert rekna som mest luftig på egga.  På foto til høgre er underskrivne på dette punktet.  Fjellet er tørt og fint.

Allereie på dette tidspunktet var nok Fred Ingar sitt tidsskjema sprengt, difor vart det tid til ei matykt der ein ramn like ved stod for taffelmusikken. Dette var sikkert ein av dei varmaste dagane til no i år og knapt ein vindpust og eg hadde nådd mitt toppunkt.  Fred Ingar var klar for sitt.  Ruta vi tok ned er teikna inn på fotoet under (som er tatt frå Råna).  Klikk på fotoet og få det i stor versjon.

Giganten-renna tre

Ruta ned, frå der vi tok på oss skia, er teikna inn med raud strek.  Klikk på fotoet for stor versjon.

No var håpet sjølvsagt at snøen, også det øvste laget, skulle ligge i ro når vi rann ned p.g.a. vakrare foto då, men det øvste "slush"-laget tok sjølvsagt laust nærast berre vi såg på det.  Dette var heilt udramatisk - og skiføret etterpå vart langt betre.

Turen ned, og delvis opp og ned, var nærast makelaus, kanskje først og fremst p.g.a. omgjevnadane.  Giganten er tøffare enn på alle foto og ikkje for å skryte - det er ikkje lenger berre Bladet eg har klappa på.  Og før vi går over til køyrefotoa, nemner eg at nedst i "Giganten-renna" møtte vi kvist - eit punkt som var vanskeleg/lite tilrådeleg  å passere utan tau og sikringsutstyr.  Vi kryssa difor eit par smårenner og i den tredje rann vi heilt ned.

_IGP2231b

Hjelmen på og så er vi i gang.  Vi skal ned til høgre.

IMGP4998 kopiIMGP5000 (Large)

Så er Fred Ingar i gang.

IMGP5003b

Her passerer Fred Ingar fotografen på venstre side og held fram ned mot Giganten. (Han stikk opp over ryggsekken til Fred Ingar)

Fred_Ingarb

Giganten passar på

IMGP5013 (Large)IMGP5021 (Large)

Dette må bli dagens quiz: (Eit omtrentleg svar er ok) Kor høg er Giganten i høve til Bladet?

Så litt dårleg skiføre før vi kan renne ned den siste renna.

Fred Ingar 8 (Large)_IGP2259b

Ikkje heilt godt skiføre på desse fotoa.  Men så...

Fred_Ingar_fireb

Litt bratt, over 40 grader, trur eg.  Fred Ingar kosar seg likevel.

_IGP2267b_IGP2236b

Det kan vere godt å få styre litt med handa...

_IGP2298b

Og så er eg snart nede i Ystenesdalen

IMGP5031 kopi

Fred Ingar 9 (Large)

Fred Ingar har litt igjen før dalen...

IMGP5038 (Large)_IGP2308b

Og så var det berre å ride inn i solnedgangen.  Takk for oss.

Desse skiartiklane er, som tidlegare nemnt, slett ikkje meint som gode ruteguidar.  Få inspirasjon av å lese hjorundfjord.no sine artiklar og bruk dei gode vinter- og sommarbøkene til Iriss forlag

Når det gjeld denne spesielle turen kan det vere på sin plass å sitere det Helge Standal skriv om "Giganten-renna": "Nedover til Giganten er det ikkje normalt skiterreng.  Hugs å stoppe i tide"

Og heilt til slutt:  Foto frå den idylliske sledevegen mellom Ystenesdalen og Inste Årsnesdalen.

IMGP5040 (Large)